Velg en side

Whoah! We’re Going to Ibiza 

Whoah! Back To The Island 

Whoah! We’re Going To Ibiza 

Whoah! We’re Gonna Have A Party 

Whoah! In The Mediterranean Sea 

 

Tur i turen, det blir gøy.

Enkelt er det òg. Tjue minuttar med bil til Denia, og der er det berre til å hoppe i båten som tar oss avgarde. Songen går på «repeat» inne i hovudet medan båten tøffer utover.

Vips, tre timar seinare er vi på hotellet;) 


 

Knutsen skuffer aldri, her skal vi leve som konge og dronning dei neste dagane. Berre late oss, eller late som vi er ungdom på partyøya?  Ibiza er kjend for det, nattelivet. 


 

For mange er det den styrste attraksjonen. Festane på øya stoppar aldri;)

Utestadane er konsentrert i Puerto de Ibiza, hamna, og i byen San Antonio. Mange av ungdomane som vitjar øya tar taxi rundt til dei ulike nattklubbene alt etter kva hip DJ som spelar den natta.

 


 

 

La marina har mange flotte etestader og barer som er verdt ei vitjing. Vi sat heilt nede ved sjøen ein kveld. Flott utsikt til gamle -byen, og full oversikt til dei flotte yachtane som kom sigande inn for natta. Her fekk vi servert fantastisk god sjømat og god drikke. Knutsen meina bestemt at han aldri hadde smaka så god blekksprut nokon gong.

 


Denne kan ein leige, kun 1.2 mill for ei veke😂

 


 

Fy søren, her er den eine flotte båten etter den andre. Heilt sikkert stappa med kjendisar, for øya er visstnok ei leikestove for dei. Vi såg heilt sikkert fleire kjendisar, det trur eg nok. Problemet er at når dei ikkje blir avbilda i blad eller er med på film ol, så er dei nett som vanlege folk,og vi har nok ikkje godt nok nattesyn til å kjenne dei att;)

Ibiza er ei øy som ligg i middelhavet, vel 90 km aust for det spanske fastlandet. Det bur omlag 140 000 menneske her.

 

 

Den styrste byen er Ibiza by. Han ligg sydaust på øya. Her finn vi gamlebyen, Dalt Via, og ein moderne bydel som blir kalla Eixample. 

 

Gamlebyen er sjarmerande og vakker, og har dessutan ein flott katedral fra 1300-tallet som ruver over byen. Ringmuren er UNESCO-merka.

 

 


 

Vi sveittar oss opp trappene i borga for å ta eit nærare syn. Borga har eksistert lenge, og her kunne ein speide utover havet og følgje med om det kom pirater eller andre som ville erobre øya. 


 

Det er flott å vandre rundt, og som alltid heng eg i halen til Knutsen;)

Her er det mange flotte fotomotiv!

Dette er berre nokre av bileta eg tok gjennom byvandringa vår.

 

Idyll

Grafitti

 


 

Vi hadde tenkt at vi skulle ta båt vidare til Formentera. Ein annan gong må det bli, for det er lett å bli lat. Iallfall etter ein fantastisk god og lang frukost, der vi lytter til klassisk gitar, og voksenbassenget med bar kun er nokre meter unna. Slappe av etter frukost er luksus.

 


 

Berre til ein informasjon så blir det sagt at når ein kjem til Formentera ,med båt frå ibiza, er det som å kome til ei sydhavsøy, vatnet er krystallklårt og strendene er mange. 

Wasabi-martini


 

Siste kvelden på ibiza hadde vi ei gastronomisk oppleving som eg berre må fortelje og syne bilete av.

På hotellet er det ein restaurant, La Gaia. Menyen her er satt saman av japansk og peruanske smaker, kalla » japeruvian experience». 4.april i 1899 kom det 790 japanske immigranter til Peru. Folka i Peru kalla desse japanarane for «Nikkei», eit namn dei seinare brukte om maten som vart skapa gjennom desse to kulturane.

Tunfisk

Sushi

Dessert


 

Maten var både eit syn for auga, og utruleg, fantastisk smakfull. 

Vi avslutta med noko lokalt kryddersnaps


 

For dei som no lure på om vi var på nattklubb, og dansa fram til morgongry, så er nok svaret nei.

Det næraste eg kom var å ta bilete ned på klubben frå hotellterassen. Etter lange dager med sol, varme, trasking, eting og litt drikke må sjølv eg hive inn handklede når klokka nærmer seg tre om natta. Det er nemleg i denne tida dansepartyet starte for fullt, og ungdomen er på topp.

 

 

Share This