Velg en side


 

Vi har pakka golfsetta, smurt matpakka, tatt med vannflasker og er klar for å vitje ein ny golfbane. Her kjem blogginnlegget for dei som likar golf eller har lyst til å starte med golf. Kan hende du er ein av dei som tykkjer det ser morosamt ut, og det er det absolutt. Innlegget passer óg for dei som likar å vitje nye flotte stader:)

 

Køyreturen går mot Valencia. Etter ein del mil svingar vi av motorvegen og følgjer CV- 50 til høgre.Vi set nasen, det vil seia bilen, opp mot fjella. No er vi midt i smørauga av  appelsinproduksjonen til Valenciaregionen. Her køyrer vi forbi store appelsinlunder, med tusenvis av flotte, søte appelsiner. Dei er gode, det veit eg. Vi har nemleg eit appelsintre i hagen, og i desse vekene har vi plukka dei og laga oss kortreist jus, det er supre saker. Det dukkar opp andre tre med frukt óg. Litt spesielle er dei. Tre utan blader som bugner over av frukt som liknar store tomater. Eg vil aller helst at Knutsen skal stoppe slik at eg kan knabbe ei frukt for å finne ut kva det er, men det lar seg ikkje gjere. Nyfiken som eg er, så må eg berre finne ute av det. Fort gjort å sjekke i desse internett-tider. Det er frukta persimon, som er eit stort bær. Har du høyrd om det?  Minnar om frukta Sharon og smaker søtt, fyldig og plommeaktig. Frukta skal vere ei delikatesse. At dette området var kjend for å dyrke persimon var ukjend for meg, men no veit eg det. Ein lærer noko nytt heile tida.

 

Vi passerer små byar og tettstader etter vegen, ein av byane er Alzira. Jordsmonnet her er svært fruktsam, og byen er eit viktig sentrum for Spania sin appelsinproduksjon. Nokre kulturelle opplysningar om byen bør vere på plass. Rådhuset vart bygga i 1540 og dei har ei romersk bru over elva Jucar, så her har det budd folk lenge.

 

Her er flott utsikt på alle kanter.

 

La Galiana Golf er ein nokså ny golfbane med atten hol, par 72 og han er omlag 6216 meter lang. Han ligg i området Barraca de Aguas Vivas. Det er ein fantastisk flott bane som ligg i ein dal omringa av fjell. Banen er så stor at det er nødvendig med ein «buggie».

 


 

Det ville vore keisamt om ein vart så sliten av å gå at ein ikkje klarte å spele, konsentrere seg om golfen. Eg får lyst til å syngje songen : «Over berget, ned i dalen… » medan Knutsen køyrer avgarde. Golfbanen er som ein berg og dalbane i veldig sakte kino. Her må vi mestre å slå ballen oppover, nedover, kort, langt, rett og i bue. Det er mange sandgroper og små innsjøar plassert rundt på dei ulike hola.

Ein blir fengsla av det flotte landskapet, og ein tenkjer på kven som hadde den idéen, å byggje ein golfbane her? 

 

 


Golfbanen er vanskeleg, men veldig morosam. Knutsen meiner vi klarer oss forbausende greit, iallfall gjennom dei fyrste hola. Ein dupp får vi,bokstaveleg, ved hol ni då golfballene havner rett i ein innsjø. 

 

 

 

Utruleg fasinerande golfbane, og Knutsen og eg er nøgde med å vere her. Der fekk vi jammen meg samle oss ein ny golfbane.
Vi kosar oss, her er det mykje å trene på.

Spelinga tar tid sjølv om ein har «buggie». Det går over fem timar før vi er ferdig. Dagen har vore strålande og vi kjenner det både i hofter og armer. Lukka er komplett, iallfall for min del, når eg finn ut at vi har lik poengsum. Det er alltid mest rettvis at det blir uavgjort .

 

 

Share This