Velg en side

Feliz año Nuevo !

 

 

Godt nyttår til alle. Her kjem ei lita skildring på korleis Knutsen og eg opplevde den siste dagen i 2016. Vi er stadig på jakt etter nye opplevingar, og det er mykje å oppleva.

 

 

Det er mange måtar å feire nyttår på. Vi har feira nyttårsaften på ulikt vis.Det har vore feira med gode vener, saman med familien, på restaurant og heime hjå oss sjølv og hjå andre. Vi har kledd oss i alle typer klede for å mestre vêret,og vi har kledd av oss for å bade. Dette året valde vi å avslutta 2016 med ei ny oppleving. Det er faktisk fyrste gong vi er åleine, utan nokon av ungane eller gode vener, på nyttårsaften.

 

SAMSUNG CSC

 

 Ferda gjekk til Hotel Denia La Stella Golf Resort & Spa. I tillegg til å samle på opplevingar er det ei greie å prøve nye golfbaner. Siste dagen i 2016 ville vi gjere det. Nyttårsgolf må vere bra,og når ein har sol og høg himmel ligg alt til rette for ein fin og aktiv dag. 

 

 

 

Hotellet og golfbana ligg fint til mellom nokre små spanske fjell, og bana er flott og lang. Vi var spente før vi byrja. Jaggu meg skulle vi spela saman med nokon andre dei fyrste ni hola. Faktisk eit eldre fransk par, har du høyrt det før?  Frankrike er flott og franske menneske er fine, men det er litt strevsamt når dei berre kan snakke fransk. Det er ikkje mange djupe samtaler ein kan ha undervegs då. Sjølvsagt vart eg stressa då den eldre herren sa han hadde spela i tjue år. Korleis skulle dette gå? 

 

Heldigvis var ikkje dette ekteparet avskrekkande gode, og Knutsen og eg kunne halda følgje. Eg klarte til og med eit par fire. 

 

 

Tida flyg når ein spelar golf, og mat hadde vi ikkje tenkt på. Eg kjende svolten kome, og ei stund der gjekk vi nærast med innhola kjaker. Då svikta konsentrasjonen og svingen sat slett ikkje der han skulle.
Etter ni hol skilde vi lag med ekteparet fra Frankrike og fortsette åleine. Då sprinta Knutsen inn i golfbaren og røska med seg noko spansk omelett vi kunne ete etter vegen. Heldigvis,det redda nok livet vårt denne dagen konkluderte Knutsen. Vi kjempa oss gjennom dei siste ni hola, med varierte resultat. Vi,eller rettere sagt Knutsen ,meiner vi blir stadig betre, og beggje er einige om at det er morosamt.

Det er krevande med atten hol, og mot slutten kjennest det nærast ut som eg hadde spela på meg «hoftedysleksi». Eg var både trøytt og svolten, og i eit sekund eller to tenkte eg at galla-aftenen vi skulle på om kvelden hang i ein tynn tråd. 

 

Ville vi makte det?  Etter ein god dusj og ein liten akevitt kvikna eg forbausande fort.

Klar for kvelden:


 

Det starta med canapéer og sjampanje.

 

 

Her hadde alle gjestene dressa seg opp i sin finaste stas:)

 

Noko underholdning får vi óg. 

 

 

Vi skulle sitje ved bord atten, og det var spanande  å finne ut kven vi skulle feire kvelden saman med. Dei einaste opplysningane vi hadde fått på førehand var at det var eit  «Englishspeaking table».

 

 

Her var stor variasjon!

Eit flott ektepar fra Dusseldorf. Det skal forresten vere ein super by å reise til, han inneheld det meste. Super shopping, god mat og dei har er ein fin gammel -by. Ekteparet hadde jobba med jern, og var eit par som hadde reist over heile verda høyrdest det ut som. Han snakka om safari i Sør Afrika, vandring på den kinesiske mur, golftur til Portugal og mange, mange andre opplevingar. Dei var godt kjende på hotellet for dei vitja staden her for å spele golf kvart år. 

Så kom det nokre flotte folk fra USA. Dei hadde nettopp kjøpt seg hus i området. Eit ektepar samt bestevenninna til frua. Ho var visst nok ganske kjent. Lærebokforfatter, ein guru innan undervisning i USA. Eg måtte sjølvsagt google ho, sidan eg er opptatt av læring . Ho var professor på universitet i Ohio, og ho er særs opptatt av å betre lesinga til elevane. Mange bøker hadde ho skreve. For dei som lurer på namnet, så heiter ho Gay Su Pinnell. 
Ekteparet hadde mykje på hjartet. Folk frå andre land er i grunnen ganske opptatt av å fortelje om seg sjølv. Vi jordnære vestlendingar vil vel kalla dette for sjølvskryt, men det er no ein gong fasinerande å høyre på. Begge var pilotar, og før dei flytta til Dubai hadde dei sitt eige fly i New York. No vurderte dei å bu ein periode i Spania, før dei skulle pensjonere seg å flytte til Tucson, Arizona. Det skal vere supert der, både Eric Clapton og Paul McCartney hadde hus der?   Ho var kunstnar og måla store oljemalerier, og det var ho superflink til. Ho og eg skal visst nok byrje å hengje saman. Då kan vi satse på målinga og bli inspirerte av kvarandre. Ho var fasinerande «amerikansk intens», men hyggjeleg. Ho ville til og med gje meg Christian Louboutin skoa sine. 

Spesiell og annleis nyttårsfeiring får ein vel seie, og noko uvanleg i kosten både når det kom til mat og bordgjester. 

Det einaste som mangla om kvelden var fyrverkeriet ute, men kva gjer vel det? Når vi entrar baren på hotellet er det fri bar med høge glas, disco og god stemning, med andre ord eit fyrverkeri av dans, drikk og song. Flotte, glade og feststemde menneske frå ulike stader. Og dansen varte langt ut i dei små timane.

 

Nyttårsforsett

har eg ikkje i år heller.

Trur eg forset på det viset

eg har gjort til no,

med nokre få unntak.

Share This