Velg en side

Etter å ha vore heime i ein månad så var det på tide med ein tur ned til casa Knutsen att. Det er i grunnen ei kjekk ordning det. Å vere fire veker heime på Sevland og jobbe litt, for så og leve eit annleis liv i Moraira nokre veker. Her er det ute ein er mest.

 Det er så deilig å vere i Moraira i september. Temperaturen er fin, og mengda av turistar har minka. Det er ei heilt anna stemning i området. Vi kosa oss, både åleine og saman med gode vener.

Deilig temperatur i sjøen;)

Det vart tid til både soling, festing, golfing,bading og andre morosame aktivitetar. Her har vi tatt turen opp på ei høgde. Her står det ei borg som vart bygga på 1500 talet for å verne byen mot pirater. Fin utsikt til Moraira.

Vi trener og trener på den der golfinga. Det er moro å spele, men frykteleg vanskeleg å bli god. Her ervi på ein flott golfbane oppe i fjellene.

Knutsen ser då ut som han er i siget.

Vi har alltid noko vi kan feire, og i september har vi bryllupsdagen vår. Tenk at no har vi faktisk vore gifte i 28 år, det er jammen meg ganske lenge.

Dagen vart feira med ei vitjing på restauranten, Bon Amb, og det er absolutt noko å fortelje om. Dette er ein restaurant som ligg mellom Moraira og Javea. Han har nett fått si andre stjerne i Michelin og maten her er ein fryd for både auga og ganen. Her kom den eine delikatessen etter den andre som perler på ei snor. Nyt synet frå nokre av rettane, og har du moglegheit til å vitje denne staden så berre må du det;)

Forrett, med tørka fisk

Fiskesuppe 

 

Desserter

Aldeles fantastisk mat og service. 

Jammen meg så klarte eg å strikke nokre modellar denne månaden og, her er krokusmønster:)

 

 

Og heilt på tampen av månaden klarte Knutsen å ordne Sting billettar, godt med alt som blir gjort;)

 

Share This