Velg en side

Frå strandliv til skiaktivitet

Det er i grunnen ganske fasinerande å vere i Spania. For eit land med mange kontraster!

Vi har gått frå sol på terrassen, der eg kosa meg i bikini, til fantastiske skiforhold i Pyreneene. Framleis kult å seie at vi tok slalomskia med frå Noreg til Alicante. No har dei stått klar i sommarhuset for så å vere med opp i høgda. Baqueira er staden. Hit plar den spanske kongefamilien kome for å nyte fjellet og snøen, samt Knutsen og eg frå Sevland.

For å kome hit, så er det berre til å setje seg i bilen og køyre oppover ein ca seks, sju timar. Litt fakta etter vegen skal du få, vi følgjer elva Ebro eit stykke oppover.Ho er 910 km lang og ei av dei største elvene i landet.

Pyreneene er ei fjellkjede på grensa mellom Frankrike og Spania, og her ligg óg Andorra. Samla lengde er ca. 400 km.

Det høgaste fjellet er Aneto, som ligg 3404 meter over havet.

Baqueira ligg på 1500 meters høgde. Landsbyen er ein av fleire i området.

For å stå på ski tar vi gondol høgare opp, til 1800 m over havet. Her openbere det seg eit skiparadis som passer for alle. Det er 35 ulike heiser og velje mellom, og mengder med lange flotte bakkar.

Eg kan diverre ikkje skryte på meg at eg er ein fullverdig slalomkøyrar. Eg er ikkje glad i fart, så eg er nok best til å svinge mykje og flott? nedover. Aller helst med nasen mot sola. For vêret er supert denne veka. Strålande sol, ca null grader.

Knutsen testar styrken sin i lår og legger, og tar seg ut i brattare løyper enn kona. Alltid må han teste ein svart trase😂.

Då er det fint å møtes til lunsj i finveret. Det er berre nydeleg å få vere ute. Om ein tykkjer det blir litt traust, å sitje i kafeen og ete, kan ein renne ned nokre andre flotte bakker og starter afterski, med skiskoa på.

På sjampanjebaren er det fin stemning og god drikke, og tykkjer du det er på sin plass og ete østers, kjør på.

La no det vere sagt, alle her står ikkje på ski. Det er fint å gå på tur, det ser vi mange som gjer.  Dei berre nyt vêret og stemninga.

Etter nokre timar oppe i dette skiparadiset kjenner ein det godt i føtene. Krampa set seg i lår og legger, og det er berre til å svinge seg ned til landsbyen og forsetje med afterski til sola går ned.

Det er fine restauranter og barar ein kan vitje.

Eg trur eg får høgdesjuke?

Når kvelden kjem blir eg usansynleg trøytt og sleten. Normalt har eg lakenskrekk, men her i høgda, og med skiaktiviteten i løpet av dagen, klarer eg ikkje å halda meg vaken særs lenge. Eg søv nesten før hovudet landar på puta lenge før midnatt. Knutsen er nøgd med akkurat det, endeleg har han funne løysinga på korleis han skal få kona kjapt til sengs:)

Vielha

Etter eit par dagar på ski, kjennest kroppen tung og støl. Sikkert på grunn av høgda eller det faktumet at det er eit år sidan vi hadde slalomskia på beina. Då tar vi ein pause frå skia. Vi køyrer rundt i området, og vitjar byen Viehla, en koseleg fjellby. Han er hovedstaden i dalen val de´ Aran og ligg 974 moh. Her rusler vi rundt, og har oss ein koseleg lunsj i sola.

Det er jammen meg 14.02 og «Valentinesday». Vi har vel ikkje akkurat hatt tradisjon for å feire det. Knutsen seier at det er ikkje noko han plar leggje vekt på, han meiner det er godt nok med feiring av jul og nyttår.😂 Skjebna i dag er at hotellet vi bur på meiner noko anna. Då får eg min fyrste «valentinesdinner» ever.

På senga ligg det ei rose som set stemninga på kva som skal skje.

Ikkje berre skal eg ha eit godt måltid med kjærasten min, men det skal óg vere ein konsert med flottt operamusikk, flaks?

«Think of me, think of me fondly..»

Det var ein flott og romantisk kveld, og ei fin avslutning på veka i Pyreneene. Det freistar til gjentaking, så skia våre blir nok verande i garasjen i Casa Knutsen.

Ein annan ting må eg berre fortelje her på tampen.

Har de bilstrikk?

Det får ein nemleg god tid nå ein køyrer på tur, i all fall eg som er gift med ein som elskar å køyre sjølv. Eg har no fått strikka med ei kosebukse;)

Kan eg kalle meg ein influencer? Det er jo ein ganske så hipp yrkestittel for tida. Eg óg vil;)

Buksa er mjuk og deilig. Oppskrift og garn får ein på Haugalandet sin beste garnbutikk, Perlestrikk.

No skal vi nyte nokre dager i Moraira, med vårkjensla i kroppen, og nyte formen etter eit supert høgdeopphald.

Share This