Velg en side
 

Snart klar?

Her i Spania ligg alt til rette for å drive med golf heile året. Vêret er fint, og vi tenkjer at vi må utfordre oss sjølv. Då tar vi sjølvsagt ei lita golfreise. Det er ikkje unikt, for det er mange som berre reiser rundt for å spele på ulike golfbaner. Vi er berre i oppstarten, både når det gjeld å spele golf langt mindre prøve ut nye golfbaner. Vi har tross alt høgaste handicap, og mange baner krev at du nok må vere mykje betre for å få lov til i det heile tatt å spele. 
 
 
Fredddy i fin sving

Turen vår går til El Saler. Denne golfbanen ligg i Valencia, ved ei område som heiter Albufera. Ordet Albufera betyr liten sjø, og det er ein innsjø med eit naturreservat rundt. Her er det mange flotte planter og fuglar, og området har ein stor pinjeskog. El Saler ligg fint til nede ved sjøen. Her kan ein reise med heile familien og kose seg, sjølv om ikkje alle vil spele golf. Det er både strand og basseng i området. Vi finn både ein fin restaurant og bar, samt eit spa-anlegg om ein verkeleg vil nyte tilværinga.
 

Tru det eller ei, ein blir nervøs av og gjere dette? Det er skummelt og nervepirrande å prøve seg på ein ny golfbane. Eg blir stressa av at eg ikkje alltid klarer å sjå enden av holet. Kor er flagget? 


Knutsen og eg kjende vi var stressa i kroppen når vi køyrde avgårde. Utstyret vårt går det ikkje ann å klage på, men korleis var det med  golfarmen? ?
 

 

Vel framme sjekka vi ut området fyrst, og etterpå tok vi ein lunsj. Det er viktig å vere mett før ein byrjar, atten hol tar tid. Vi hadde » teatime» klokka halv to. Eg kjende meg nesten kvalm under lunsjen. Pust ut, pust inn. Dette skal nok gå bra?!  I mitt hovud var ikkje dette ein bane for ein nybyrjar som meg. Det hjalp iallfall ikkje å lese om banen på nettet.

 

 
Ser det min ball? Faktisk eit godt utslag;) 

El Saler er rekna som ein av dei beste golbanane i Europa( nr.2). Denne 18 holsbana har hatt mange spanske mesterskap og  andre golfturneringar. 

 Korleis er bana ellers? Lang, veldig lang tykkjer no eg.
 

 


 

Det er ein flott bane i flotte omgivnader. Her er lange flate områder og mange sandbunkere. Dei fyrste tolv hola går gjennom pinjeskogen, medan dei seks siste hola er ved sjøen. Det sjette holet er blant det vanskelegaste. Par fire på 404m gjennom ein sving gjer det vanskeleg sjølv for dei beste.


Då var vi klar!

 

Ved det fyrste holet  sto eit ektepar i sin beste alder alder, ( ikkje oss, men eit par frå Frankrike.), vi skulle visst spele med dei? Det var rett før eg hyperventilerte. Flaks, not! Desse hadde spela aktivt i femten år! Var dei god? Veldig, eg trur ikkje eg har sett ei dame slå så bra, for utenom «Tutta» på TV . Eg hadde lyst til å synke ned i bakken. Veldig flau over eigen prestasjon og evne. Det hjalp lite at eg hadde vunne over Knutsen , med mange poeng, sist gang vi spela. Her vart vi fullstendig overkjørt! Eg prøvde å forklare best mogleg at eg var nybyrjar, men det hjalp lite når dei berre kunne snakke fransk. Her jobba vi oss uansett gjennom atten hol, på fem timar!

Flau, flauare, flauaste!
Det einaste eg kan skryte av er hol atten. Her hadde eg eit kjempeslag som havna tretti centimeter frå holet, YES,par!!
 

Samla sett får vi sei at dagen var audmjukande men og fin. Det er i følgje Knutsen viktig å utfordre seg sjølv. Trøysta må og vere at eg framleis har lyst til å spele golf.;)

Share This