Velg en side


 

Det er viktig med ulike opplevingar og aktivitetar. Difor vart det ein tur til ein golfbane i Phuket. Tidlegare samla vi minner i form av ein kjøleskapsmagnet, men no samler vi i tillegg på golfopplevingar. Turen gjekk til Blue Canyon Country Club.

 


 

Eg las på nettet at du bør vitje han minst ein gong i livet. Han er rangert som ein av dei beste i Asia, og eg såg nå på ein plakat at Tiger Woods hadde ein eller annan rekord herfrå.Området er over 700 hektar stor, og ein kan velje mellom  Canyon-Course eller Lakes-Course.

 

Bilete frå bana:


 


 

Begge banane er uansett krevjande, spesielt for slike nybyrjarar som oss.


 

Det er mange meiningar om det å spele golf, men eg gidd ikkje nevne dei no. Å spele golf er morosamt og ganske vanskeleg tykkjer no vi,så mykje trening må til. Vi har sagt vi gjer det for trimmen, den friske lufta og turgåinga, men av og til skal eg vere einig i at det ikkje verkar slik. Då kjenner eg at det kan verke litt kleint. Som fyrste gong vi hadde boogie, golfbilen. Høg på pæra? Sjølv om det vart sagt at nokre stader må ein ha bil for bana er så stor, ganske kupert og så lang at ein ikkje kan makte å nå over med golfkøllene på ryggen.

 

Flinke damer:)

 

Her i Phuket kjem vi på «neste nivå». Vi har ikkje berre boogie, men óg caddie! Knutsen spurte om vi måtte det, ha med caddie, og på Blue Canyon var det et «must». Då må vi det da, ein gjer det ein får beskjed om, alle bruker caddie her. Når vi kjem dit registrerer eg at det berre damer som har dette yrket her, å vere caddie. Merkeleg i grunnen, men slik er det og flinke, veldig flinke i jobben sin er dei. Etter nokre hol blir ein på eit finurlig vis vant til å ha dei rundt seg. Damene fungerer som ein personleg trenar og gir oss mange gode råd. Dei sa at dei ikkje spela golf, men enorm kunnskap om spelet har dei. Både når det gjeld regler, køllevalg, avstander og andre ting om golf som vi burde vite. Damene har full kontroll på det meste, damer plar jo igrunnen det. Dei er i tillegg ganske så pedagogiske. Vi får skryt når vi gjer det bra og trøyst når vi slår ballen mellom trea og ikkje rett opp på greenen. Det er berre til å la seg lede. I tillegg er dei nokre «råtasser» med boogien.

 

Veiledning, hjelp og støtte:)


Merkeleg oppleving var det, å ha ein caddie ved sida si heile dagen, men ein fin runde på atten hol vart det.

Her eit bilete av eit kort, men vanskeleg hol. Du kan berre gisse kor min ball havna..

 

Klubbhuset

Nokon har ein gong sagt: Tap og vinn med samme sinn. Ikkje sant ! Knutsen påstår at eg lyg når eg hardnakka meiner at eg  ikkje er noko konkurransemenneske. Ilter og småsur meiner han eg blir når eg ikkje vinn. Så no veit de det. Knutsen vann og eg vart syrlig. Heldigvis lev vi, og oppfører oss, som ekte idrettsfolk. Vel attende på hotellet avslutta vi ettermiddagen med ein fantastisk god massasje, og då steig humøret att. Og kvelden kunne vel ikkje bli betre når vi fekk god thailandsk mat. Buffet til og med, og det er praktisk for då kan ein berre velje og vrake i godsaker.

 

 

Ein liten konsert til maten 🙂
 

Share This