Velg en side

Knutsen og eg har hatt ei lita reise til London. Kort tur, berre ei helg, men vi har kost oss og hatt fine dager.

 

Piccadilly Circus


Vi har vore i London mange gonger før, og plar alltid bestemme oss kva vi vil gjere om dagane. Spesielt om vi ønskjer å gå på museum eller vitje nokre av dei spanande områdene av byen. Denne gongen hadde vi ikkje planlagt så mykje. Vi skulle på konsert laurdag, med Billy Joel, og det gleda eg meg til. Eg tykkjer han har mange fine songar, og sjølv om han la opp i 1993 fer han stadig rundt og held konsertar. Populær óg vil eg tru, sidan konserten er på Wembley stadion, og han rommer over åtti tusen menneskje.

Hotellet i Soho

 


 

Det er i grunnen merkeleg kor fort tida går når ein er på ei slik weekendreise. Vi kom torsdag og orienterte oss i området. Vi budde i Soho, så vi var midt i smørauga for barer og etestader. Her er det koseleg, og mange interessante folk å kikke på. Knutsen meiner eg dett inn i mi eiga verd då. Eg ser på folka og lager historier. I grunnen kan eg berre finne meg ein koseleg stad, drikke litt te og sjå på folka.


 

Fredag: Litt shopping, mykje rusling og lange koselege pauser. Vi fann eit veldig koseleg smug med god mat og drikke.

Laurdag: Sjekke ut litt andre butikkar og konsert.

Vips så er det søndag, og vi er på veg heim.Tida flyg avgarde og kjeda meg får eg ikkje tid til. 

Det er lett å finne flotte motiv.

Berre ta kontakt:)

Vi er gode til å rusle rundt og kose oss. Litt shopping blir det óg.  Knutsen treng……..ikkje undertøy denne gongen:). Nei, no er vi på jakt etter sko. Eg treng vel ikkje nye sko, i følgje borna mine har eg «plenty» med sko frå før av,men det kan godt hende at det blir eit par på meg óg. Å jammen fekk eg meg eit par flotte sko! 


 

Om ein rusle rundt i sidegater kan ein finne nye og koselige stader ein kan setje seg ned eller ein kan finne spor etter kjende artister. 

 

Utan mat og drikke, dug helten ikkje.Fredagen havna vi her,

og det er ikkje langt frå dette området:


 

Her var det mykje folk og eit «humlesus» utan like. Eg tykkjer ofte det er den store skilnaden på by og landsbyliv. I byen er det mange folk og mykje lyd overalt, heile tida. God mat får vi, så eg skjønar kvifor han er så populær.

 

Eg er jo ei særs trugen, hyggjeleg og kjekk kone. Sjølvsagt elskar eg å rusle etter Knutsen når han vil velje butikkar. På jentetur spørs det om vi hadde snubla inn her, men er mannen nøgd er kona nøgd og får det mykje meir morosamt. Eg trur det er eit ukjent, men bra, jungelordtak.

 

Dette må vere «snopefabrikken» for musikarar.

Blir det handel?

Nei, men morosamt ser det ut som Knutsen har det.

Laurdagen kom og vi var klar for konsert. Det var ei ny oppleving å ta undergrunnen opp til Wembley stadion, til eit område vi ikkje hadde vitja før.

 


 

Vi hadde god tid, og heldigvis var det mykje å finne på før konserten byrja. Her fekk vi både mat og drikke.


 

Det er fasinerande å sjå på alle folka som strøymer til Wembley, tusen på tusen. Eg har aldri vore på ein konsert med så mange folk, så det er spanande. Konserten var utseld, og eg trur det var ca 70 000 som skulle på konserten.

 

 

Billy Joel skuffa ikkje, og konserten var veldig god. Fyren er 67 år, men det skulle ein ikkje tru. Han er dyktig og har ein fin tone med publikum. Her er fin stemning og ikkje minst god lyd. Stemma held seg veldig bra, og bandet spelar strålande. Her kjem den eine flotte songen etter den andre. 


 

Eg måtte berre ta med ein liten video av konserten. Eg er fullstendig klar over at filminga ikkje er god, eg klarer ikkje å halda handa i ro,men lytt til songen: I love you just the way you are.

 
https://www.youtube.com/playlist?list=PLvnRlIyyVjVzC_lfAFPht9a5I0BIKJRbq
 
 

Songen er som ei tidsmaskin. Eg havner rett i slutten av åttitallet, då Scala herja rundt på bygdedans rundt om i distriktet. Scala var bandet til Knutsen og venene hans. Dei spela nesten kvar helg. Eg hugsar enno stemninga når denne songen kom. Jentene, som ikkje hadde nokon å danse med, stimla seg framme ved scena, og dansegolvet var stappa med forelska menneskje som danse sakte, veldig sakte.

I grunnen ein ganske fin tekst konkluderte Knutsen, og smila lurt til meg.


I said I love you and that’s forever
And this I promise from my heart
I couldn’t love you any better
I love you just the way you are.

Share This