Sjå her, eg er på veg til Færøyene !
Nytt land og nye opplevingar, det er alltid morosamt. No er eg heime på Sevland og har tid til å setje meg ned og hugse alle dei flotte opplevingane vi hadde på turen, og all takk til alle dei lattermilde damene eg var på tur med.
Tolv spente damer på veg til eit nytt, spanande og flott land. Koffertene pakka med alt ein treng, ullklede, regnklede, vindtette klede, partyklede og noko som for mange er ganske viktig, gode klede til å sove i eller til å kose seg i senga med 🙂 Eg hadde til og med bikini med, men den vart liggjande urørt i kofferten.
Færøyane ligg der ute i Atlanteren, nordvest for Skottland, kun halvannan time med fly frå Bergen. Landet liknar ein pilspiss, det er 113 km langt og 75 km breitt. 1399 kvadratkilometer fordelt på 18 øyer. Her er 1100 km med kystline, og ingen stader er ein lengre enn 5 km frå havet. Gjett om vi glea oss.
Vi kom hit onsdag føremiddag, og kom oss til Torshavn. Her budde vi på dette hotellet.
Det ligg faktisk midt i smørauga av hovudstaden.
Vi var ganske så klare til å kle på oss turklede for å kome oss opp til det høgaste fjellet på Færøyane, Slættaratindur. Dette var den dagen då mange ville vandre hit, den lengste dagen i året før sola snur. Det er ein tradisjon å kome opp hit akkurat denne dagen, for å sjå på solnedgangen. Den gang ei.
Sidan véret her på Færøyane er ganske så skiftande så vart den planen endra. Det småregna og var ganske skoddete. Lite vits å klatre opp eit høgt fjell om ein verken ser sola eller utsikta.
Då vart det i staden byvandring, og det var i grunnen ikkje noko problem.
Dette er faktisk det mest fotograferte huset i byen:)
Ei lita sidegate
Tørrfisken her er god, verkeleg god faktisk. Du kan ete han kald med kald kokt potet.
Hovudstaden har mykje å by på. Her finn vi tid til både shopping, god mat og vi får tid til å vandre rundt å kikke,samt kjenne pulsen av byen.
Byvandring
Hovudstaden har fått namnet sitt etter krigsguden Tor, og byen vart grunnlagd i 825. Han er ein av verdas minste hovudstader, og er ein god miks av gammelt og nytt. Det bur omlag 15.000 menneske her.
I skillet mellom det gamle og nye finn vi domkyrkja, «Havnar Kirkja». Ho vart bygd i 1788.
Ellers bør ein rusle ned til havna og setje seg ned og få god mat og god drikke. Maten er verkeleg god her, og vala er mange. Her finn ein alt frå tradisjonelle matrettar til sushi.
I tillegg er Torshavn ein trygg by å vandre i. Så ut på kvelden, når andre kjenner at svevnen tar dei etter å ha vore mykje ute i deilig frisk og rein luft, er det mogleg å vandre rundt å tenkje over livet. Eller ein kan setje seg ned med eit glas vin og berre lytte. Språket er fantastisk flott. Det er vanskeleg å forklare, men språket har sine røter i det gamle oldnorske språket frå vikingtida, ispedd nokre engelske og norskliknande ord. Fasinerande å høyre på, og faktisk kan eg forstå deler av det dei seier.
No gler eg meg til forsetjinga. Vi er så heldig at reiseleiaren vår er frå dette fasinerande landet, og vi har leigt bilar slik at vi kan oppleva mykje. Så her blir det roadtrip rundt omkring dei neste dagane, følg med om du vil:)
I discovered your blog site on google and check a few of your early posts. Continue to keep up the very good operate. I just additional up your RSS feed to my MSN News Reader. Seeking forward to reading more from you later on!…
You actually make it seem so easy with your presentation but I find this topic to be actually something which I think I would never understand. It seems too complex and extremely broad for me. I am looking forward for your next post, I’ll try to get the hang of it!