Velg en side

Vi kjem til Bilbao om morgonen. Det skal vere ein guida tur gjennom gamlebyen på føremiddagen og etterpå skal bussen køyre oss til Guggenheimmuseét.

 

 

Bilbao er den styrste og viktigaste byen i Baskerland. Lenge var han berre kjend som industiby, men dette har endra seg.

 

 

Byen ligg i naturskjønne omgiviningar, og har mange flotte ting å sjå.

 

 

Grunnleggjaren av byen, Don Diego López de Haro.

 

 

Bilbao er ein lang og smal by som ligg inneklemt mellom to små fjellkjeder på begge sider av elva Nervion. Det er ikkje noko opplagt geografisk sentrum i byen, men gamle byen Casco Viejo er uansett eit historisk sentrum.

 

Heis

 

Vi står klare for å følgje guiden gjennom denne bydelen. Problemet er berre det at det går på engelsk og tysk, engelsk og tysk, så ting tar tid. I tillegg så vil nokre stile spørsmål heile tida. Det endar med at til og med eg raknar, og eg som er glad i guida-turar. Etter å ha vore flink i ei heil veke og fått med meg alt må eg gi tapt.  Det går så seint at eg held på å sovne, så Knutsen og eg ruslar i staden videre åleine for å oppleve gamlebyen.

 

 

Open stad med mange små, koselege kaféar.

 

 

 

Gamlebyen er sjarmerande ,med trange gater med små butikkar, barar og restauranter. Her finn vi óg fleire kyrkjer og andre historiske bygningar.

 

 

 

 

Street – art

 

 

 

 

Teateret Arriaga

 

 

Moderne kunst?

 

 

På veg gjenom byen ser vi at han har vokse seg oppover fjellsida. Sjølvsagt har dei rulletrapper oppover. Då blir det rulletrapper opp og trapper ned. I sidegater er det fint å finne streetart óg.

 

 

Utsikt over byen

 

 

 

 

 

 

Etter eit par timar møter vi gjengen att, og ettersom dei fortel så har vi klart å få med oss det meste av det ein burde sjå i her.

 

 

Så køyrer bussen mot Guggenheimmuseét. Vi følgjer elva og passerar den kvite brua. Ho heiter Zubuzuri, og er eit kunstverk i seg sjølv. Brua ser ut som ein seilbåt.

 

 

Guggenheim

 

 

 

Guggenheimmuseet vart bygga i 1997, og er utvilsomt den mest kjende attraksjonen i byen. Her finn vi utstillingar med moderne kunst og samtidskunst. Dessutan har dei ei stor utstilling med bilete av Chagall. Bygningen i seg sjølv er ganske så flott. Han er laga av ein arkitekt som heiter Frank Gehrt.

 

 

 Eit av fleire høgdepunkt er skulpturen Puppy. Det er ein diger hund som er dekka av blomar som ein byt ut i takt med årstidene. 

 

 

Edderkoppen Maman er óg ei kul statue.

 

 

Personleg tykkjer eg at Jeff Koons kunst er flott.

 

 

Her er det berre til å rusle rundt å få med seg det museet, og staden rundt, har å tilby.

 

 

 

Etterpå køyrer vi opp til ein liten stad med eit frodig og flott landskap oppe i fjella. Her skal vi få tradisjonell mat frå området.

 

 

 

 

Beste desserten denne veka:)

 

 

 

 

Om kvelden stoppar toget på ein liten stasjon utanfor Bilbao. Det er siste kvelden, og vi skal få vere med på eit avskjedsselskap som dei ansatte lagar til gjestene.

 

 

Vi vinn inga kåring, men vi kan vel med hånda på hjarta seie at vi frå Noreg vann festen.

 

Takk for ein super tur:)

 

Share This