Velg en side

Byené vi skal vitje er ikkje langt unna, kun ein halv time nedover.

Granada ligg på ei slette 738 moh. ved foten av fjellkjeda Sierra Nevada. Byen har omlag 240 000 innbyggjarar. Dette er ein by med rik historie, og det har eit stort og bra universitet. Universitetet vart grunnlagd i 1531. 

Byen er mest kjend for det mauriske slottet Alhambra som står på UNESCO si verdsarvliste. Slottet ligg på ei høgde midt i byen, og er Spania sin styrste turistattraksjon. 

Vi tar ikkje turen opp til slottet denne gong, for vi har vitja det på sommaren ein gong. Eit stort og flott slott er det, og har du ikkje sett det så bør du ta turen opp dit.

Koseleg stad å ha ein drikkepause.

 

Det merkelege var at eg ikkje hadde oppdaga at slottet var så sentralt i byen.

Vi ruslar  til den historiske delen av Granada, Albaicin. Her kan vi sjå opp mot slottet. Dette området har trange, bratte gater omringa av små murhus. Her er mykje av arkitekturen frå perioda då maurarane styra rundt 1492 bevara.

 

 

 

 

Knutsen er som vanleg særskilt glad i å gå i dei små bakgatene med lite folk, alt skal sjekkast ut. 

 

Kva kan vi finne her då?

 

 

Katerdalen

Katedralen frå 1500 talet, som ligg midt i sentrum, er eit vakkert bygg.

I gater rundt,på alle kanter, finn vi både shopping og tapasbarer.

 

Det er koseleg å vandre rundt her.

Vêret er bra, og vi finn ein open «plaza» med sol. Her kan  vi nyte livet. Knutsen meiner det er vår i lufta;)

 

Om kvelden hamnar vi i eit aldri så lite politisk drama. Vi hadde ete på ein koseleg tapasbar, og ville berre nyte siste rest av den gode vinen før vi skulle vandre vidare. Då dukka det opp ei stor gruppe med folk med bannere. Boikott, boikott ropar dei i kor. Så held ein «fagforeiningsmann» appell og stemninga er hissig. Kan ikkje skryte på meg at spansken min er så god at eg fekk med meg alt dei sa, men Knutsen og eg vart vel einige om at dei som jobba i denne restauranten ikkje var fagorganiserte og hadde dårlege arbeidsavtaler. Eg lova demonstrantene at eg ikkje skulle vitje den restauranten ein gong til. Los siento, sa eg, eg er berre ei enkel sjel frå Noreg.

 

Av og til får eg heng på noko, og då må det gjerast! Heilt sikkert litt frustrende for Knutsen, men eg plar få vilja mi. Eg elskar å leite etter street – art i byane vi vitjar.

 

Eg har lest meg opp på street art i Granada, og det må jo sjekkast ut.

Visste de at Spania sin flinkaste street art målar har pynta mange vegger her?

Han har holdt på sidan 1990 talet, og kunstnarnamnet er El Niño de las Pinturas, ekte namn er Raul Ruiz.

 

 

Og vi finn mange flotte bilete rundt området Realejo. Om du går langs elva Alhambra og ned til brua Calle Puente Verde vil du blant anna finne dette huset. 

 

Rett ved sida er det ein liten plass som er oppkalle etter Joe Strummer. 

Har du høyrd om han? Han var gitaristen i The Clash, eit britisk band. Dei hadde ein song som heitte Spanish Bombs på the London Calling album. Songen var inspirert av Granada og Spania. Joe Strummer flytta seinare til Spania. Kult å vete.

 

Nøgd etter å ha fått sett alle flotte bileta murer og vegar, er vi klar for shopping og anna moro.

 

Granada er ein flott by på alle måtar, og freistar allereie til å vitje meir. Her er mykje meir å sjå.

 

Share This