Dette er ikkje ein tur kor vi ligg og slapper av, her skal det skje noko frå morgon til kveld. Det er ikkje kvart år ein vitjar Færøyene. Køyreturen denne dagen går til Nordoyggjar. Her ligg Klaksvik, den nest største byen på Færøyene.
Klaksvik er sentrumet for øyene nord. Byen eksisterte allereie i vikingtida og vart tidleg ein tingstad. Dei fyrste som busette seg her stammer frå 1100- talet. No har det vokse seg fram til å vera ein moderne fiskeby. I byen finn vi og bryggeriet Føroya Bjør som har vunne mange prisar for det gode ølet sitt.
Målet var eigentleg å nå ein båt ut til ei anna øy, til bygda Mikladalur som har ei kjend statue, Kópakonan. Eit av dei mest kjende sagna frå Færøyene handle nettopp om denne statua. Ein selflokk tar av seg skinna på heilage tre kongars aften og går i land som menneske. Ein bondeson frå bygda gøymer skinnet til ei vakker selkvinne slik at ho ikkje kan vende attende til havet, men må leve på land som kona hans. Mange år seinare finn ho skinnet, og fer ut i havet att. Ho finn seg ein selmake. I det bygda sine menn skal ut på selfangst syner selkona seg for bondesonen og ber han om ikkje å drepe selhannen og selungane hennar. Mannen er så sint for at selkona valde å dra attende til havet, at han drep både selungane og maken hennar og et kjøtet. Selkona syner seg på ny i ein draum og lovar å ta blodig hemn over heile Kalsoy.
Slik gjekk det diverre ikkje. Ferja frå Klaksvik var stappa full då vi kom til kaien. Det var inga høve til å kome ombord. Då ville og måtte vi sjølvsagt sjekke ut sjølve byen. Vi køyrde fram og attende, opp og ned, ja til og med rundt i ring. Etter vegen var det stadig nye ting å leggje merke til og ta bilete av.
Det kan vere strevsamt å oppleva nye vegar og ting heile tida, så ei lita shoppingpause måtte til. Her er vel eit bevis på kva som er viktig for oss damer på tur.
Kos, kos, kos;)
Det må handlast ulike ølsorter til dei kjære heime:)
Etter å ha sjekka ut Klaksvik sette vi nasen endå lengre mot nord, til bygda Viðareiði.
Det er ei lita skjønn bygd med utsikt til naboøyene på begge sider. Kyrkja på staden fekk kyrkjesølvet sitt i gåve frå den engelske regjeringa som takk for nestekjærleiken dei syna då det engelsk skipet, Marwood forliste der i 1847.
Her hadde vi ein lunsjpause, i matstova hjå Elisabeth. God mat, men eg trur det er nokre som vil tenkje seg godt om før dei vel vegetarmat eller «spesialmat» om du vil:)
Hugs no uansett alltid på : «At egg og poten, går aldri av moten ( gammelt jungelordtak;)).
På vegen,mot hovudstaden att, gjeld det berre å ta med seg litt fleire flotte øyer og bygder. Her er mange å velje mellom, blant anna Kunoy
Fortsetjing følger…
Appreciate it for helping out, excellent info .