Velg en side


Ut på tur, aldri sur:)

Overalt i Thailand finn vi bilete av han her:


Kong Bhumibol  Adulyadej

Eg ante ikkje at han døydde i oktober 2016, og at landet har eit år med landesorg. Forviten vart eg då Knutsen sa at ein tuller ikkje med kongen. Om ein snakker stygt eller håner han kan ein havne i fengsel. Kongen deira var eit ikon, og den kongen som hadde sete lengst i verda, heile 70 år. Han var nok ein knakande kjekk fyr, for no er folket uroa på vegen vidare. Sonen, som skal overta, har dei ikkje så god tru på. Han har visstnok gjort nokre dårlege val i ungdomen, kven gjer ikkje det? Nokon har til og med gått så langt og sagt at dei håpar at nokon tek knekken på han slik at systera kan bli regent. Litt uroa er dei for det óg, sidan Thailand aldri har hatt ein kvinneleg regent. Tida vil vel syne kva som skjer, men å hedra kongen som har vore i 70 år skal dei forsetje med ei stund til. 

 


 

Vi tok turen til byen Patong ein ettermiddag. Dette er byen med shopping og heftig natteliv. Her ligg det barer og nattklubber på rekkje og rad. Frå å vere på den rolege staden vi bur, så var det stor forandring å kome til byen. Eg vart heilt overvelda av all støy og mengdene med folk overalt, og eg vart lettare sjokka over hovedgata, Bangla Road. Dette er ei gate dei reklamerer mykje for.

 

Slogmåkane syng ein song der teksten seier at overalt i verda er det ein Irish pub, og i Patong fann eg denne:


 

På nettet hadde eg lest at prostitusjon er forbode i Thailand, men det er visse stader ein tolerere det. I Patong gjer ein det, tolererer? I mine auger var det meir enn å tolerere, dei har tatt han heilt ut. Eg har sjeldan sett så mange fjonge damer/ jenter som byr på seg sjølv. I tillegg fekk vi tilbod om pingpong- show kvar meter vi gjekk. Eg må innrømma at eg ikkje heilt veit kva det går ut på, men det handler garantert ikkje om bordtennis.

 


 


Like undra var eg óg over alle dei som drog med seg små born gjennom denne gata.

 


 

Ellers var Patong ein by med god mat, mykje shopping og fine, og mindre fine, massaje-stader. Her slepp ein å tingje ei time om ein vil ha det. Her er det berre til å velje, det må vere over hundre på ein radius på ca ein kilometer.

 


Vi et flott sjømat og får sett stranda i mørkret.

 


 

Eg tykkjer det er imponerande korleis staden har bygd seg opp att etter tsunamien i 2004. Det einaste som ikkje imponerar må vere strømleidningane, for dei ser ganske så kaotiske ut.

 

 

Båttur til Pi pi øyane er neste punkt på lista. Slik vart det ikkje, for det bles heftig i Phuket denne dagen. «Fagfolka» meiner vi bør ta båten ein annan veg. Det vil seie at Pi-pi øyene får vi vitje ein annan gang, men båtturen tok vi.

 


 

Thailand har utruleg mange flotte øyer og vi set kursen mot Phan Nga Bay.

 


 

Her fekk vi sett «James Bond» stranda, men idéen om å stige opp av havet forsvann i takt med alle båtane og turistane som allereie var der.

 

Mange små strender og storslått natur

 

 

Vidare gjekk ferda innn til Mangrove skogen. Han er Thailand sin styrste. Mangeove-trea er planter som har tilpassa seg saltvann. På nokre av røttene veks det til og med skjell. På vegen dit køyrer vi forbi ein liten by i havet. Eg vil nærast kalle han for Thailand sitt svar på Venezia, i miniatyr.

Koh Panyi

Her bur det ca tusen menneske. I den litle byen har dei alt dei treng, butikkar, sjukehus og ein moske. Hit kan ein berre kome med båt. Dei livnære seg på fiske og noko turisme.

 

 

Skjella skal vere gode


 

Inne i Mangroveskogen fekk vi ein liten kanotur inn i ei grotte /lagune og  fekk sjå den ville, litt spesielle naturen på nært hold. Det seiest  at det skal skal vere slanger og andre skumle dyr her,men vi observerte kun denne krabben.

 


 

Vidare gjekk turen til ei ny øy. Flott lunsj på hotellet Six Senses, her i Thailand har dei mykje god mat.Knutsen blir så nøgd når maten er så sterk at svetteperlene piplar nedover nasen.

 

 

Fiskekaker


 

Eg vart god ven med denne fuglen. Eg har inga aning om kva slags fugl det er, men han kan utrulege mange lydar.

 

 

Innom ei lagune :


 

Vi avslutta båtturen med å vitje ei fin strand og vi fekk tid til litt snorkling. Kult namn på denne staden, Koh Lao Bi Le. 

 


 


 

Eg er overvelda av alle øyene og små strendene vi ser frå båten. Her er utruleg stort og det er mange flotte områder. Eg forstår kvifor Thailand er kjend for den flotte naturen sin. Det flotte véret og dei blide menneska gjer at ein sit att med flotte og gode minner.

 

 

 

Eg syt ikkje med å ta turen attende:)

Sawadika🙏

Share This