Velg en side

 

I løpet av sommaren 2018 har vi hatt mange jern i elden.

Vi hadde ein særskilt travel juni med mykje jobbing og anna styr. Travelt og trist var det å pakke ned ein heil butikk,men slik er livet nokre gonger. No får eg konsentrere meg om Perlestrikk på Åkra.

Sjølv om vi styrte på så hadde vi mange fine opplevingar.

 

 

Eit høgdepunkt er bobilturen vi hadde. Det er fyrste gong eg har prøva det, bobiltur, og gjett om vi kosa oss. Turen gjekk til Kyrping fyrst, her hadde vi ikkje vore sidan foreldra våre drog oss med på telttur for mange, mange, mange år sidan.

 

 

Eg kjende meg ikkje att i det heile tatt, men vêret og stemninga var på topp. Det er ein flott campingplass, og vi parkerte rett ved stranda. Her vitja nokre svaner oss.

 

 

Så skulle Knutsen få eit av høgdepunkta sine for sommaren, vi køyrde til Skånevik for å gå på konsert med Jeff Beck. Skånevik, bluesbygda, skuffa ikkje. Vi hadde flott vêr, traff hyggelege menneske, fekk fin sommar-stemning og ein knallbra konsert.

I tillegg opplevde vi Queenkiller, eit band som spelar Queenlåtar. Det skal vel seiast at det nok var mest morosamt for meg. Han likna mykje på Freddie Mercury, og på keyboard såg det ut som Elton John hadde heve seg med.

Verkeleg ei super helg.

 

Så litt meir jobbing og styr, det gjaldt  å få ting unna før neste oppleving.

 

 

13/07 tok vi Telemarksvegen 41 til Fevik . Vi skulle i bryllaup på Fevik strandhotell .

Grunnen til at vi tok den vegen er vel mest fordi Knutsen tykkjer vegen til Sørlandet er ganske treg, og det er alltid moro med nye vegar.

 

 

Det er faktisk staden der Roald Dahl og familien hans hadde mange av sine sommarferiar om de lurte på det. Han er forfattaren bak alle dei gode historiane som til dømes Mathilda og Sjokoladefabrikken. Så mange gonger var han her at baren har hans namn, og ein finn mange bilete og historiar frå då han vitja staden.

 

 

Fevik er ein koseleg stad, og vi hadde ein rusletur i dei flotte omgivnadane. Då dukka Bagatell Camping opp , ei perle av ein campingplass.  Knutsen erindra at han og gode vener hadde kosa seg her for lenge sidan. Ja, faktisk var dei her for over tretti år sidan. Knutsen hugsa til og med staden der dei sette teltet sitt.

 

 

Yoga i sjøkanten

 

 

Ei som nyt utsikta

 

 

Kristiansand

 

Vêret på Sørlandet synte seg frå si beste side, brudeparet sa ja og festen var flott på alle måtar. Kjekt å få treffe mange av slektningane mine.

 

 

Lukkeleg gift og klar for fest:)

 

 

 

Vipps, så gjekk turen over fjorden til Danmark, og endeleg med fint vér 🙂 Eg veit faktisk ikkje om vi har hatt det før ,endå vi har vore i Danmark mange gonger.

 

 

Turen gjekk til Skagen for der hadde eg aldri vore.

 

 

 

Til Skagen for å fange lyset?  

 

 

Skagen skuffa ikkje. Kjempefin stad, og for å få med oss mest mogleg, på kortast mogleg tid, gjorde vi som dei lokale. Vi satte oss på sykkelen. Endeleg ein stad utan bakker, berre lang sykkelveg rett fram. Vi fekk alle høgdepunkta. Berre sjå her:

 

Vippetårnet

 

 

Knutsen gjekk opp i det grå fyret, for å ta eit flott oversiktsbilete.

 

På ytterste grensa mellom Skagerak og Kattegat .

Her verka det mest som ei pilgrimsreise vi var med på. Åleine langs stranda var vi slett ikkje;)

 

Grava til den kjende diktaren frå Danmark.

 

Gl Skagen

 

Så sykla vi vidare, lenge om langt i varmen, og kom til eit område som heiter Gl Skagen. Då kunne eg nesten stemt i delar av fkh -songen: «..der kor alle sossane bur».

Litt surrealistisk oppleving faktisk, men eit veldig flott område, med fleire koselege restauranter og kroer. Her hadde nesten alle både  ein Range Rover og ein cab ståande utanfor sommarhusa sine.

 

 

Dette er óg staden ein bør vere om ein vil sjå den flottaste solnedgongen.

Vi tok oss ikkje tid til det og sykkelturen gjekk vidare til  kyrkja som til dels er nedgravd i sand. Det er merkeleg kor ulik stader kan vere i forhold til kva ein tenkte eller førestelte seg på førehand. 

 

 

Då byrja det å bli kveld og rumpa kjendest litt øm. Det var på tide å kose seg med god mat og drikke, men fyrst ei runde rundt i sentrum av Skagen.

 

Flott kyrkje

 

Kaia

 

Pause!!

 

Kjempegod mat på hotellet vi budde. Eg kan faktisk ikkje hugse at eg nokon gong har smaka ein betre stekt torsk.

 

Huset til den kjende diktaren frå Danmark, sjekk lyset.

 

Det var det eg hadde snakka mykje på førehand, å fange lyset i Skagen. Slik dei flinke Skagenmålarane gjorde i si tid. Jammen klarte eg det óg på den korte turen,tykkjer no eg. Eg er nøgd med meg sjølv kan ein vel seie. Einaste feilen er at lyset er fanga med kamera og ikkje måla på lerretet.

 

 

 

 

 

Så strake vegen til Sevland att. Biltur nedover Europa vart avlyst. Vi fann ut at det var mykje enklare å fly til Spania og Casa Knutsen.

 

Her har vi spela litt golf, fått masse sol, litt strandliv, mykje symjing, god mat og drikke, mykje avslapping og vi har sett månen og mars.

 

 

 Og sjølv om Knutsen til tider meine vi har blitt heilt gørrlate og til dels apatiske, så vil eg heller seie at vi har lada opp til hausten.

 

 

For det er mange kjekke opplevingar som ventar oss framøve:)

 

 

Share This