Velg en side
 
Det er viktig å samle på opplevingar har eg sagt ein gong eller kanskje fleire. Av og til kan eg nok trege på  det utsagnet. Knutsen brukar utsagnet mitt for det det er verdt. I solsteiken i Miami skal vi ikkje liggje på solsenga og late oss, nei her skal det opplevast. Tidlegare samla vi på kjøleskåpsmagnetar,det gjer vi fortsatt, men no testar eller samler vi visst på ulike golfbaner. Miami Beach Golfklubb er flotte greier.
 
 
 

Det er ein lang og fin golfbane. Endeleg skal vi køyre rundt i bil?

 
 

 

Eigentleg tykkjer eg det er litt tullete, det med den bilen, men praktisk er det når bana er lang og vi skal gå atten hol. Dessutan kjennest  det deilig ut å sleppe å bere golfkøllene i varmen.

Av og til blir eg meir opptatt av desse øglene enn å gjere det bra på golfbana. Litt skummelt når eg skal hente ein golfball nede ved vatnet, ein rislelyd av nokon som kjem seg uti, mon tru om det var ein liten krokodille?
 

Flott og varmt er det. Veldig anleis enn slik vi har det når vi spelar heime i Skudenes . Eg tykkjer at ein køyrande kiosk burde kome fleire stader. Ei hyggjeleg dame køyrer rundt og spør korleis vi har det, og om vi treng noko. Det var fantastisk med ei iskald cola etter nokre timar.

Status for spelinga og golfsvingen?
I følgje Knutsen så går det framover, men vi har framleis langt igjen før vi blir god. Her gjeld det berre å øve, øve og øve. Etter mange timar var det godt med ein god amerikansk burger, og det har dei på hotellet vårt.

Tida flyg og vi skal videre på ei ny oppleving. Vi skal på basketballkamp. Det var i grunnen veldig amerikansk og kjekt å få oppleve. Her møtes folka ein time eller to før kampen, for å ete, drikke og handle Miami Heat klede og andre effekter. Mykje folk og høg stemning. Før kampen byrjar heidrar dei ein krigsveteran, og så spelast nasjonalsongen.

https://youtu.be/AKVkh8YLynI
Berre det hadde vore nok for meg. Så høgtideleg og stor stas.Eg plar alltid å bli rørt når eg høyrer nasjonalsongar. Miami Heat taper kampen mot New York Knicks, men stemninga er høg heile kvelden.
 
 

Og det er mykje som skjer. Folk rulser  ut og inn med stadig meir mat og drikke. Her kan folk vinne gåver og det blir oppfordra til brøling og klapping. Når laga tek ein pause kjem desse flotte damene inn, så om heimelaget tapa, vann uansett desse her:

 
https://youtu.be/6QR6nC5NNfM
Eg vil seie til alle eg kjenner: Om du er i USA og verkeleg vil kjenne på noko «amerikansk», gå på kamp. 🙂
Her er nokre fleire bilete frå Miami:
Typisk amerikansk kafé?

 

Postkontoret


 

Ei koseleg gate med mange italienske og spanske restauranter


Jul og Hanukka



På veg heim

Oppsummering av turen.

I følgje Knutsen var det ei flott reise, og det kan fort bli ein tradisjon, å reise til Miami i desember. Eg må seie meg einig:)

 

Share This