Om nokon trur vi er på avslappande sydentur når vi er her i Spania, må de nok tenkje om att. Her er full rulle stort sett frå morgon til kveld. Hadde eg ikkje fått kviledag no i helga, så hadde eg stått i fare for å verta overtrena.
Moro er det, og aktivitetar å halde på med er det nok av. Eg er nøgd med å få vere ute. Litt surrealistisk med sol og temperaturar som ein norsk fin sommardag i januar. Her har vi stort sett hatt atten grader og sol sidan vi kom,berre for å gni det litt inn. Det innbyr til uteaktivitet, og syten kjenner ein seg slett ikkje.
Dessutan så er det noko med januar, den fyrste månaden i året. Han gjer alltid noko med ein, sjølv om ein ikkje har laga seg spreke nyttårsløfter. Ein får lyst til å starte opp med noko uansett. Fyrste månaden i eit flunkande nytt år. Etter late dager i jula er det godt å lea på kroppen.
Solnedgang i San Jaime, på veg heim frå golfbanen:
Knutsen er fullstendig hekta på golf og då må ein trene, trene og atter trene om ein skal bli litt bedre. Eg er ikkje verre enn at eg hiv meg på. Moro aktivitet for oss beggje. Ni hol går relativt greit no, men kondis og konsentrasjon må jobbast opp for å halda nivået oppe gjennom atten hol. Stevsamt og resultatmessig, veldig opp og ned. Når ein trur ein veit korleis det skal gjerast, får ein det plutseleg ikkje til?
Kombinasjon av morsjon og frisk luft er godt for kropp og sjel. Moraira ein fin stad å traske i, her kan vi gå mil etter mil. Så om det av og til kjennest ut som eg har havna i ein tre vekers aktivitetsleir, går det bra.
Calpe:
Vi kan nyte óg. Særleg er vi glad i god mat og drikke. Her finn ein mange restauranter med nettopp det. No i helga tok vi turen litt innover i landet. Va de Cavall er ein restaurant vi hadde høyrt mykje om, men ikkje fått vitja før. Vi fekk tinga oss eit bord til laurdagskvelden. Endeleg skulle vi finne ut kvar han var. Sidan det er så mange stader å ete har eg som mål at vi skal teste ut ein ny restaurant vi ikkje har vore på kvar gong vi er her nede. Enno, etter fire år, er det mange vi ikkje har prøvd, og det dukker opp stadig nye restauranter.
Vi for avgarde i taxi. Oppover mot byen Gata de gorgos. Plutseleg svinga taxien bratt ut på ein kjerrreveg, utruleg at det kan vere ein restaurant her? Vi køyrer forbi appelsinlunder og marker og plutseleg er vi der. Vall de Cavall ligg her som ei lita oase i ødemarka.
Eg veit vel framleis ikkje heilt kor han ligg, for ute er det mørkt og svart som bek.
Koseleg er det, og maten smaka fortreffeleg. Forretten var utruleg god, blekksprut med mjuke gode og blå poteter, samt fiskerogn.
Knutsen har fått seg «litt» dessert:
Så ny trening på golfbana. Framgang? Tja, litt kanskje, det byrjar å bli greitt med atten hol.
Som de veit er eg gift med ein trommeslager. Er det noko Knutsen savne av og til så er det trommene. Han har stadige planer om å investere i eit trommesett her. Av og til trur eg nærast han vil ha det i stova, men det skjer ikkje!
Då tar vi oss ein køyretur til Valencia. Her skal vi skjekke ut ein musikkforretning, samt Knutsen påstår at vi skal ha oss ein handletur, kanskje finne oss nokre klede.
Det blir ikkje trommekjøp, og heller lite av klede.
Har de hatt med dykk menn på damebutikkar, hengjande i nakken på ein, og er no det særleg inspirerande? «Not» 🙂
Det spelar inga rolle,for Valencia er ein flott og sjarmerande by og rusle rundt i. Dessutan er vi gode til å finne caféar i sola kor vi kan kose oss med ein kaffikopp. Det er vi gode til. Så om eg berre kom heim med ein sjampo, og den trong eg faktisk, så hadde vi ein flott dag.
Litt jul endå:
Eg anbefale alle å vitje Valencia, kjempeflott. Her er mykje sjå, både den sjarmerande gamlebyen og handlestrøket. Vil ein vitje eit museum er det fleire å velje mellom. Han er forresten den den tredje største byen i Spania.
Hasta luego:)