Velg en side

I dag går turen fyrst til Avilés.

Vi køyrer gjennom eit landskap der vi ser det er mykje industri. Røyken stig opp mot himmelen. Her hadde tidlegare hatt mykje gruvedrift.

 

 

Avilés er ein industriby i utgangspunktet, men dei jobbar no mykje med turisme. Dei har ei stor hamn, så i dei seinare åra har det byrja å kome cruiseskip til byen.

 

 

Det fyrste vi vitjar er «The Cultural Center Oscar Niemeyer». Det har ei spesiell historie. Oscar Niemeyer var ein verdskjend arkitekt frå Brasil. Han vann ein pris i Spania i 1989, og ville difor vise si glea med å donere eit prosjekt attende.

 

 

Kvifor han valde Avilés veit ein vel ikkje, men på ei slette utanfor byen vart det bygd. Det er eit stor senter og inneheld ein konsertsal, dome for utstillingar, restauranttårn og eit senter med kafé, informasjonskiosk og filmsenter blant anna. Samtidig er det ein stor åpen plass kor ein kan opne opp konsertsalen og ha mange tusen på konsert. Dei starta dette  prosjektet i 2008. 

Det var stor interesse for prosjektet, og amerikanske filmstjerner som Kevin Spacy, Brad Pitt og Woody Allan var med å donera pengar. På opningsdagen i mars 2011 hadde Woody Allan, som spelar klarinett, ein jazzkonsert for meir enn 10 000 på plassen. Det kan eg godt sjå føre meg var ei spesiell oppleving.

No når vi er her verkar senteret nokså tomt, og det er det óg. Senteret står der nesten berre som eit symbol. Det vart aldri den suksessen det burde bli. Undervegs i prosessen forsvann mange av pengene til korrupte politikarar, og det var ikkje nok pengar til å halde det i drift. Ein får håpe og tru at det ordnar seg.

 

 

Inne i Avilés får vi ein runde i gamle byen, og mange historiar undervegs. Denne selen fekk si eiga statue etter at ho fekk lunsj av nokre fiskarar kvar dag over lang tid.

 

 

Mat frå området. Slik at ein kan lage fabada:)

 

 

 

 

 

Ein sti for menneska og ein sti for dyra.

 

Vi lære om dei spanske indianarane. Vi har sett manga av husa deira etter vegen no. Eg stussa litt på det, indianarane? Forklaringa er at på 1800 talet reiste ein del unge og håpefulle spanjolar til USA. Dei gjorde seg rike på slavehandel og anna lyssky aktivitet, og så kom dei attende til Spania. Då ville dei syne seg fram, syne kor rike og vellykka dei hadde blitt, og det var vanleg å byggje eit stor flott hus ved sida av det gamle. Dei var blitt ganske så høge på pæra då dei kom heim att.

 

Før

 

Etter

 

Så går turen til neste by,Gijón, kor vi skal ha lunsj. Gijón ligg heilt nede ved sjøen og han har ei flott strand. Vi hadde  faktisk litt fritid! 

 

 

Knutsen og eg rusla rundt i byen. » Singing and dancing in the rain».  

 

 

 

 

Vi hadde lunsj på ein koseleg restaurant. Super mat, mini kamskjell.

 

 

 

 

Så tok toget oss vidare til neste by, Ovido, regionen sin hovudstad.

 

 

 

 

Byen skal ha blitt til allereie på 700 talet av nokre munkar, så her er det mykje historie.

 

 

Eg hang meg mest opp i historia til forfattaren Leopoldo Alas y Ureña, alias Clarin. Boka heiter La Regenta. Det handlar om ei ung dame som er gift med ein mykje eldre mann. Ho kjenner seg litt åleina og lar seg forføra av byen sin casanova. Å ikkje nok med det. For å gjere historia ennå meir komplisert så blir presten, som ho har samtaler med, óg forelska i ho. Dermed er forviklingane i gong.

 

 

 

 

 

Mange fleire fine statuer rundt i byen

 

 

 

Nok ein flott dag, og eg gler meg til neste tur. Då skal vi opp på fjellet:)

 

 

 

 

Share This