Velg en side

Etter å ha kvila ut ein dag eller to eller ca tre,kan eg prøve å fortelje litt. 

Det har vore ei fantastisk veke med så mange opplevingar ,og eg vil gjerne takke alle. 

Tusen takk til alle som ville kome til Moraira for å feire 50 årsdagen min!!

 

Eg har storkosa meg, og fått opplevingar eg vil hugse livet ut.

Å klare og fortelja om korleis vi har hatt det er ganske vanskeleg, men noko skal eg klare å få skreve ned.

Lukkeønskingane starta allereie 16.mai då mange av oss hamna inn på bar Ambiente. Alle som kjenner meg veit at eg elskar karaoke. Her får ein både høyre på andre som elskar å syngje og ein får syngje sjølv. Det er ikkje alt som er like bra, men entusiasmen er på topp! Sjeldan mykje folk og bra stemning i baren. Supert! Det gjekk  på engelsk og tysk, engelsk og tysk og av og til litt spansk. Fleire av mine vener kjende seg nok som store stjerner. Her fekk vi både Elvis, Elton John, Queen og mange andre:)

 

 

17.mai hadde vi tinga lunsj på Degust nede i Moraira. Dei hadde rigga til eit flott langbord, og vi pynta opp med norske flag. Her fekk vi  flott spansk tapas og god kjøtmat av alle slag. Karl Johan var i storform og drikkevisene kom som perler på ei snor.

 

 

Harry hadde fødselsdag, og han måtte feirast. Det var iallfall min plan. Tore kviskra nokon i øyra om at eg óg skulle feirast. Då vart det cava, kake, blomar og vin. «Cumpleaños feliz» ljoma ut over staden. Alltid kjekt med merksemd😊

 

 

Etter timar med god mat og drikke avslutta vi med nasjonalsongen, sjølvsagt ståande, før planen var å gå i tog.

Tog vart det, berre ikkje slik vi plar gjer det heime.

 

 

Tore klarte på finurlig vis og kuppe turisttoget. Gjett om vi kosa oss! Turen gjekk til El Portet med song og høg partyfaktor. Her med ein liten drikkepause. Så attende til Moraira og vidare til Andrago og bar Cabana. Mojito må ein sjølvsagt ha 17.mai, og nokon må berre ha ein flamingo, slik er det berrre:) 

 

 

18.mai: Typisk kviledag 🙂

 

Laurdag 19.mai starta sjølve feiringa av meg. Det var mange førebuingar  som skulle gjerast til festkvelden på restauranten Masia San Jaume. Min familie var særs travelt opptatt.

 

 

Gaute las på eksamen i fysikk. 

 

Hans Tore fann ut at trening var bra før ein fest.

Knutsen var i sitt rette element med spyleslangen, og dei flinkaste, svigermor, dotter og svigerson ordna til bordkorta.

 

 

Eg fekk med meg prinsebryllaupet. 🙂 Til mitt forsvar, eg hekla nokre band til bordkorta.

 

 

Så starta festen. Flott vêr og flotte omgivnader. 

 

 

 

Inspirert av prinsebryllaupet kom eg inn som ein rosa draum til tonane av songen «Pappaen til Tove Mette» .

 

 

Alt låg til rette for ein perfekt kveld:)

 

 

Så gjekk kvelden slag i slag. Tusen takk for flotte ord og songar.  

 

 

Stolt av å få slike fine ord av dottera mi, superglad for det!

 

 

Utruleg oppfinnsam song frå mine flotte systre.

 

 

28 vers på den songen:)

 

 

Restauranten leverte, vi hadde både god mat og god drikke.

 

 

 

Eg storkosa meg, og tenk dette var berre forretten til det som skulle skje vidare!

 

 Ready to party:)

 

 

Sundag 20. var vel den dagen eg hadde glea meg mest til. Vi skulle ha hageparty heime i Casa Knutsen. Det var faktisk noko som sto på lista mi over ting eg gjerne skulle ha prøvd ein gong. Slike selskap har eg berre sett på film, eller høyrd at kjendisar har.

Veret kunne ikkje vore betre, strålande sol.

Korleis hadde vi det? FANTASTISK, tykkjer no eg. Akkurat slik eg hadde førestelt meg.

 

 

Her var det kelnarar som serverte masse god spansk tapas og god drikke. Her sto han som har utdanning til å skjere skinke.

 

 

Desse gode skinkene frå dei svarte grisene som driv rundt i Extremadura og knasker eikenøtter.

 

 

I tillegg har vi jo eigen bartender i hus. På baren oppe diska han opp med diverse drinkar til alle dei flotte gjestene.

Fin stemning, flotte talar, underholdning og flott kake. Tusen takk for flotte gåver.

 

 

Kan ein ønske seg noko meir?

Ekstra moro var det at ei av gåvene var eit par profesjonelle fotografer som var leige inn for å ta bilete av alle dei kjekke gjestene og meg. Berre så de veit det, dei tok utruleg mange flotte bilete av flotte vener. Til alle som var til stades, gled dykk til å sjå dei bileta.

 

Underholdninga var Mr. Pink som kom og hadde konsert for oss. Gjett om dei kan spele bra? Dei er utruleg dyktige, og eg elska det! 

Etter mange timar med hyggje og kos sendte vi gjestene ned til Saxo, der festen kunne forsetje på eiga hand. Vi hamna på ein ny fest på restauranten Il Divo. Her vart det fødselsdagssong, cava,kake, dans og meir moro.

 

 

Mandag 21/05 var det på tide å trappe ned med ny aktivitet.Då kom bussen og henta oss, og turen gjekk til Calpe.

 

 

Vi gjekk kystvegen attende til Moraira. Fin tur på ca seks kilometer. Etter ei travel helg kjendes det nok meir ut som ei lita mil. Særleg når vegen ikkje går rett fram, men noko opp og ned.Her får ein både bakkar og trapper. I god form var no alle,dei for avgarde i fin flyt. 

 

 

Vi brukte mindre tid enn kva vi hadde tenkt på førehand. Uansett, vi enda opp på Balladrar for å ha lunsj. Grillmaten gjekk ned på høgkant. Fin avslutning på ei super helg.

Vipps så var veka over. Tida går så fort når ein er i hyggjeleg lag.

Tusen takk til alle, og spesielt han her som gjorde det mogleg. Gjett om eg kjenner med heldig.

 

Det er vanskeleg å skildre stemninga og alt det morosame som vart sagt og gjort. La det vere sagt, her har vi brukt alle musklane i kroppen, og kjevemusklaturen min er stivna i eit digert smil som vil vare lenge, lenge!

Det er enkelt å bli halvvegs til hundre når ein kan kose seg slik!

 

Share This