Velg en side

Rett før vi blir spanjoler no😂

Knutsen og eg er på farten. Vi vil teste kollektivtransporten her i Spania, og då tok vi toget til Madrid. Det går faktisk 300km/t,  og det er ein behageleg måte å reise på. Turen tar ca to timar frå Valencia, og vi er klar for nokre dager i hovudstaden.

 

 

Hotellet vårt, The principal Madrid

Mykje fin arkitektur i slike storbyar

 

Madrid er ein storby. Du får ei kjensle av det med ein gong ein kjem hit. Det er bilar, folk og lydar overalt, litt kaotisk for enkle folk frå landet. Det syner seg at han ligg på topp tre lista over store byar i EU , kun London og Paris er større. Det bur faktisk meir folk her i byen enn i heile Noreg.

Kjekt å vere to

 

Knutsen påstår hardnakka at vi skal til Madrid og handle som ville dyr. Eg ler høgt inni meg, det vil i beste høve vere fyrste gong i løpet av dei åra vi har kokt i hop. Sjølvsagt er eg med, men utan mat og drikke, dug «handleheltane» ikkje. Nøgd er Knutsen når pizzaen kjem,  han må alltid ha det, kvar hen i verda han er. Frua er litt meir fornuftig, kylling og quinoa gryn,imponerande? 

 

Vi trasker opp og ned, inn og ut av butikkar, faktisk time etter time. Knutsen er i betre «handle-form» enn meg denne dagen syner det seg, han prøver ulike klede og på finurlig vis får han nokre posar etterkvart Eg derimot går foreløpig tomhendt.

Mange fine bilete får eg tatt da.

 

Dette er skaftet på ein paraply 🙂

Når sola går ned og vi er sveitte av å gå inn i butikkar sluttar vi av, det er viktig med pauser.

Ps. Dagens fangst blir no eit par spanske sko;)

 

 

Om kvelden tar vi oss eit betre måltid på hotellet. Her har dei bar på taket, og det er koselig å sjå byen ovanfrå og ned. God mat er det óg. For fyrste gong smaka eg på eit «razor- clam». Merkeleg skjell, men smakfullt.

 

Vi bur ganske sentralt, nær Grand Via, som er ei av dei styrste handlegatene. Det er ikkje dit vi tar vegen.

Det er fridag i Spania 1.nov, og mange folk ute i gatene

Vi trasker i strøket bortover mot Plaza Mayor. Her  finn ein smale smug og små  koselege plasser, med mange hyggelige serveringstader, både tapasbarer og tradisjonelle restauranter. Hit kjem både byen sin befolkning og vitjande for å ete lunsj og middag.

 

Skulle ikkje tru det var november når ein ser på blomane.

 

 

Madrid sitt flotte ferskvaremarked, Mercado de San Miguel, ligg mellom her.

 

Her er mykje godt, både av mat og drikke.

 

 

 

Ei vitjing her anbefalast på det varmaste. Her finn du mange delikatesser, som skinker, pølser, grønnsaker, oster, frukt, kjøt og fisk i eit utval du knapt kan forestille deg. Det er berre så vanskeleg å bestemme kva ein vil smake på.

 

 

 

 

Knutsen har nevnt at i dag er dagen for byvandring. Vi skal gå til «blodet spruter under beina», seier han. Så etter nokre smaksprøvar på matmarkedet rusler vi vidare. 

 

 

Eg finn stadig nye fine motiv.

 

 

 

 

 

1.nov er «All Saints day», og dette har ein lang tradisjon her i Spania. Det er ein fridag, og mange spanjolar reiser heim for å leggje blomar på gravene og for å minnast sine kjære som ikkje er blant dei lenger.

 

 

Aller helst ville eg vitja ein kyrkjegard, men det vart heller ei vitjing i ei kyrkje. Her var det gudsteneste.

 

Ved sida av kyrkje finn vi slottet.

 

 

Kongehuset, residens Palacio Real, blei bygd opp igjen på restane av et gotisk palass som brann ned i 1734.

Slottet er ope for publikum.

Videre må vi vandre, etter ein liten «pitstop». Eg blir så fasinert av alle dei flotte bygningane og statuene.

 

 

 

Madrid sin store møteplass:

 

 

 

Plaza Mayor er en storslått og elegant plass, midt i Madrid. Han  har opp gjennom historia vore staden for inkvisisjonen sine rettsaker og henrettingar då ein forfulgte mistenkte protestanter og straffa dei utan at dei hadde moglegheit til å forsvare seg. På Plaza Mayor vart det óg arrangert tyrefekting og politiske opptog.

 

 

Puerta del Sol ble anlagt samen med Plaza Mayor, og er ein av Madrid sine travlegaste plasser. Puerta del Sol markere inngangen til gamlebyen. 

 

Restauranten Yakitoro vitjar vi siste kvelden vår i Madrid. Her kombinerar dei det beste av spanske og japanske smaker. Kokkane er i midten og griller både kjøt og sjømat. Ei god oppleving, og eg elska desserten 😉

 

 

 

Share This