Velg en side

Lenge sidan sist;)

Tenk,no er vi allereie komen til oktober,og kor vart tida av?

Eg har rett og slett ikkje hatt tid til å setje meg ned og skrive. Sikkert tullete sagt, men det er eit faktum. Når eg skal fortelje, må eg ha god tid og timar til rådigheit. Uansett så er det på tide å skrive om nokre av høgdepunkta i desse månadane. Så her kjem ei lita oppsummering av august.

Etter å hatt ferie i Spania, så var det på tide med jobbing i strikkkebutikken. Det vart mange og lange dager, men moro er det. Eg fekk strikka ein del, og eg fekk reise til Lillestrøm på messe. Her traff eg til og med ein kjendis.

Mykje fint garn, her frå Rauma

Andre ting som er verdt og nemne:

Kajakkurs med kjekke damer. Utruleg vêr og fin stemning. Eg tenkjer stadig på at eg skal kjøpe meg ein kajakk. Det var supert og vere så nære vatnet. Flyte lydlaust gjennom bølgene!  Å trene på å dette ut i var slett ikkje skummelt, sjølv om sjøen var passe kald. Flott å padle ut til ein liten holme og nyte varm kaffi og noko god niste.

 

Så kom sildajazzen, fint vêr og god stemning i Haugesund. Eg hadde fått billettar til Jamie Cullum konsert og han skuffa ikkje. Superbra konsert!

 

Rundt den same tida kom det eit stasleg skip til byen, Christian Radich. Her skulle Slogmåkane opptre, og eg var så heldig at eg fekk vere med båten på ein liten tur frå Skudesnes. Bra sang og stemning med Slogmåkane, fint vêr, gode reker og no kan eg seie at eg har segla med to av dei flotte seglskipa vi har i Noreg.

 

 

 

I slutten av august feira vi Knutsen sin fødselsdag, i København.

 

 

Nyhamn 

 

Det er ein super by og bruke ei helg på. Vi åt god mat, shoppa og kosa oss.

 

 

Kul matrett;) 

 

 

I byen har dei fått ei ny bru, det var enkelt å rusle både til operaen og  Christiania frå sentrum, så rusleturen gjekk dit ein ettermiddag.

 

 

Ved Mathallen 

Street- art. 

 

Spesiell stad, og mykje kunst etter vegen. Ganske sjokka var vi vel mest då vi gjekk gjennom gågata her. Vi fekk ikkje lov til å ta bilete, men det var vel i grunnen ikkje så merkeleg.  Her var det bod på bod som selde narkotika. Utruleg at det kan vere mogleg i desse dager.

Alt i alt, august var ein fin månad, og Knutsen og eg var klar for september. 

Share This