Velg en side

 

God jul og godt nyttår ønskjer vi alle.

 

I 2016 har vi fått oppleva mykje. Knutsen og eg har fått leve ut draumen om å vere «rekande fantar». Vi har funne ut at dette året har vi vitja fem verdsdeler. Eg kjenner meg privilegert og heldig. Det er morosamt å samle på opplevingar. Dessutan er det flott å ha tid til kvarandre, og gjere mange aktivitetar saman som vi trives med. Det får vi når vi er på reise, og spesielt når vi er «heime» i Moraira.

Dette har vi fått moglegheit til å gjere fordi ungane er vaksne og klarer seg sjølv. Marte er sambuar med Jarle i Haugesund. Ho jobbar halv stilling i Åkrehamn vekst og studere i tillegg engelsk. Ho er ei driftig dame, og er særs god til å bake. Det trur eg ho har arva frå mor mi. Hans Tore bur for tida i Trondheim. Han leiter etter ein jobb, og eg trur han leiter etter seg sjølv, det er ikkje alltid lett. Eg håpar han finn ut kva han vil. Byen han bur i er han ganske så nøgd med. Gaute er komen heim frå Brasil, og går  andre året på Kopervik vidaregåande skule. No har han fått lappen,  og han er flink og ordner det meste sjølv. Det er kjekke ungar, og eg er nøgd.

 


 

Vi har hatt eit år med mange opplevingar, både morosame og triste. Den flinke, kjekke og driftige mammaen min døydde i slutten av oktober. Det er nesten ikkje til å fatte og savnet er stort, men slik er livet. Ho fekk leva eit rikt og innhaldsrikt liv, og ho fekk vere på farten til det siste. Vi får minnast ho med glede, og tenkje attende på dei gode minna. I heimen vår er ho til stades på alle måtar, i tankane og med ulik julepynt. Fint å ha minna framme, og koseleg fordi eg får kjensla av å ta med meg noko av barndomen heim til Sevland.

 

Her er noko som mamma har laga.

 

Flink til å strikke og flink til å sy

 

Arvegods frå Sandane

 

I følgje dottera mi så kan ein visst nok bli litt merkeleg når ein ikkje går på jobb, ho referere til meg då. Eg veit ikkje om eg er einig, men mange prosjekt har eg halde på med dette året. Eg keiar meg ikkje, og tru det eller ei når eg seier at dagane ryk og det kjennes ut som eg har det like travelt som når eg gjekk på jobb.

No i desember har eg kjend meg litt som kjerringa mot straumen. I desse dager, når mange kjøper falskt juletre eller ei fin tett edelgran, hadde eg ein idé om å ha eit furutre. Det vekkjer nok mange minner hos mange på vår alder, vil eg tru. Familien Knutsen hadde alltid det. Kvifor veit eg ikkje heilt, men det dryss nok mykje mindre enn gran. Årsaka til at eg ville ha det var denne havmannen her:

 

 

Han kjøpte vi på Key West, saman med anna «sjø-inspirert» julepynt. Vi har dessutan óg mange ulike kuler som eg vil syne fram, difor furu. Ein ser heilt klart pynten betre. 🙂 Det var ikkje lett å finne eit furutre, og det var rett før eg sende Knutsen til skogs med øks. Ebne planteutsalg vart redninga, og Knutsen kom heim med eit fint tre.



 

Ha ei strålande julefeiring og eit godt nyttår!
 

Sidan vi sjeldan er pynta og samla, blir det eit  to år gammelt familebilete.Ungane ler høgt når dei ser på dette bilete, for dei undrar seg over kven ho mørke på bilete er?

 

 

 

Share This