Velg en side

No er vi komen langt ut i juli, og det er på tide med ein liten status av sommaren så langt.

Vi storkoser oss!

Tenk å få vere så heldig at ein får feriere i eit land med sol og varme nærast heile tida. Vi treng det, sol og varme. No om dagen treng eg vel heller ikkje gni det inn, sidan eg veit at det er mange som nyt sol og sommar heime i gamlelandet, på verda si finaste strand.

 

 

I Casa Knutsen er det aktivitet frå morgon til kveld. Utruleg at dagane flyg slik avgarde?

Ikkje før ein har kome seg ut or senga og ut på terrassen, så er det blitt langt på dag.

 

 

 Så dei som trur at vi berre ligg på stranda her i Syden tar nok feil:)

Men når vi fyrst tenkjer på på stranda, så er det morosamt å finne ei lita steinstrand nesten utan andre folk. Ein får ei kjensle av å ha funne sitt eige litle paradis. Det er ganske fasienerande når ein veit det er høgsesong og dei fleste strendene bugner over av solhungrige turistar. Då kan vi nyte stillheita saman med dei supre naboane våre og ha ein liten smakfull lunsj.

Det er mange andre aktiviteter ein kan halde på med om ei blir lei av solinga, som å spele golf.

 Utruleg nok er det flott å sveitte og streve seg gjennom ei runde med golf. Litt hissige blir vi av og til, men óg ganske så glade, når vi klare å få til nokre gode slag. 

 

Vi møtte to engelske herremenn som var på golftur saman nede i byen her ein kveld. Dei var så klar for å ha oss med. Argumentet var vel at dei var litt lei av å snakke med kvarandre, og trengte noko ny inspirasjon. Etterkvart lova vi å golfe med dei. Vi skulle møtes på golfbana i Benidorm.

 

Trur dykk vi møtte engelskmennene?

Nei dei kom ein time seinare, så dei fekk vi berre helsa på etterpå:) Då vart det ein golfrunde der vi fekk spele med eit hyggjeleg par frå Dublin.

 

Calpeklippa frå sjøen
 

Så fekk vi vitjing. Fyrst av gode og kjekke vener. Då passa det å leige båt og hoppe litt på bølgjane blå.

Det vart óg tid til å symje inn i ei grotte, snorkle og bade oss.


 

Med andre ord,kos frå morgon til kveld.

Her kan ein fråtse i god mat.

 

Ny vitjing, no kom dottera og kjærasten. Då vart det meir hyggje og morosame opplevingar. 

 


 

Eit av høgdepunkta her i Moraira må vere fiestaen som finn stad i midten av juli. Fiestaen er til ære for » the patron saint of Moraira». Ho er helgen for dei svake og ho verner fiskarane. Denne festen går over ti dager med feiring. Menneska kler seg i tradisjonelle kostymer og har parade gjennom byen. Her er korpsmusikk, dans og konsertar og dei har okseløp ved marinaen. Høgdepunktet er den 16. Juli då statua av Jomfrua blir båren ut av kyrkja og ned til sjøen der ho tek seg ein båttur. Dette er for å velsigna fiskebåtane. Etterpå blir det eit storslått fyrverkeri, for det er dei særs gode på i Spania.

 

 

Då gjer vi som dei lokale. Vi riggar oss til nede ved stranda med bord og stolar.

Her grilla vi og kosa oss med god mat og drikke til seint på kveld.

 


 

Knutsen var yr her ein dag. Han skulle få krysse ut eit av punkta på bucketlista si.

 

Fyren skulle ut å fly. Sjølvsagt må kona vere med. Om noko skjer så skal vi vere saman meiner Knutsen, det var visst det vi lova då vi gifta oss. Det skal seiast at redd var eg merkeleg nok ikkje, sjølv om eg ikkje såg verken redningsvest eller fallskjerm.

 

Opp gjekk turen, med Knutsen som pilot. Det er då fasinerande å sjå landskapet frå lufta.

Costa Blanca


 

Benidorm

 

Og ikkje nok med det, vi har klart å få oss oss ein tur i turen!

 Til Ibiza!

Men det må forteljast i eit eige innlegg.

Det er sommer,det er sol og det er ….

Share This