Velg en side


Farger frå hagen vår i Casa Knutsen
 

No har det gått nokre veker sidan vi kom heim frå Spania, og alle intrykka og dei gode minna er lagra. No når sommaren kjem til Sevland kan det vera fint å fortelje om korleis påska 2017 i Casa Knutsen var for oss.

Fantastisk, kan vel påska kort oppsummerast.

 

Sol og fint vér gjer noko med oss. Vi blir glade og nøgde. På dei åra vi har reist til Casa Knutsen så var véret no i påska 2017 absolutt det beste.

Saman med familien har vi kosa oss og blitt proppa med D- vitaminer.

Bileta seier det meste, så her blir det berre eit kort referat:

 

Fyrste akt:

Knutsen og eg fekk nokre dager åleine. Då skulle vi leggje alt til rette for storfamilien som skulle kome. Sjølvsagt gjorde vi det, men vi fekk og vitja Le Dauphin, ein fin restaurant som ligg i eit område som heiter El Portet. Her hadde vi god mat, og flott utsikt. I tillegg er eigaren av denne restauranten ein flink skulptør, her er ein av skulpturane.

Desserten etter desserten er alltid ein «slager»

 

Andre akt:

Så kom dei sigande, familien. Fyrst sonene, deretter dottera og kjærasten samt svigerforeldra mine. I kofferten frå Noreg hadde dei med seg mjøl, laga på steinaldervis. Det skulle syne seg slik at vi fekk ein eigen bakar på kjøkenet. Det er i grunnen ganske så praktisk. Hans, svigerfar min er ein «racer» i å bake gode, sunne grytebrød. Han diska opp både ein, to, tre og fire dager med bakst. Ikkje berre brød, men italiensk pizza óg, samt eit eige speltbrød til meg;) 

Det gjorde sitt til at alle vi andre kunne halde på med andre aktivitetar.

Det er alltid moro å spele golf, og sjølvsagt må vi det. Å vere i Spania med Knutsen er nesten som å vere på ein treningsleir, om ein ikkje reknar med alle dei koselege kveldane med god spansk vin og god spansk mat då. Desse får eg som rabatt. Golf Ifach er den lokale golfbana, her blir det ofte nokre rundar. Sonen er med, og som sagt véret her er stort sett fint. For tida flyt Knutsen irriterande nok på ei medgangsbølgje, og det er berre til å erkjenne at han er den som vinn. Då er det i allfall bra at restauranten er opna att, her er det så fin, og vi kan trøyste oss med noko godt i glaset.

 

Akt tre:

Eg trur vi snart har laga oss ein liten tradisjon når familien er samla i Spania. Rusleturen frå Moraira til Calpe. Stien går heilt ned ved sjøen og vi andrer frå bukt til bukt. Her er mykje fint å sjå:

 

Ut på tur, aldri sur:)

 

Litt trim etter vegen

 

Utsikt mot Moraia
 

Utsikt mot Calpe

Etter vegen tar vi oss lunsj på The Unexpected bar. Her er det verkeleg sommarstemning.

 

Her er vi på veg vidare

Ein flott kar 


 


Akt fire:

Fleire turar fekk vi tatt oss. Vi hadde ein fin køyretur opp til Guadelest

 

Den kyrkjegarden i Spania som ligg høgast oppe

 

Mor og son

Akt fem: Golfturar.

Av og til må ein berre ta seg ei pause frå slekta. Då passa det fint å få vere inviterte til golfturnering lengre sør. Vi var i Guademar-området, La Marquesa. Her er det ein god gjeng med folk frå Skudenes som kosar seg. Dei har turnering kvar påske. Vi spela på lag, og det var ei fin og koseleg måte å spele på.Texas Scramble er ein speleform i golf der alle slår kvar sin ball og så forset ein vidare på den beste ballen, då er alle spelarane ein viktig del av spelet. Knutsen sitt lag vann, men det var fint å vitje ein ny golfbane. 

 

Vi fekk óg tid til å  vitja ein golfbane i Alicante, Alenda. Litt kaldt den dagen, men moro var det.


Påska, og oppsummeringa, tok Knutsen og eg på ein flott restaurant i nærleiken, Bon Amb. Han har to stjerner og levere slik han skal. Flott mat og fin stemning.

 

Fy søren så heldig vi er!
 

Share This