Velg en side


 

I dag vil eg framsnakka byen vår Åkrehamn. Rett skal vere rett, eg bur ikkje her no, men røtene og sjela mi ligg her framleis. I den koselege byen på vestsida. Eg er ein av dei som har busatt meg i ein av forstadane, Sævelandsvik, og eg må over ?bybrua? for å kome til denne vakre og særeigne byen. Han kan ved fyrste augneblink sjå litt lite ?fresh? ut, og kjerna av byen kan vel heller ikkje  kallast særleg storslått, men ser ein nærare etter vil du både kunne sjå og kjenne stemninga av byen. Torget, med dei fargerike bodene, og syklar måla i flotte farger kan på ein solskinsdag minne om eit torg frå ein karibisk landsby. Det ligg der og ventar på aktivitet og lyd. Det er bra at Åkrehamn Vekst både lager Glade Maidager og haustmarknad. Her samlast ein til tenning av julegran i jula. Torget er ein stad som freistar til fest og hyggje. Den gode staden å møte folk, handle blomar og kjøpe gode, norske jordbær. Dei kan ein og nyte ute. Ta rusleturen bort til parken. Her er det fredeleg  å nyte vér og jordbær. Er det for fredeleg kan ein berre sykle i gong noko musikk sjølv. Ganske så moro.


 

Tar ein vidare eit blikk rundt i byen vil ein finne fleire, små koselege butikkar med alt mogleg av fine ting. Her kan ein handle alt frå  ulik pynt, flotte klede til store og små, garn, bunader, gull og sølv, møbler, blomar og mykje anna. Ein kan finne fleire flotte ?skattar? som ein ikkje finn andre stader i nærleiken, faktisk. Og dei som jobbar her er, på tross av véret, ganske så hyggjelege og flinke i jobben sin. I tillegg finn ein óg,  midt i byen, ein særs koseleg kafé. Vili og Ve kan servere dei flottaste rettane og gje oss den fantastiske gode stemninga ein gjerne vil ha. Dette gjer at kaféen er blitt  kjend over heile Haugalandet. Her kjem det gjestar til og med frå fastlandet, har eg høyrt. Til opplysing vil eg óg nemne det gode bakverket og dei flinke innebandyspelarane som vann gull i vinter.

Om du får nok av å handle, er det mykje anna ein kan finne på.


 

Noko av det beste med denne staden, Åkrehamn, er at ein treng ikkje stresse med å ta med seg klede til alle årstider, om ein vil vitje staden. Her er véret stort sett stabilt, ca sju- åtte grader, litt sol, litt regn og som oftast noko vind. Fasinerande nok er det motvind uansett kva veg ein vel å gå. Det gjer det enkelt å pakke. Har du tatt med deg ei vind- og vasstett jakke har du det du treng for å ta deg rundt, pluss eit par gode gore-tex sko.  Åkrehamn har nemleg mange stader ein kan ta seg rundt, om du likar å vandre rundt og oppleva naturen.


 

 Det er eit ?must? å vitje Åkrasanden. Han er kåra til den finaste stranda i Noreg, og det stemmer på ein prikk. På mange av dei andre reisene mine har eg erkjent dette, og det finnast knapt noko betre der ute i den store verda. Stranda må berre nytast, og sjølv om véret ikkje er supert og sjøen stort sett er for kald til å bade i, gjer det godt for sjel og sinn og vandre her.  Ein og annan tøffing kan ein møte. Nokon badar heile året, uansett temperatur, og det er dessutan eit paradis for dei som vil drive med surfing. Surt vér stoppar ikkje dei entusiastane. På stranda kan ein følgje stien heilt til Ferkingstad, langs ruta er det ulike historiske minner, om ein ynskjer det.

 


 

Om du ikkje likar saltråk og sjøsprøyt på dei raudletta kinna i vinden kan du ta turen opp i ?markjå?. Her finn ein fine turstiar både til nord og sør på Karmøy. Oppe på Fjellagshytta kan ein til og med, ein gong iblant,  nyte vafler og kaffi. Eller ein kan samle seg på Speidarplassen, tenne eit bål og grille nokre pølser. Kan hende ein har kjøpt seg kanuttapølse på Snørteland.


 

Nede ved hamna finn ein eit koseleg kystmuseum  og dei syner korleis livet var i Åkrehamn i tidligare tider. Museet har óg mykje stoff om kontakta mellom Vest Karmøy og USA.

For byen var tidlegare ein fiskeristad. Her var det høg aktivitet innan fisk. Framleis dreg det båtar ut for å fiske, så her er det moglegheit for å handle i fiskeboda som står der nede.


 

Er du fyrst komen ned dit, bør du ta turen ut på moloen og gå han til endes, då kjem ein til Mortholmen. Mortholmen Sildesalteri vart bygga i 1918 I 1930 årene ble salteriet nytta maksimalt og opptil 70 personer hadde sitt arbeid her. På vegen dit kan ein kikke og nyte små kunstverk som lokale kunstnarar har laga. Faktisk mange små sjarmerande kunstverk. Mortholmen er blitt ein fin stad. Han blir nytta til koselege arrangement som kystkulturdagar og ulike konsertar.


 

Og la no dette bli sagt: Om sommaren vel å kome med sol, varme og fint vér er vi som vår-kåte kalvar som skal ut på beite for fyrste gong. Vi hentar fram solstolane, badeleikene, eingongsgrillane og dei store badehandklea, som vi berre nyttar på stranda, frå ?kotta? og strøymer ut. Då myldrar det av liv både på stranda,i sjøen, på øyar og i hagane heime  og vi tenkjer høgt med oss sjølve:

Finare stad enn dette kan knapt finnast på jord!

 

 

Share This