Knutsen og eg har vore på togtur, nord i Spania med toget «El Transcantabrico Gran Lujo». Det blir rekna for å vere ein av dei flotteste togturane i Europa, og gjett om eg hadde glea meg. Dette var 50 års-gåva frå Knutsen. Her må det nok bli ei lita skrytehistorie, for det var ei fantastisk gåve å få. Det er fleire år sidan eg las om denne togturen, og han har stått på lista mi over ting eg gjerne vil gjere. No kan eg skrive √ på det.
Vi starta reisa i Santiago de Compostela. Eg kjem attende til sjølve reisa, men fyrst må eg fortelje litt meir om dette flotte toget. Vi gjekk ombord i byen Ferrol. Her vart vi tatt i mot av personane som skulle syte for at vi fekk eit fint opphald ombord.
Det er eit gammalt tog, opprinneleg frå 1927, som i 1983 byrja som eit turisttog. Seinare, i 2011 gjorde dei enno fleire forbetringar slik at det no er eit rullande luksushotell. Det har berre 16 kupeer, og det er plass til 28 passasjerar. Vi budde i president-suita.
Her hadde vi det flott. Det er fine rom med relativt god plass til ein togkupe og vere, det var til og med steamdusj på badet:)
Ellers hadde toget kjøken,restaurantvogn, bibliotek, bar og underhaldningsvogn.
Restauranten
Gangane var litt smale, men òg fine til å sjekke landskapet utanfor medan toget snirkla seg bortover på ei gammel togskinne.
Snakk om å få ei kjensle av å ha kome inn i ein av Agatha Cristie sine romanar. Eg håpa berre inderleg at det ikkje ville skje eit mord i løpet av veka.
Dette er ein togtur med mange opplevingar, og det er slett ingen kviletur. Kvar morgen klokka åtte blir vi vekka av ein person som går gjennom toget med ei bjelle, og så er det frukost. Det gjeld å vere klar i halv ti tida for då står bussen klar for å køyre oss til nye byar og andre stader som er flotte å vitje. For meg, som er særs glad i å høyre historiar frå stadene vi vitjar, er det som ein draum. Her har vi lokale guider med oss på alle stadane. Det er utruleg mykje å lære om Spania, det vil eg berre seie.
Dagane innheld så mange opplevingar, at etter to dagar ombord seie eg til Knutsen at ein skulle tru vi hadde vore med i ei veke allereie. Då er det godt å kvile litt dei ettermiddagane toget tøffer avgarde gjennom det frodige og grøne landskapet, som er heilt ulikt det vi oppleve sør i Spania. Av og til seier personalet at det kan vere lurt, å kvile litt, for etter middagen skal det vere underhaldning i barvogna. Vi får vitjing av både ein gitarist, ein fiolinist og bartender som miksa til oss og lære oss om blant anna Gin fizz . Til å med litt dansing blir det tid til då.
Maten som blir servert ombord ,og rundt om på stadane, er framifrå. Vi får servert det beste frå dei områda vi vitjar. Og etter kvart måltid tenkjer vi at no treng vi ikkje meir mat før om om nokre dagar. Likevel sprett vi opp neste gong ein opplys over høgtalaren at no vil det snart bli servert mat:)
Vi er eit variert reisefølgje, og aldersmessig er vel Knutsen og eg blant dei yngste. I byrjinga trudde vi at ein del av medpassasjerene var frå Spania sidan dei snakka spansk, men slik var det ikkje. Nyfikne som vi er fann vi ut kven vi skulle vere saman med i løpet av denne spanande togreisa.
Her var to par frå Mexico, to par frå Argentina og fire flotte damer frå den dominikanske republikk. Helena var ei hyggjeleg dame som var hudlege. Telefonnr hennar har eg fått, så om eg dreg til den dominikanske republikk på ubestemt tid, så veit de grunnen :/
Alle frå Sør Amerika tykte at Spania var eit kaldt land, her gjekk det i ullgensere og jakker heile tida. 20 grader er tydelegvis kaldt:) Dei var nærast sjokka over dei galne nordmenna i kortbukse og t-skjorte. Men varme inni seg er dei, det er mykje kyssing og klemming.
Forutan denne fargerike gjengen var det to par frå Tyskland, eit par frå Sveits, eit par frå New York og eit par frå Brisbane, Australia. Desse to siste para hadde truffe kvarandre på ein annan togtur nokre år attende, og var klar for å møtast på ein ny. Så må eg nemne « Mama» frå Italia . Ei godt vaksen dame på åtti år med gåstol. Ho hadde fått turen i gåve hjå dottera som reiste saman med ho. Til slutt må eg nemne kremen, fire nordmenn. Eit hyggjeleg par frå Sandnes faktisk og oss. Vi veit alltid og kose oss. Det var rutine og vere dei siste i barvogna med eit glas vin.
De skjønar vel no at togreisa vår så vidt har byrja?
Eg har mange flotte stader å syne og mange forteljingar eg vil fortelje 🙂
Her er reiseruta vår, så de kan følgje med togturen.
I must thank you for the efforts youve put in penning this site. I am hoping to check out the same high-grade content by you in the future as well. In fact, your creative writing abilities has motivated me to get my own website now 😉
Hello there, You’ve performed a great job. I will definitely digg it and for my part recommend to my friends. I am sure they will be benefited from this website.
I have to thank you for the efforts youve put in writing this blog. Im hoping to check out the same high-grade blog posts by you later on as well. In fact, your creative writing abilities has encouraged me to get my own website now 😉
https://ramenskoebeton.ru/
куб бетона цена подольск
бетон в подольске с доставкой
бетон раменское