Eg var så heldig at eg vart invitert på dametur til Paris, så sist veke rusla vi rundt der. Ein heilt anleis tur enn når Knutsen og eg er på rek, men moro var det. Her kjem ei lita reisedagbok frå dagane i Paris.
Kjekt å ta bilete av seg sjølv:)
Kristin tykte at stativet mitt var litt «pinglete», iallefall i forhold til alle andre som gjorde seg klar med kamera på denne brua.Det kan nærast kallast mobbing.
Notre dame.
Dag 1:
Eg møtte damene i leiligheita vi skulle bu i. Dei hadde allereie testa nokre av caféane i nærområda så stemninga var på topp. Snakk om å vere sentralt plassert, berre nokre minuttar frå Notre Dame.Leiligheita ligg på ei lita øy i Seinen, kalla Île Saint-Louis. Sjarmerande, og noko uvant for oss som kjem frå Åkra. Det er sonen til Solveig, han er så kjekk og grei som lar oss få bu her, midt i smørauga.
Ein liten selfie i leiligheita.
Morgonstund har gull i munn:)
Île Saint-Louis er ei av to øyer i Seinen. Øya er kalla opp etter Kong Louis 9. Ho heng saman med resten av Paris med bruer på beggje sider. No er øya eit reint bustadområde, men tidlegare vart ho brukt som beitemark for kveg som skulle til markedet, og til lagring av ved. På 1600- talet vart øya kartlagd og utbygd frå ende til ende, og var ei av Frankrike sine fyrste døme på byregulering. Øya er ein fredfull oase , her er berre smale einvegsgater. Merkeleg å ha det så pass roleg midt i ein stor metropol.
Vi rusler rundt i finveret og berre nyt stemninga. Her er mange koselege kafear ein kan nyte noko godt i glaset, ete god fransk mat samt berre sjå på menneske. Det er det som er så spanande i slike storbyar, og gjett om det er mykje å sjå på?
Sundag og folk koser seg ved elva
Dag 2:
Veret er flott og vi er klar. I dag skal vi verkeleg gå. Kameraet er med, og vi rusler av garde. Eg veit ikkje om vi har ein kjempeplan på kor og kva vi skal gjere, men Solveig er ein god reiseguide. Ho har vitja Paris fleire gonger, og vi er klar for å fylgje henne kor enn ho går.
Latinerkvarteret
Eg berre måtte ta bilete av han her.
Ser de han står som Charlie Chaplin?
Noko søtt kanskje?
Vi tar turen gjennom latinerkvarteret og inn i Luxembourgparken. Denne parken er populær for alle i Paris. Her er det flott. Parken er den styrste i Paris, og har mange mogleigheter for ulike aktivitetar. Sidan det er sundag, er det mange som nyttar somardagen. Her er det mange som har funne seg ein stol og slapper av i sola. I parken er det fleire kiosker og ein triveleg cafe kor ein kan nyte ein god fransk lunsj eller eit glas vin.
Palasset i Luxembourgparken vart bygd til Kong Louis XIII si mor, men ho nytta det aldri. Napoleon Bonaparte budde her óg, men no er palasset sete for det franske senatet.
Her kan ein leige seg små båtar å leike seg med.
På sundagstur i parken, 2016?
Etterpå tar vi metroen til Eiffeltårnet. Aller helst vil eg ned å kjenne på konstruksjonen, det får eg ikkje. Eit skikkeleg bilete der eg liksom kjenner på tårnet er det eg får, og då får ein vere nøgd. Om du no lurer på kvifor eg så gjerne vil ta på tårnet, så heng det saman med Lisboaturen. Vi kjende på og tok Justinheisen der, og han er laga av stål og inspirert av tårnet. Det er assistenen til Eiffel som laga heisen, og flinke arkitektar skal ein ha respekt for.
Eiffelårnet vart bygga til verdsutstillinga i 1889, til 100 års markeringen for den franske revolusjon. Bygningen skulle vise fram fransk ingeniørkunst og eigenskapen til stålet. Med sine 325 meter var det verda sin høgaste bygning fram til 1930.
Kristin masa lenge om is. Sidan det var kø på mange av isbutikkane, i allfall dei mest populære, var visst dette den einaste isen ho rørte:)
Eg vurdere nye yrkesval.
Så blir ettermiddagen avslutta med ein rulsetur langs Seinen, og kosen forset. Latteren sit laust, og snakketøyet går heftig. Det kan godt hende at Solveig vart litt matt av og til ? Ho valte jo å vere på tur med to damer som klarer og prate både på innpust og utpust, det skal vi ha. Til og med tegnspråk nyttar vi, iallfall eg, slik at vi får det vi vi vil ha av dei franske servitørane. Mange gode historiar og mange fjollete kommentarer. Kanskje «too much», men sjølvsagt vel eg å tru at vi er dei kjekkaste damene ho veit om. Vi gjer alt vi får beskjed om, og krangle gjer vi uansett ikkje:)
Dag 3:
Opp tidleg for å ta toget ut or Paris. Vi er så heldig at vi skal vitje Eirik og Adrien i slottet dei eig. VI er pynta i kjolar og spente. Vi gler oss skikkeleg, og sekkjen inneheld flasker med sprudlevatn (sjampanje) som seg hør og bør når ein skal vitje eit slott.
Château de La Guibourgére
Her er ei som er sikker på at ho har budd på eit slott i sitt tidlegare liv, grevinne Kristin:)
For eit flott området, og for eit flott slott!
Her ser de toppen av kapellet.
Dette er ikkje ein stad som er klar til å flytte inn i. Her snakker vi årevis med jobb. Entusiasmen er på topp hos eigarane. Vi får omvisning rundt staden, og vi får høyre planane dei har . Eg kan levande førestille meg korleis det blir, kjempebra!
Gammel tapet, stilig
Tenk å ta bryllaupsbileta her, romantisk.
Her blir det eit lite «Bed and breakfast». Det er mange gårdar i området kor ein kan hente gode og ferske råvarer.
Eit lite glimt av ulike rom i slottet:
Peisen, med våpeskjoldet
Soverom
Utsikta er storslagen!
Tredje etasje
Slottseigaren skuer utover «riket» sitt:)
Her diskes det opp med god mat og drikke. Og gjett om vi kosa oss utover dagen.
To minuttar med regn. Ingen problem, vi flytter oss berre under treet.
Fantastiske eigarar, med mange planar og idear, og eg håpar verkeleg at alt kjem til å ordne seg. Då blir slottet like flott inne som området ute. Eg har iallfall tinga rom til eg blir 60 !
Vi hadde ein fantastisk morosam dag. God mat, god drikke og mange morosame samtaler.
Tusen takk til vertskapet, og på gjensyn:)
Dag 4:
Shopping!
Det var i allefall plana. Vi rusler av gårde. Det er ikkje slik at nokon av oss er så klar, for det er stadig koselege barer og kaféer ein kan slappe av i og nyte folkelivet. Paris har mange flotte områder. Lunsjen har vi ved Pompidou-senteret for kunst og kultur, ein fredelig plass.
Ny pause.Det er travelt å rusle rundt i store byar
Eit par posar klarte vi å shoppe, det vil seie at eg på tampen klarte det. Buksa var fin den.
Eg undrar på kva sko som passer best.
Om kvelden kosar vi oss på meksikansk restaurant. Vi var einge om at vi var gode til å kose oss, og at vi hadde hatt ein flott tur med mange fine opplevingar.
Flotte damer:)
Merci pour la balade.
Wow a good deal of useful advice!
can you write my essay for me essay for me write a literature review for me
Regards! I like it!
wind creek online casino pa no deposit bonus best online casino best uk online casino
This is nicely expressed! .
affordable essay writing service best essay writing service to work for mymaster essay writing service