Opp og hopp:)
Bussen står klar for å ta oss med til neste høgdepunkt. Målet er » La Playa de las Catedrales «. Katedralstranda er ei av dei mest spektakulære strendene i Spania. Ho ligg i Lugo- provinsen i regionen Galicia, ikkje langt frå grensa til Asturia. Attraksjonen her er klippeformasjonane som har gitt stranda namn. Her er klipper som er opp mot 32 meter høge. Vér og vind har forma grotter, buar og hvelvingar som minner oss om arkitekturen i ein katedral.
På vegen dit stoppar vi fyrst opp ved eit fort som verna byen Ribadeo.
Langs vegen ser vi mange flotte hus og stader. Eg heng meg opp i nokre småhus som dei fleste har i hagane sine. Dei minner oss om norske stabbur, og det er det det er. Dei heiter hórreo om dei lagra frukt eller panera om dei lagra korn. Dei er bygga i tre eller stein. Sidan det er særs vanskeleg å knipse bilete medan ein sit i ein buss, måtte eg berre syne det frå ein magnet eg kjøpte:)
Framme ved katedralstranda få vi god tid til å rusle rundt. Stranda er vel 1300 meter lang, oh ho ligg ved nokre store skrenter. Det beste er å oppleve ho ved lågvatn, for når det er høgvatn kan vi ikkje gå ned på sjølve stranda.
Sanden er fin og kvit. Vi ventar i spenning på at vatnet skal trekkje seg attende. Eg hiv av meg skoa og vassar rundt her på den spesielle stranda. Sjølv om ho ligg mot Biscayabukta er ikkje vatn så kaldt. Det er spanande å sjekke ut nokre av grottene.
Så køyrer vi inn til byen Ribadeo. Det er ein koseleg by med små gater, flotte hus og koseleg stemning.
Fint dørhåndtak:)
Han her møtte vi i parken
Det var i grunnen ganske fint at dei denne sundagen hadde konfirmasjon. Det blei avslutta med eit staseleg opptog gjennom byen.
Når ein er på rusletur med Knutsen kjem ein ikkje unna nokre bakgater:) Eg finn alltid kule motiv å ta bilete av då óg.
Street art
Av og til er det fint å vere forveten. Eg ser eit skilt på ein fasade. Lite ante vi at det var norske firma som hadde kontor her.
Etter ei flott lunsj så er det på tide å kome seg på toget att. Det skal køyre oss til neste provins, Asturia og byen Luarca.
Luarca blir ofte kalla den kvite landsbyen på den grøne kysten. Det er fordi den kvite fargen som dominere når du ser han på avstand. Det er ein fiskeby som er delt mellom elva Rio Negro. Dette skal vere ein livlig by.
Vi går oppover mot eit av dei mest fotograferte stadene i byen, kyrkjegarden. Han ligg fint til oppe på ei høgde med flott utsikt over det kantabriske havet.
Det skal liggje ein nobelprisvinnar her i ei av gravene, Mr. Severo Ochoa de Albornoz.. Han fekk han innan medisin i 1959.
Utruleg flott her oppe, blått hav så langt ein kan sjå.
Etter dette treng vi ein betre middag og litt hyggje. Det får vi på toget, medan det tøffar avgarde til ein ny stad:)
Thanks for sharing excellent informations. Your website is very cool. I’m impressed by the details that you have on this blog. It reveals how nicely you understand this subject. Bookmarked this web page, will come back for more articles. You, my friend, ROCK! I found simply the info I already searched everywhere and just could not come across. What a great web-site.
tadalafil 10mg us cialis without prescription buy ed pills online usa
So be it
продажа бетона