Eg er så heldig at eg får gjere noko av det kjekkaste eg veit, faktisk ganske ofte, å reise på tur. Det er ei fin kjensle å reise frå småsurt vér på Sevland tidleg ein torsdag morgon, for å gå ut av flyet om ettermiddagen til sol og sommar i Miami. Det gjorde Knutsen og eg sist veke. Verda er jammen meg blitt mykje mindre enn før. Det er berre til å ta seg ut i verda, om ein har moglegheit til det. Fin reiserute forresten, direktefly frå Oslo. Vi skulle på kosetur, Knutsen skulle faktisk ikkje jobbe denne gongen, men mange planer det hadde vi likevel.
Knutsen hadde tenkt at Key West burde vi vitje. Som tenkt så gjort, sjølvsagt var vi klar. Key West er ein sjarmerande by ytst i havet mot sør. Turen frå Miami Beach tar ca fire timar, og det er ein spesiell køyretur. Hovudvegen heiter Overseas Highway og har 42 bruer undervegs. Vegen vart bygga som ein jernbane fyrst og var ferdig i 1912. I 1935 vart bana øydelagt av ein orkan, og då bestemte dei at det skulle byggjast ein bilveg i staden for. Forsatt ser vi fleire av dei gamle jernbanebruene langs ruta. Av og til kan ein få ei kjensle av at ein nesten køyrer i vatn sidan vegen går i same høgde som havet.
Når ein er i USA må ein gjere noko ein har sett på film, det tykkjer no eg da. Inne i hovudet mitt hadde eg tenkt at det ville vere morosamt å køyre i open bil, med eit lekkert skjerf over håret, pynta og stasa opp. Eg fekk vilja mi, og vi leigde ein cab for å køyre ned til Key West. Gult er kult!
Endeleg fekk eg prøve. Ha skjerf på hovudet og late som om eg var ei superstjerne. I starten kjendes det litt slik óg. Lite ana eg då korleis det ender når ein køyrer fort, med vind i lufta, og det lekre skjerfet rundt hovudet:)
Key West er sjarmerande!
Med fargerike sørstatshus, smale gater og smug. Her er koseleg og avslappa stemning. Folk tar det med ro. Dei kosar seg med god mat og drikke. Det er eit «must» å ete Key lime pai eller kanskje prøve ein god cigar.
Vi deler gatene med høner og haner. Dei er ganske klar for å bli fotograferte.
Duval-street er hovudgata, og her det er mykje å leggje merke til. Her finn vi, blant mange andre flotte hus og kaféar, stambaren til Hemingway, Sloppy Joe. Her satt han nok, med ein god Mojito, og fekk inspirasjon til å skrive. Når ein rusler i gatene kan ein nesten få ei kjensle av å gå attende i tid, slik ein har sett i filmar frå sørstatene.
Julestemning
I Key West er det nokre ting ein berre MÅ gjere.
Det eine er å vitje The Southernmost Point, det sydligaste punktet i USA. Herfrå er det berre 145 km til Cuba.
Det andre er å ta eit bilete av solnedgangen. Eg las ein stad at det var like vanleg som bilete «elg i solnedgang. »
Då bør ein kome seg ned til:
Her på Key West feirar ein solnedgangen med underholdning, drikke og moro. Den beste staden å vere då er på Mallory Square. Her er eit yrande folkeliv.
Etterpå kan setje seg ned og nyte livet og solnedgangen. På bryggja er det stor stemning, og desse unge gutane spela irriterande bra i følgje Knutsen. Stolte var vi uansett når Aha sin song, The sun always shines on tv, kom.
Solnedgang på Key West
I ei lita sidegata, ved den lokale kinoen møtte vi ho her, Marilyn Monroe. Då kjende vi, om vi legg godvilja til, at Vestlandet og Key West har noko til felles og det er ikkje temperaturen.
Over gata dukka det opp eit lite hotell, kjempekoseleg.
Vi enda innom i baren, og møtte eigaren. Han var frå London, men hadde havna her på heiltid. Her er signaturdrinken hans: Bloody Mary med lunsjen festa på, det er berre til å nyte. For dei som lurer på kva han inneheld så er det både «meatball og yorkshirepudding».
For meg var eit av høgdepunkta å vitje Hemingway sin heim. Han budde her i fleire år med kona, den andre i rekkja av fire, Pauline.
Her fekk vi høyre og lære om forfattaren og livet hans.
Her møter vi óg kattane?
Hemingway fekk ein gong ein katt, Snowball, av ein sjøkaptein. Det spesielle med denne katten var at han hadde seks tær. Forfattaren elska kattar, og sa ofte at det hjalp han i skrivinga. På eigedomen på Key West tar dei vare på etterkommarane av Snowball. Her lev dei eit luksusliv. Det var over førti katter som rusla rundt. Her har dei til og med ein kattekyrkjegård. Hemingway kalla alle kattane opp etter kjende personar, og det er ein tradisjon som lev vidare.
Skrivestova
Utsikt frå terassen
Er det mogleg å få tårer i auga av å vitje eit museum? Det fekk eg. Utruleg sikkert, men sant. Litt av årsaka, trur eg, er at vi har vitja mange stader rundt om i verda der Hemingway óg har vore. På ein måte tykkjer eg vi nesten har vandra i hans fotspor eller iallfall vitja barane der han fekk inspirasjon:)
Han var ein forfatter som verkeleg levde livet og som reisa mykje . Historiane hans er ofte basert på eige liv og eigen livsstil. Han levde heftig på alle måtar, og tragisk nok skaut han seg sjølv. Då var livet hans sterkt prega av depresjon og alkoholmisbruk. Kall meg gjerne merkeleg, men nøgd var eg.
Om kvelden rusla vi ned til sjøen og marinaen for å gå» The Harbor Walk». Her ligg restauranter og barer tett i tett. Det er berre til å teste ut stad etter stad. All drikke blir servert i plaskoppar slik at det berre er til å ta koppen med seg til neste stad. Vi avsluttar med eit fantastisk måltid med sjømat, for det er dei kjende for.
Og vi får det vel ikkje kjekkare enn vi sjølv klarer å få til;)
Etter eit par dager satte vi oss i det gule gliset og sette nasen mot Miami Beach att, klare for nye opplevingar. Det er ei legende som seier at har du fått Key West sand i skoa dine så vil du garantert reise attende, og det kan godt hende at vi nettopp gjer det.
Amazing plenty of excellent facts.
best place to buy essays buy custom essay
Thank you. Ample data.
free casino slots online best online casino signup bonus online craps casino
Many thanks. Awesome stuff!
ebook writing service music essay writing the ladders resume writing service review
Regards, Plenty of data!
vow writing service essay writer service what is best essay writing service
You suggested it really well!
best essay writing service reddit 2018 best paper writing service reviews paper writing services for college students
Cheers. I enjoy this!
top cv writing service uk masters essay writing service essay write service
Thanks. Loads of postings.
cv writing service netherlands scholarship essay writing service essay writing editing service
Kudos. A lot of facts.
personal statement essay writing service cheapest will writing service cheap paper writing service
Whoa quite a lot of beneficial knowledge.
best resume writing service 2015 best cheap essay writing service will writing service manchester
Amazing loads of helpful information!
graduate school essay writing service writing a good essay cover letter writing service reviews
You’ve made your point.
spanish essay writing service most reliable essay writing service top essay writing services uk
Beneficial advice. Appreciate it!
essay writing free essay writing service online nursing essay writing service
Fine tips. Kudos!
paper writing service reddit best essay writing service reviews writing a college application essay
Appreciate it! A lot of stuff!
rubrics for essay writing the ladders resume writing service cost is using an essay writing service cheating
With thanks! Good stuff!
writing a college admission essay letter writing service company writing essay service