Kva gjer du om dagane? Keiar du deg når du ikkje går på jobb?
Mange slike spørsmål får eg når eg er heime på Sevland. Desse spørsmåla er det ingen som lurer på eller spør meg om når eg er i Spania, berre heime på Sevland. Mor mi meiner det er fordi at når vi reiser til Spania er det ferie, og då treng ein faktisk ikkje gjere noko. Her heime er det noko anna som gjeld tydlegvis. Vi bør visst gjere noko, produsere noko eller gå til ein jobb.Det gjer dei fleste, om dei ikkje er blitt pensjonistar, og det er ikkje eg. Eg er jo i min beste alder eller andre ungdom, som borna mine sikkert tenkjer.
Kva eg gjer? ikkje godt å seie, men dagane går iallfall fort.
Denne veka, eg tykkjer sjølv at eg har vore flink, har eg tatt vare på hagen. Lugga og reinska litt opp.
Høgt heng dei, og sure er dei.
Eg har vaska huset, grundig til og med, og ommøblert stova.
No er eg fullstendig klar over at dette er arbeidsoppgåver som alle må gjere, sjølv dei som går på jobb kvar dag, men ein kan vel vere einig om at det er greit å ha betre tid til slike litt kjedelege oppgåver?
Sist veke var eg óg flink og passe aktiv. Då jobba eg faktisk fleire dager for Knutsen og RTS. Dei hadde «Inovation day», med mange folk på vitjing. Dei skulle både ha lunsj og middag, samt pynta bord. Det var eg godt brukandes til,bestille, hente og rydde mat. Gode hjelparar hadde eg med meg óg, det vart til og med tid til å snakke med folk:)
Elles må eg vel vedgå at eg er særskild glad i fredelege føremiddager, med ein god kaffikopp og nitimen på radio. Då flyg tida avgarde, iallfall når eg jobbar med strikkinga mi. Når ein driv på med ulike strikkeprosjekt, og spesielt når ein skal strikke til andre, er det lett å gløyme tida. Berre eit par omganger til. Ein har heile tida lyst til å sjå at det «veks», og at ein er på veg til eit ferdig produkt. Då kan klokka fort tikke mot tolv og vel så det før eg er klar til å møte verda.
Då har eg forresten nesten brukt opp dagen tykkjer eg sjølv, det er jo snart på tide å tenkje på middagen. I verste fall kan ein bruke ein time å fundere nettopp på det, middagen. Det er ikkje alltid like lett å finne ut kva ein skal lage, tenkje ut ein slik middag alle i heimen blir nøgd av. Så skal ein berre ut å handle litt. Eigentleg fort gjort, men treff ein på folk ein kjenner kan det fort gå ein time til her óg.
Når ein har fri, så har ein god tid til å trimme. Ut på rusletur med god musikk på øyra. Eg skal tross alt lære songane til Skudenes blandakor sin konsert 23. september utanåt. Det får ein energi av, både det å syngje og det å trimme. Det er sikkert morosamt for dei eg møter på min veg. Eg som stem i alt-stemma for harde livet, saman med musikken eg høyrer på øyra, eg vel å tru at det er fint?
Er det sol,og ikkje så mykje vind, bør ein nytte véret liksom.
Om ettermiddagen,når Knutsen dukker opp, kan ein golfe. Det er alltid morosamt, og for dei som lurer så er det lett å bli hekta på golf.
Her er eit anna morosamt prosjekt eg stadig er innom og sysler med. Dette året har eg tatt mange bilete, og det er for gale at dei berre skal liggje der, inne i dataen. Eg vil gjerne syne fram nokre av dei eg er nøgd med. Så då har eg laga ulike,større bilete, og anna ting der ein nytter fotografiene sine.
Til dømes på eit nett eller veske.
Eller ein kan lage fotobøker. Utruleg kor fort tida går då. Her gjeld det å finne bileta, redigere,ordne og sjekke bileta skikkeleg ut. Vips, så er det blitt kveld.
Ja, eg har godt tid, men kjenner likevel at eg ikkje har tid. Det er heilt klart at om ein bestem over tida si sjølv ,så er det lett at ho ryk avgarde på alt og ingenting.
Enno er det er mange spanande aktivitetar som dukker opp, og som eg har ønskje om å halde på med.
Her er nokre av dei som står på lista mi:
- Eg vil bli betre i spansk, eg må berre ha tid til å setje meg ned.
- Eg vil gjerne måle, har til og med kjøpt inn utstyr ,men har ikkje hatt tid til å byrje skikkeleg enno.
- Eg har hyller med gode bøker eg har lyst til å lese.
- Eg vil gjerne bli flinkare til å vitje gode vener.
- Eg kunne godt tenke meg å gå på fotokurs.
- Eg har planer om å prøve yoga.
- Eg kunne godt tenkt meg å reise til Frankrike på matlagingskurs.
- Å tenk på alt det fine eg kan strikke.
Når eg får tida til å strekkje tid altså. Fyrst skal berre Knutsen og eg ut på ei lita helgetur, berre for kosen:)