Velg en side

SIste heile dag på Færøyene, og vi sjekkar ut av hotellet i Torshavn. 

 

 

No går  turen til øya kor flyplassen ligg. Flyplassen vart forresten bygga av britane under krigen. Her skal vi berre plassera koffertane, på flyplasshotellet, før vi skal ut på ein ekspedisjon til .Planen er å ta ein ny fjelltur. Vi skal gå til Gásadal, um Skarð. Her skal vi vitje bygda far til Halgerð kjem frå. Dette har eg glea meg til lenge. Heilt sidan eg ein gong «sappa» på TV og såg Jakten på kjærleiken. Det var eit par som reiste dit. Dei vitja eit stad med  ein fantastisk foss,Múlafossur, og eit lita vakker bygd.

Hit skal vi 🙂

 

 

Foreldra til Halgerð er med, og dei skal syne oss staden, leie oss over fjellet og fortelje om bygda. Denne bygda fekk ikkje tunnel før i 2006, og før det måtte ein gå over fjellet, kome med helikopter eller båt.

Vi køyrer mot bygda, men det  ser ikkje særleg lyst ut, tåka ligg tungt i området.

Det blir bestemt at vi vitja ei bygd før vi prøve på nytt, då har nok tåka letta blir det optismistisk sagt. 

 

 

 

Dette er ei lita bygd med berre nokre få innbyggjarar. Ho ligg heilt nede ved sjøen. Her har dei og ei godkjend strand for grindadrap. Det er koseleg her nede, små hus med gras på taket, og nokre høner som tripper rundt. Dei posere fint foran kamera.

 

Så går turen vidare. Tåka ser like tung og tjukk ut, må vi droppe fjellturen?

Då fér vi gjennom tunnelen, ned til Gásadalen. Det fyrste huset vi møter på er tante Petra sitt.

 

Ser de stien vi skal gå? Rett til høgre for tunnel-opninga.

 

 

Det er morosamt å ha lokale folk med oss. Vi får høyre historiar frå bygda. Vi vitjar den gamle skulestova som no er blitt til ei lita kyrkje.

 

Vi får ein kikk inn i oldemora til Halgerð sitt hus. Her budde det tolv personar. Koseleg å sjå, moro å høyre  om livet i denne vesle bygda.

 

I tillegg blir det tid til ein liten matbete på kaféen. I turistsesongen kafé, om vinteren eit slakthus.

 

 

Det er både interessant og hyggeleg. Hos den lokale kunstnaren og vi óg kjøpt med oss saueskinn.

Ut på ettermiddagen har tåka letta litt, og vi gjer oss klar for å ta fjellturen.


 

Ruta vår starte ved tunnelen i Gásadalur, og det er bratt oppover. Turen over fjellet er omlag 3- 4 km lang. På det høgaste er det ca 400 moh. Når vi skal starte er det finurleg å tenkje på at vi skal opp den bratte fjellsida. Eg ser slett inga sti. Vi «slanger» oss sakte, men sikkert oppover. På  toppen av fjellet passerer vi ein steinvarde som har fungert som ein vegmarkør i tåke og dårleg vær. Her har vi super utsikt ned til dalen. Ein kan sjå ei lita husklynge ved klippene mot havet, og med høge fjell rundt. Dette må vi berre ta mange bilete av.

Nokre må berre vera tøffare enn andre, ut på tuppen for å få best mogleg oversikt 🙂

 

 

Så går turen bratt nedover mot bygda, Bøur. Klippene stuper fleire hundre meter ned i havet, og fuglane leikar seg i vind. Langs vegen passerer vi ei lita vannkjelde.


 

I følgje ei historie så var det ein familie på veg over fjellet. Dei hadde med seg eit lite barn som var sjuk. Undervegs var dei redde for at barnet kom til å dø. Barnet var så lite at det ikkje var døypt endå, og barn som ikkje er døypte kjem ikkje til himmelen. Redde for dette så vart vatnet i denne kjelda velsigna, og dei døypte barnet der. Ein seier óg at alle som røre eller drikk vatnet held seg evig ung. Gjett om eg tok meg ein slurk eller to.

 

 

Litt lenger nede kjem vi til Liksteinur. Tidligare hadde ein ikkje eigen kyrkjegard i  Gásadalur, og då måtte de daude rett og slett bærast til nabolandsbyen Bøur, kor den næraste kyrkjegarden låg. Ei lang og heftig gåreise, men det var likevel berre her på «liksteinen» at dei kunne setje ned kista for å kvile seg.

Det var supert:) Eg er så nøgd for at eg fekk vere med.

 

 

Om kvelden skal vi på ei ny og spanande oppleving. Vi skal på båttur. Det er noko av den snålaste båten eg har sett. Vi skal flyte på den største innsjøen på Færøyene, Leitisvatn eller Sørvágsvatn. Kjært born har mange namn.

Her får vi servert ein deilig middag, mens skipperen ombord guider oss gjennom området. Han fortel om «trellefjellet». Når trellene var blitt for gamle til å jobbe, og sonen skulle overta faren sin jobb ,måtte han fyrst ta «trellefaren» på ei siste reise. Vandre langs vatnet, opp på eit høgt, bratt fjell og der vart den gamle trellen  kasta ut i Atlanteren…

 

 

 

 

 

Det spesielle her er at ved enden av innsjøen går det ein foss, Bøsdalafossur, ut i Altlanterhavet. Fantastisk flott å sjå, og ganske så unikt. Kjekt å sjå det frå bakkenivå, sidan vi óg tok bilete av dette området i flyet.

 

Fjella her er ganske så bratte

Flott på båttur


 

Tusen takk for ein fantastisk tur damer!


 

 

Share This