Velg en side

 

No skal ikkje eg skryte på meg at det har vore strålande sol og 25 grader i Moraira denne veka. Vi har hatt både regn,vind, overskya og sol, men eg veit at uansett så har temperaturen vore betre enn på Sevland.

 

 

Det er det kjekkaste, vêret er slik at vi kan halde på med ulike aktivitetar ute. Så denne veka har vore nytta til golf, gåturar og anna moro. Til og med ein topp er blitt strikka;) 

 

 

Jalondalen

 

 

No i februar er det óg tida då mandeltrea blomar.  Det har lenge vore eit ønskje om å køyre innover i Jalondalen og sjå mengder av desse flotte trea.

 

 

Rosa og kvite

 

Mandeltrea kom opprinneleg frå Asia og  Midt austen, og var ikkje eit naturleg innslag i den spanske naturen. Det er ei legende som fortel om ein stor og flott maurerkonge som tok treet hit. Han tapte aldri ein kamp, og ein dag fekk han auga på ei vakker kvinne som var tatt til fange. Ho hadde store, blå auge og var blendande vakker. Maurerkongen gifta seg med ho, men etter nokre år vart prinsessa frå nord sjuk av heimlengsle. Kongen visste ikkje kva godt han skulle gjere, men så fekk han ein ide. Han kjøpte mandeltrea frå Asia og planta dei tett i tett rundt slottet. Då trea blomstra tok han den sjuke prinsessa bort til vindauga og synte ho dei vakre blomane. Dette minna ho om vinter og snø frå heimstaden i Nord Spania, og frå den augneblinken vart ho kurert.

 

 

Om legenda er sann eller ei, så er mandelblominga eit fantastisk syn, og det er eit sikkert vårtegn her i Spania.

 

 

Vi køyrer innover i dalen etter å ha vandra mellom mandeltrea. Vi er på jakt etter ein restaurant, Cavall Verde, som skal vere bra. Oppover, oppover går det. I området «Valley of Laguar «.

Tilfeldigvis svingar vi ned til Fontilles.

 

 

Vi kjem ned til ein bom der det står sanatorium på eit skilt. Knutsen gysar litt, det ser gammelt og slitt ut. Bommen er open , og sidan vi er forvitne så må vi berre sjekke det ut.Vi får ei kjensle av å vere med i filmen Gjøkeredet. Vi nærast ser Jack Nicholson  lure mellom trea.

 

 

Det syner seg at her ligg Europa sin siste sjukeheim for spedalske. Sanatoriet opna dørene i 1909, og då var dørene stengde for alle andre . På det meste hadde Fontilles opp mot 400 pasientar. Desse hadde sitt eige samfunn og klarte seg sjølv. Pasientane dreiv med jordbruk, hadde bakeri og slakter, kino, teater og bar blant anna. Det var jesuittprester og fransiskanernonner som dreiv sanatoriet dei fyrste åra.

 

 

Rundt sjølve området er der ein mur. Vi tuller med at dei må ha vore inspirerte av den kinesiske muren. Det syner seg at denne muren vart bygga for at desse pasientane, som var spedalske, ikkje skulle rømme, og fordi naboane til dette området var livredde. Så han blir faktisk kalla den lille kinesiske muren. Han er tre meter høg og tre kilometer lang, og det tok sju år å byggje han. No ligg muren der, som eit historisk minnesmerke om manglande kunnskap.

 

 

Området er gammalt og slitt, men det er ei fredeleg stemning på denne lille plassen. Merkeleg å tenkje på korleis dei leprasjuke hadde det her, for fram til 1940 var det inga kur for denne sjukdomen. Dei som fekk han vart plassert her og gløymde av familien. Framleis skal det vere nokre som lev og bur her.

 

 

Vidare køyrer vi opp til ein liten by som heiter Vall de Laguar. Her skal visstnok restauranten liggje.  Og der, på ei høgde med utsikt heilt til Denja, ligg han. Her er kortreist, god mat og eg var strålande nøgd med å ha funne staden.

 

 

 

 

Utsikt mot Denia

 

Etter å ha kosa oss med ein god lunsj  køyrer vi litt meir i området. Det er utruleg mange, små koselege byar her. Denne trur eg heiter Benimaurrell.

 

 

Solnedgang i Moraira

 

Vi avsluttar ferien med ein flott måltid på Bon Amb. Maten ser ut som små kunstverk, og ja han smaker godt:)

 

 

Share This