Velg en side

 

Vel framme i Miami att. Byen er ein storby kor ein kan oppleve det meste, alt frå det late strandliv til strevsam og travel shopping.

 

Ved bassenget

 

Vi budde nær stranda i Miami Beach. Her låg vi på  eit klassisk hotell på Ocean Drive, The Betzy. Dette hotellet er eit historisk «boutique» hotell i art deco stil, bygd i 1942. Uansett kor vi var i hotellet hadde dei bilete av nokon i The Rolling Stones, så kanskje dei óg lika seg godt her? Her er eit bilete av Mick Jagger, sexsymbol tja, men ei verdsstjerne det er han:)

 

 

Det er i grunnen midt i smørauga, over vegen og ned på stranda. I enden av gata der det alltid er liv. På Ocean Drive får ein ei kjensle av at det er «happy hour» heile dagen. Då får du ikkje berre to drinkar til prisen av ein, men store glas, «gullfiskeboller» ,med drikke. Store, større eller størst. Vel sjølv, for drinkane kan óg vere søtare enn søtast. Maktar ein ikkje å drikke opp, kan ein berre få med seg drikka i plastbeger.

 

 

 

 

 


 

 

 

Her er det flott og fargerikt. Det er i grunnen ganske lekkert når ein male bygningar i pastellfarger. Området er byggja i Art Deco stil. For dei som no lurer på kva det er så kan eg fortelje dykk at Art Deco er ei stilretning som kom på 1920-talet. Då var dei meir opptatt av at arkitekturen skulle vere dekorativ enn funksjonell. Ocean Drive har mange av desse flotte bygningane.

 

 

 

 

Her er det liv og røre. På denne tida i desember er det ei kunstmesse her, Art Basel, så det er mange flotte menneske å sjå på. Her er kunstnararar, muskelbuntar, turistar, folk som vandrar i gatene i bikini og folk som har mykje klede på .Ein finn noko for ein kvar smak. Litt ekkelt , tykte no eg, då det kom ein mann gåande med to store slangar hengjande rundt halsen.

 

Det ser ut for at Miami Beach driv og oppgradere seg. Ein del av husa, blant anna dette i Collins Street, jobbast det med.


 

Her er fint og varmt,  og Miami Beach er kjend for stranda.

 

Nokre timar må vi une oss. Stranda blir ofte avbilda med eit slikt tårn. Her held dei flottaste livreddarane til.

 

 

Det er ikkje berre husa som er flotte her i Miami Beach, her er mange flotte bilar og andre transportmidler. Ei stund var Knutsen redd for at eg var byrja og jobbe innan samferdsel for kamera gjekk varmt på å forevige ulike køyrety. Eit par må dykk få sjå.

Her ein politibil som gjer at eg ønskjer å sjå Miami Vice att, hugsar du serien frå åttitalet med dei to kule politimennene?

 

 

 

Sjekk denne nostalgiske lastebilen eg fann då vi gjekk kvartal etter kvartal på jakt etter ein heilt spesiell restaurant :

 


 

Joes Stone Crab er ein restaurant i Miami Beach. Han vart opna i 1913 av Joe Weiss. Her er dei kjend for å servera den beste krabben, ?stonecrab?. Krabben liknar vår, men er litt større. Han blir fiska utanfor  Restauranten er veldig populær og vi venta nesten ein time før vi kom inn. Ofte kan ein møte både kjende politikarar og skodespelarar her. No skulle eg ønska at eg faktisk kunne sei det, at vi møtte nokre kjendisar, men eg trur ikkje vi gjorde det. Rett nok såg eg ein gammal mann, i rullestol, som likna på Cuba sin leiar, men det var nok ikkje han. Elles var det det spannande å følgje med storfamilien på tur, der alle damene var stive i maska. Eg trur ikkje eg har sett maken, kven har bestemt at det er flott med lepper som ser ut som et andenebb eller vere så stram at ein ikkje har mimikk. Alt for å sleppe rynker? Dei oppførte seg uansett som kjendisar.

 

Krabben var flott og god. Eg er vel litt i tvil om det er bra å halde på å ete han, sidan eg leste at dei fiska krabben, tok klørne av og heiv resten av krabben ut att. Då hadde vi allereie bestilt krabben og som nokon i familien Knutsen seie: det nyttar ikkje å hive ut katten når han har pissa.

 

Nokon gonger går draumar i oppfylling. Ikkje heilt sant at eg har drøymd om å gå på Barbra Streisand, men eg hadde vel aldri trudd at eg skulle få oppleve det. Om eg hadde hatt ei ?bucketlist? så hadde det nok stått på den lista. Ho er jo ei legende. Fantastisk god til å syngje, flink skodespelar og regissør. Dessutan er det noko mystisk med ho. Ho har alltid gått sine egne vegar og det ser ut for at ho har styrt karrieren sin stort sett sjølv.

 

 

No skal det óg seiast at eg likar flott og svulstig song.

Det er ikkje kvart år ho held konsertar. Gjett om eg var glad då Knutsen kom heim og sa at vi kunne det, gå på Barbra Streisand sin konsert. Flott var det, og at dama er syttifire år er nesten ikkje til å tru. Eg  lurte meg til å filme, frå konserten, og her er eit av høgdepunkta.

Her syng ho i duett med Jamie Foxx. For dykk som ikkje veit kven han er, så er han skodespelar og artist. Faktisk vann han Oscar for rolla som Ray Charles, i 2004, kult 🙂

Songen heiter Climb every mountain, og det var kanskje symbolsk at songen handlar om å finne draumen sin?

 
https://www.youtube.com/playlist?list=PLvnRlIyyVjVw99ab7pu3AZg4R8Dz5yLsN

 

 

 

 
Share This