Velg en side


 

Vi bøyer vårt hode i sorg,
ditt blikk og din stemme er borte,
vi skal savne ditt nærvær, ditt vesen,
vi skal ikke se deg igjen.

Vi bøyer vårt hode ærbødig
for alt hva du var, hva du gjorde,
og det som ga mening til livet,
for den som fikk være deg nær.

Vi løfter vårt hode i glede
ved minner om deg og din tid.
Om din tid i blant oss er over,
så er du en del av vårt liv.

Kjell Baalsrud 

 Eg kjenner meg mentalt sliten.Tom for tårer og tom for ord. Det er som om nokon har brukt livet vårt som jojo dei siste vekene. Vi har kjent på  kjensler som fortviling, frustrasjon, sorg og håp. Dagane kom og dagane gjekk. Tilstanda til mamma gjekk frå kritisk til stabil, og vi vona eit håp. Vi fekk ordne luftambulansefly, og fekk flyge heim laurdag 22.10. Det gjekk fint med flygeturen, og vi var glade for at mamma fekk kome heim til Haugesund. Så snudde tilstanden til mamma seg brått, og ho sovna inn sundag 23.10. Då var hjarta sliten. Eg er berre så glad for at ho fekk kome heim.

 Det kjem til å kome mørke, regntunge dager, men det kjem óg til å kome solskinsdager att. Mamma sa at livet måtte levast no. Ho sa at ein ikkje måtte vente med ting, men nytte tida medan vi levde. Draumen hennar var, når tida var inne, å få dø med støvlane på ute på reise. Å liggje sjuk, og vere til bry, var ikkje noko ho ønska. 

Ho var ei dame som levde fullt og heilt. På tross av ein del sjukdommar hadde ho ein energi vi berre kan drøyme om. Ho var nyfiken, genuint opptatt av menneske og elska å vere ute. Ho reiste mykje og hugsa faktisk alle stadene ho hadde vitja. Ho var óg flink til å ta bilete, så det ligg mange flotte album med minner heime på Sandane. Det var utruleg så mykje kunnskap hovudet hennar kunne romme.

No er ho borte. Merkeleg og litt uverkeleg, men sant. Vi må leve vidare utan henne. 

 

 

Vi er takksam for alle gode tankar og klemmar vi har fått gjennom ei vanskeleg tid.

Vi er takksam for at vi fekk vere saman, vi systrene, og gå gjennom den vanskelege tida saman.

Vi er takksam for at sjukehuset i Venezia og sjukehuset i Haugesund gjorde alt dei kunne.

Vi er takksam for at vi fekk flyge heim til Noreg med mamma framleis i live.

Ho fekk reise heim til Noreg og sovna inn på sin gamle arbeidsplass. No får ho kvile.

Eg vel å tru at mamma merka ho kom heim til Haugesund sjukehus og kjende seg trygg. 

Vi er takksam for alle som deltok i gravferda og på minnestunda.

Vi er takksam for gåver til kreftforeninga.

Og ikkje minst, vi er takksam for livet vi hadde saman med mamma.

No er det minna og alle dei gode historiane vi skal hugse på.

 

 

 

 

Share This