Velg en side

Livet tar av og til andre vendingar enn ein hadde tenkt, og tilværinga blir ikkje slik ein hadde planlagt. Av og til hender det ting vi skulle ynskje vi slapp å havne i eller i det heile tatt oppleva.


 

Eg har alltid hatt eit ønske om å vitje Venezia. No er eg her, men ikkje på ei reise eg sjølv ville valt. Saka  er det at mor mi ligg på sjukehus her, Ospidale dell Angelo.

 

Ho var her i haustferien,  saman med Oddny og familien hennar for å kose seg. Medan dei var på ein gondoltur vart mamma skikkeleg dårleg og måtte ha legehjelp. Ho fekk eit massivt hjerteinfarkt. Dei har prøvd å operere henne eit par gonger. Tilstanden er kritisk, men stabil. Ho ligg på intensivavdeling, tilkopla til alle maskinar ein kan oppdrive. Ho var i stor fare ei stund fordi dei andre indre organa svikta. Nyrer, lunger og hjarte treng hjelp for å virke. No har vi og fått vite at deler av hjernen er skada, og vi veit ikkje utfallet,pga at han har fått for lite oksygen. Ho er ikkje med samvit, og  vi veit det liten sjanse for at ho vil vakne opp. Håpet vi klamrer oss til er at vi kan frakte ho attende til Noreg. Heim må vi, både vi og ho. 

 

 Eg veit ho er og har vore i dei beste hender, sjølv om det har vore vanskeleg for oss å snakke med legane. I grunnen skulle eg ynskje at eg kunne snakke italiensk. No er vi samla vi tre systrene. Vi ventar. Ein heilt surrealistisk situasjon. Vi har inga aning om kor lenge vi må vere eller kva som skjer dei neste dagane. Det er særs vanskeleg når vi ikkje veit vegen vidare. Vi kan berre vente, støtte kvarandre og vitje ho når vi får lov. 

 

 

Så no bur vi på eit hotell i nærleiken av sjukehuset, og prøv så godt vi kan. Vi har fått snakka, ledd, gråte og vore frustrerte saman. Vi mimrar over episoder saman med mamma og vi ser på bilete. 

 

 

 

Om vi tenkjer slik som vi veit at mamma gjer, så veit vi at ho ikkje ville liggje slik. Ligge tilkopla til maskinar som held ho i live. Ho har snakka om det mange gonger. Ho ville leve og vere i aktivitet. Det er vanskeleg å sjå henne slik. Ho er ikkje med samvit, det har ho ikkje vore sidan tysdag 11.10.Skulle ønske ho kunne vakne å sei kva ho ville! Det er stor forskjell på å bli holdt i live samanlikna med å leve. Legane si oppgåva er å halda folk i live! 

Vi kan berre vente. Å reise herfrå er ikkje aktuelt. Vi kan ikkje forlate mor vår på eit sjukehus i Italia.  I tillegg slit vi med at mamma ikkje har reiseforsikring, då kan visst ingen andre vere til hjelp for oss. Det er sikkert ikkje sant, men slik kjennest det akkurat no.Forstå det den som kan? 

Vi klamrer oss til eit håp om at vi skal få frakta ho heim til Noreg på ein eller annan måte, vi må berre betale reisa sjølv, og det skal vi ordne. Ting tar berre tid. 

 

 

For ikkje å bli heilt tussete av situasjonen prøver vi å gjere ulike aktivitetar saman i løpet av dagane.

Vi tok bussen ned til Venezia. Vi systrene saman tok den reisa mamma hadde gjort den dagen ho vart dårleg. Det var fint å gjere det saman. Venezia er ein spesiell by. Det er og den byen pappa hadde sagt han tykte var fin. Ei spesiell, men fin kjensle på eit vis. Venezia, med alle kanalane. Her er stor turistaktivitet heile året . Vi får sjå og oppleve det same som mamma.

Grand Canal

 

Markusplassen og Dogepalasset


Sukkenes bro

 

 

I

 

 

Heldigvis, når vi tek tida til hjelp, så endrar ting seg. Sidan eg starta på innlegget så har vi fått nokre svar. Mamma er stabil, men ho må ha hjelp til å puste. Ho er ikkje vaken, men ser fredeleg ut. Det ser ut for at vi kan fyke ho heim med ambulansefly over helga. Det er godt nytt for oss systrene. 

 

 

Share This