Velg en side

Smilet er på plass.
 

 

Vi er på ei ny reise. Sidan Knutsen skal på jobb i Australia, og eg er så heldig at eg får vere med, er det lurt å slå to floger i ein smekk. Australia ligg jo på andre sida av jorda, og både tidssona og vêret er ganske så forskjellig frå Noreg. Då kan det vere lurt og avklimatisere seg. Vi er komen til Thailand for å gjere det, eller som andre vil seie det: ha ei lita ferieveke. Det er, uansett grunn, spanande med nye feriestader. Det er fyrste gong vi er i Thailand. Vi har planer om mange ulike aktivitetar, men fyrst gjeld det å slappe av, finne roen og fungere som normalt etter ein lang flytur. Plutseleg hadde vi hoppa over seks timar. Litt bading og soling bør ein dessutan ha når ein har flydd til sommaren.

 

Vi er i Phuket. Phuket er Thailand si styrste ferieøy. Ho er dramatisk med grønt jungellandskap, bratte klipper som stuper ned i Andaman-havet og kvite, lokkande sandstrender.

 

  

Hotellet sett frå havet. 

Bassengområdet 
 

Vårt hotell, Como Point Yamu, ligg på austsida av Phuket. Hotellet har 360 grader utsikt over Andaman- havet og der ligg blant anna Phang Nga Bay. Denne bukta vart kjend gjennom James Bond filmen: Mannen med den gylne pistol. Dette er eit populært reisemål for aktiviteter som dykking og snorkling, samt padleturar. Her har eg ein annan plan, iallfall inne i hovudet mitt. Eg skal kome stigande opp av havet og inn på stranda, med ein kniv i bikini-linninga, slik som Bo Derek. Vi er jo kliss like;)  

 


 



 

Sjølv om hotellet har utsikt over havet, er det ikkje berre til å gå ned til stranda her. Nei her har dei ei eige strand, på ei øy ut i der. Det tar ein halv time å kome ut dit med båt. Morosame dei båtane ein bruker her. Knutsen seier dei har laga båtmotoren av eit bilmotor?


 

Spesiell propell er det uansett. Ein kan sjå på bilete her at dette nok er ein typisk Opel-Kadettmotor.

Ute på øya koser vi oss som grever alle saman.


 

 


Her er det berre til å bestille seg det ein ønskjer. Eg er nok heilt klart flinkare enn Knutsen til å smile mot sola. Han er full av energi. Etter å ha jobba seg gjennom noko » mikrotrim» tar han seg ein tur på seilbrett.

 


 

 


Fantastisk god er han nok ikkje, men litt av problemet er nok at det er vindstille. Lett ser det ikkje ut til å vere. Mange badeturar får han på kjøpet. For dei som no lurer på kva «mikrotrim» er, så er det når du kombinerer soling med lett aktivitet som å sykle i lufta, ta nokre situps og gjere andre lure rørsler som er bra for kroppen. Dette gjer seg spesielt gjeldande for menneske som faktisk ikkje klarer å liggje i ro på solsenga.

 

Koselig lita øy er det. Her er fin natur, og eg tykkjer det er morosamt med orkidane som berre har bestemt seg for å «bu og leve» på ei stamme.

Overalt ser ein óg slike alter. Her er friske blomar, drikke og mat. Det er fasinerande å sjå korleis religionen er ein del av kvardagen her, ulikt det vi er vant med heime på Sevland.

 

 

Vi har ein flott dag på øya. Vel heime på hotellet er det på tide å finne ut kva vi vil gjere dei neste dagane. Det er viktig med planer,meiner Knutsen. Då kjennes det nesten ut som det blir to av han. Mon tru om det er ein golfbane vi kan vitje? 


 

 

Share This