Her er vegar nok til alle. Ein kan køyre:
«Mil etter mil etter mil. Etter mil etter mil etter mil.Og det er langt å gå. Det er lengselen som driver deg..»
Eit endelaust grønt, vilt og eksotisk landskap. Det går ikkje mange minuttene før fyrste bil blinkar seg inn, kamera og mobil kjem til å gå varmt utover dagen. Grønt er skjønt!
Ikkje nok at naturen er storslagen, vi ser óg sauer overalt i det grøne landskapet. Det er omlag 70.000 sauer her. Om sommaren beitar dei høgt oppe, og om vinteren trekk dei ned til lavlandet. Klart alle vil ta bilete av desse! Aller helst ein selfi saman med sauen. Det er ikkje så lett, dei spring avgarde med ein gong ein nærme seg.
Turen frå morgonen av går til:
Fyrst svingar vi innom kulturhuset i Torshavn, det nordiske hus.
Kirkjubøur er Færøyane sitt eldste kulturelle sentrum. Her står ruinene av St.Magnus katedralen frå 1300-talet og St. Olavskyrkja frå 1100-talet. Den siste er forsatt i bruk. Namnet, Kirkjubøur kjem av at det er ein gammel kongsgard, og familien Patursson, som har budd på garden sidan 1557, vert rekna for å vere kongsbønder.
Her finn ein óg det eldste bebudde trehuset i Europa, Roykstovan. Dette er eit lite museum ein kan vitje.
Om ettermiddagen stig temperaturen. Vi skal faktisk kle oss for å ta turen opp til det høgaste fjellet, Slættaratindur. No skal det seiast at fjellet ligg 880moh, så det er ikkje lufta som kjem til å bli eit problem, men fjellet er ganske bratt. Kledd i fjellkleda køyrer vi avgårde. Undervegs kjem det nokre sveittekav, vel å merkje medan vi er i bilen. Det er fordi mange av oss er på veg inn i «middelalderen» eller overgansalderen som det eigentleg heiter. Middalalderen høyrest berre mykje meir eksotisk ut tykkjer no eg.
Vi køyrer nord på øya Eysturoy. Oppover går det. Etter vegen, ut i havet, kan ein skimte nokre fjellformasjoner.
Dei to spisse steinformasjonene som ein ser på bilete kalles Risin og Kellingin. Dei ligg nord på Eysturoy. Myten vil ha det til at dette er ei forsteina kjempe og kona hans (i nokre tilfelle ei heks), som ein gong i tida prøvde å hale Færøyene over til Island slik at dei kunne herske over begge øysamfunna. Dei sleit så lenge med å få med seg øyene, at sola stod opp – og dei vart til stein.
Så er vi framme og klar til utfordringa. Vi skal opp det bratte fjellet. Oppover, sakte men sikkert, går det stort sett på skrått. Vi snegler oss mot bergkammen. Det blir brattare og brattare. Høgder er eg ikkje særleg ven med, og det som gjeld er å fokusere på kor ein plassere føtene. Ikkje snu seg for å nyte utsikta undervegs.
Det er strekk i laget. To av damene sprett oppover som to fjellgeiter, vi andre kjempar med naturelementa. Når vi skal opp gjenom ei bratt ur er det berre til å klamre seg fast med både hender og føter. Eg er varm i hovudet, og skjelven i knea. Når eg klamrer meg fast der, tilsynelatande heilt åleine og ein stein ramler ned, ropar eg hjelp, hjelp. Eg treng nokon som kan psyke meg opp og seie eg klare meg fint! Dei er heldigvis i nærleiken, det er berre så bratt at eg ikkje ser dei. Godt hjulpen av skryt kjempar vi oss vidare. Til slutt når vi toppen, og gjett om vi er stolte og glade. Her er 360 graders utsikt over øyene, fantastisk!
Ser de bilane langt der nede?
Eg tenkte i mitt stille sinn,medan eg klatra meg oppover, at om 300 menneske plar vandre her 21. juni for å sjå på solnedgangen bør det vel vere ein litt enklare veg. «Fjellgeitene våre» hadde heldigvis funne turstien og vegen ned var nokså grei. Vel nede ved bilane fekk vi servert tørrfisk og kald potet. Fy søren, det var godt:) Og sjølv om eg vart ramma av høgdaskrekka litt der undervegs, så kan det absolutt anbefalast.
Excellent blog here! Also your site loads up very fast! What web
host are you using? Can I get your affiliate link to your host?
I wish my website loaded up as quickly as yours lol
Good info. Lucky me I reach on your website by accident, I bookmarked it.
order tadalafil 40mg online order cialis 5mg generic buy ed pills gb