No skulle vi vitje reiseleiar Halgerð sin heimstad, øya Sandoy, Vi tok ferja ut dit.
Noko rufsete vêr i starten, men det tåler vi vestlendingar godt, iallfall nesten alle.
Denne øya er litt annleis, ho er mykje flatare,men med like flott grønt landskap. Ho er vill, våt og vakker. Øya har fått namnet sitt etter dei mange sandstrendene som ligg langs kysten.
Vi krysser ho på kryss og tvers, og undervegs får vi høyre ulike historier.
Eit er sagnet om trollkjerringa, eller var det heksa, som blei til stein. Det varme hjarta til ho som driv garnbutikk at dei har strikka historia. Sagnet handler alså om to trollsystre, eller heksesystre. Ei av dei er blind, og saman bur dei nede ved kysten og har masse gull. Ein dag kjem det ein tjuv som stjel gullet. Heksa, eller var det trollkjerringa, som ikkje er blind, prøve og stogga tjuven. Ho tar eit firsprang mot han, men når ho ser kyrkja blir ho til stein.
Fotavtrykk
Videre er vi nede ved ei strand der det var satt opp eit minnesmerke over eit skip som forlisa. Desse ankera er henta frå skipsvraket.
Vi er hekta på naturen, og stadig oftare er det ein av bilane som vil stoppe for å ta nye vakre bilete, både av naturen og selfi med en,to,tre, ja opp til tolv vakre damer:). Vi bruker så lang tid at reiseleiaren blir engsteleg på om vi klare og kome oss gjennom dei ulike stadene ho hadde lyst å syne oss.
Bygda Skarvanes. Her har ein flott utsikt til øyane Skúvøy og Dímun.Her budde det ein gong ein kjend kunstnar, Diðrikur, og han tegna fuglar. Nokre av dei finn ein på kunstmuseet i Tórshavn.
Fossen i bygda
Skulestova
Vi nærmer oss sakte,men sikkert,mot Skálavik.Kun ei lita bygd til svippar vi innom:)
Strikkekunst er eg glad i.
Å finne ein klesbutikk kan vere lukka for mange. Etter aIl trakkinga ute i det våte graset, var det fleire som kjende at dei kunne tenkt seg tørre sokker. I nærleiken av heimen til Halgerð dukka det opp, ein liten klesbutikk. No vart det til og med noko shopping. Eg fann meg ein «highasakite» joggedress. Skikkeleg tøff. og hoftevrikken har eg allereie øva inn:)
Vi er så heldig som får ete lunsj hos foreldra til Halgjerd.
Snakk om gjestfrihet!
Frivillig invitere 12 damer på tradisjonell færøysk mat!
Her er tørka kval, kvalspekk, kald potet og tørrfisk
Under lunsjen får vi høyre om grindadrap. Eg trudde fyrst at det var eit uoppklart mord som hadde skjedd. Slik kan det gå når ein ikkje les seg nok opp om landet ein skal vitje . Grindadráp er namnet på færøysk kvalfangst. Fangsten har lange historiske og matkulturelle tradisjonar, og han kan dateres attende til 1584. Kvalfangsten nemnes i den gamle loven,Seyðabrævið ,frå 1298.
Fangsten er strengt lovregulert og den lokale sysselmannen følgjer nøye med. Rundt 950 grindkval blir fanga årlig, hovedsakelig i sommarmånadene. Fangsten er ikkje-kommersiell og organisert av bygdene. Før kunne alle delta, men det er hovedsakelig menn som deltar i jakten og drapet. Frå 2015 skal dei som deltar fyrst ha gjennomgått eit kurs, ifølge Grindeloven fra 2013. Heile fangsten blir i etterkant fordelt likt mellom alle i bygda. Det er sysselmannen som bestem om fangsten skal fordelast i ein eller flere bygder. Kvalen kan ikkje avlivast frå båtane, kun på godkjende strender.
Her er eit døme på ei slik strand, på øya Vágar
Etter å ha kosa oss her, med den gode maten, er det på tide å nå båten attende til Torshavn.
Nede ved kaia
Her skal vi kose oss med god mat og drikke, samt høyre musikk runge over byen om ein vil det eller ei, Det er nemleg rockefestival her, heile natta:) Satser på litt søvn da, ein skal vere klar til ein ny fjelltur neste morgon.
Excellent read, I just passed this onto a friend who was doing a little research on that. And he just bought me lunch as I found it for him smile Therefore let me rephrase that: Thanks for lunch! «A human being has a natural desire to have more of a good thing than he needs.» by Mark Twain.
generic cialis 20mg cialis 5mg brand home remedies for ed erectile dysfunction