Vi er komen til Perth, Australia. Ganske trøytte i fjeset,for søvn i løpet av natta vart det lite av. Knutsen surmula litt over at flyturen var for kort, berre seks timar frå Bangkok, då får vi ikkje tid til å sove nok.(i-landsproblem:))
Perth sett frå The Swan-river.
Vatn park, her er moglegheit for å kjøle seg ned.
Perth er ein fin by. Her er stemninga god, og det er ikkje så varmt når vi kjem. Menneska «down under» er hyggjelege folk.
Det er fint å kome attende hit. Vi skal ikkje vere her mange dagane, og sidan eg nærast hadde aktivitetar døgnet rundt i fjor, så har eg tenkt at eg berre skal sige rundt i byen. Kan hende eg skal handle litt, om eg blir inspirert, Uggs bør ein jo ha med heim til Noreg.
Knutsen og Øygarden skal jobbe. Dei skal på AOG, som er ei oljemesse her. Der skal dei knyte kontakter og møte folk. Det er viktig å gjere i deira bransje.
Eit anna mål eg har, desse få dagane, er å vitje øya Rottnest Island. Det er nokre eg kjenner som har fortald meg at dette er eit paradis.
Rottnest Island er ei øy som ligg 18 km utanfor Perth, og ho er omringa av det indiske hav. Dette er staden å vere om ein elskar snorkling, surfing, soling og avslapping.
Her er eit bilete av ei av dei mest populære strendene her.
Ho er kjend for dei flotte strender med klårt vatn. Eg las ein stad at det er over seksti bukter her kor ein kan slappe av. Det er heilt klårt at den beste måten å kose seg her, på denne paradisøya, er å pakke sekken med mat, hive seg på ein sykkel og sykle rundt. Det er mange ulike sykkelruter. Då kan ein verkeleg nyte livet og véret.
For å kome dit tok eg båt frå Perth, han gjekk til Fremantle og så vidare ut i det indiske hav.
Det er utruleg mange som vel å sykle, og hadde eg hatt god tid så ville nok det vore planen. Eg har ikkje god tid i det heile tatt, så for å sjå mest mogleg av øya hiv eg meg inn i ein buss. Då får eg óg mykje informasjon etter vegen.
Øya er ca elleve km lang, og fire og ein halv km i breidda. Det bur omlag hundre menneske fast her. Om ein skal bu her må ein drive noko på øya ellers må ein attende til fastlandet. Det er tolv ungar og ein lærar ved skulen. Fasinerande nok kjem det omlag 500 000 vitjande til øya kvart år.
Høgaste punktet er fyrtårnet.
Ser de byen i det fjerne?
Det er ei spesiell øy. Ho er blitt til av kalkstein og er nokså flat. Her er det sand rundt om og overalt, og ein av tinga dei jobbar med er å planta tre og andre vekster slik at sanden ikkje tek over heilt. Her finn ein óg innsjøar med saltvatn. Tidlegare, før turistmen kom, prøvde dei overtale folk til å kome hit for å bade i desse salte innsjøene, det skulle vera særs bra for huden meinte dei. Seinare har ein vel kome fram til at det er tull, men flotte er dei.
På vegen rundt ser vi andre fastbuande.
Quokka er små kengeruar som held til på denne øya. Det er over titusen av dei her. Dei er eigentleg nattdyr. Dei slapper av, under trea, om dagane og et om nettene. Dei lev av planter. Sidan det er lite ferskvatn på øya er det gjennom plantene dei får i seg vatn. Desse små dyra kan leve utan vatn i fleire månader. Det er óg desse dyra som har gitt namn til øya. Historien fortel at ein sjømann kom innom på jakt etter vatn. Det fann han ikke, men paradis meinte han at han hadde funne. Det einaste problemet var alle «rottene» .Øya vart kalle «rats-nest» som seinare vart til Rottnest Island. Etterkvart fann ein ut at det slett ikkje var rotter, men små kengeruar.
Ellers er det eit yrande fugleliv. Vi ser dei store reira til fiskeørna, men dei såg vi ikkje denne dagen. Andre fuglar var ganske klar til å bli fotograferte,desse måkane blant anna. Måkar liker å vere i sentrum, det kjenner vi godt til frå før. Fasinerande var denne pelikanen som symde i strandkanten. Det nebbet der, fungerer som ein håv.
Eg hadde ein travel,men flott tur ut på øya.
På heimturen oppover The Swan-river fekk eg tid til å nyte véret og eg fekk «even» noko godt i glaset:)
Today, I went to the beach front with my kids. I found a sea shell and gave it to my 4 year old daughter and said «You can hear the ocean if you put this to your ear.» She placed the shell to her ear and screamed. There was a hermit crab inside and it pinched her ear. She never wants to go back! LoL I know this is completely off topic but I had to tell someone!