Velg en side


Eg og Tone -genseren 🙂

Lenge sidan eg har skreve no, men tida berre flyg avgarde. No har det vore travelt, travelt, travelt, men kjempe-moro. Eg har starta eit nytt eventyr. Inga reise denne gongen, om ein ikkje tar med all køyringa opp og ned og ned og opp til Haugesund, men no prøve eg meg som butikkeigar. Her skal eg vere sjef, ikkje berre for ein,men to flotte strikkebutikkar! Sjef for sju fantastisk og flinke menneske som verkeleg har mykje kunnskap å dele. Fy søren! Det er både skummelt, spanande, morosamt og travelt på ein gong.

Perlestrikk- butikkane overtok eg 8.mars, på sjølvaste kvinnedagen. 

Modellar må ein strikke om natta:)


 

No ligg eg ikkje på latsida lenger. Eg gjekk frå eit relativt fredelig tilvære til full aktivitet heile dagen og heile kvelden.

 

Ein liten tweedgenser.

Det er så mykje eg må lære meg! 

Nokon sa at det må vel vere draumen for deg, du som er så glad i å strikke (eller spøta som vi seier her på vestsida). Lite visste vel både dei og eg om korleis arbeidsdagen i ein strikkebutikk eigentleg er. Ein får ikkje tid til å sitte i butikken å strikke. Her er det altfor mykje anna ein må halde på med. Det finnest så mange sorter garn til dømes. Ein må vite noko om alpakka, merinoull, ull; totråd eller tretråd, lin, bomull, mohair, angora, ull med polyester, blandinger av bomull og ull, ull og silke eller alpakka og silke. Kva pinnar bruker vi til garnet? Korleis er tjukkleiken? Kor mange meter, gram? Kven er det som produsera desse ulike garna: Sandnesgarn, House of Yarn, Rauma, Drops eller andre?  Desse, som produsere garn, sender ut hefte på hefte med flotte oppskrifter. Det er nesten rom, på baderomsstørrelser, med hefter frå golv til tak. Imponerande då når nokon kjem og spør. Eg vil gjerne strikke Vendela-genseren/ Haukelikofta. Jo, den oppskrifta finn du i hefte 39 frå Sandnesgarn. Mariusgenseren då? I hefte 10 frå Sandnes om du vil ha han i barnestorleik?

I tillegg må ein vere hyggelig, blid og hjelpsam med alle kundane som vitjar butikken og vil «snope» seg noko flott garn. Eit stort pluss er det óg om ein kan dei ulike strikketeknikkane, slik at alle blir nøgde. 

Her er «BFF» frå Skappel


 

Vi sel óg symaskinar, og alle veit at skal ein selge det bør ein ha kunnskap om kva symaskin som er den beste for kunden. Lesestoff for framtida har eg no i massevis, her gjeld det å lære seg det meste på kortast mogleg tid. Lukka for meg er at eg har dei flotte medarbeidarane på Perlestrikk med på laget. Dei er flinke,blide og særs hjelpsame. 

Det ser litt ut som sukkertøy?

 

No holdt eg nesten på å gløyme og fortelje om bunadane. På Åkra kan ein kjøpe Rogalandsbunad og hardangerdrakter til born. Ikkje sjølve bunadane, men alt ein treng for å få eit perfekt resultat. Alle må spreie dette gode budskapet. Kvifor køyre til Haugesund når ein kan få det ein treng på Åkra?

Vil du kjøpe bunad, kom til oss!

Det er ikkje merkeleg at eg nesten gløymde det. Hovudet mitt er no så proppa av ny kunnskap og informasjon at det er rett før det kjem røyk ut or øyrene. Eg gler meg til forsetjinga, når all kunnskapen har sett seg fast der og vi kan starte opp og finne på morosame aktivitetar saman med alle kundane våre.

Lyst å strikke nye puter eller pledd?

For det er det det handlar om no. Vi må få alle til å handle hos Perlestrikk, og at alle tykkjer at dette er flotte butikkar å vitje.

Sjølvsagt har vi satt oss mål: 

Vi skal vere den beste strikkebutikken på garn og god service:)

 

Share This