No har vi snart ikkje meir klede att, så vi vender nasen mot Spania og Moraira. Ei veke er gått, og casa Knutsen er tilgjengeleg for oss att. Det blir ei overnatting og vitjing til etter vegen. Eg kunne godt tenkt meg å vitje Sevilla, men temperaturen der er 41 grader, og då er vel ikkje ein rusletur, i ein storby ,noko moro. Vi sjekker gradene og ender opp med å køyre til Ronda. Byen er den mest kjende av dei kvite byane, Los pueblos blancos. Han ligg i provinsen Andalucía. Nokon meiner at denne provinsen er hjarta til Spania.
Her finn ein alt vi tenkjer på som «ekte spansk»: spor av tyrefekting, flamenco, vinmarker,store olivenlundar, strender med «evig sol», tapas og små pittoreske landsbyer. Regionen syder av liv, fargar og romantikk.
Det var i Andalucía at maurarane dominerte lengst og etterlot seg flest spor. Granada ligg ved foten av fjellkjeda Sierra Nevada , over 700 meter over havet. Her kan ein og bør vitje Alhambra som er eit palass og ein festning som vart bygga på midten av 1300-talet av nettopp maurarane.
Vi køyrer gjennom landskap med store jordbruksområder. I det fjerne skimtar vi fjella.
Ronda ligg på eit platå som deles i to av ei stor kløft. Om ein kjem inn til byen på «rett side» ser det ganske så imponerande ut, men kjem ein andre vegen merker ein ingenting.
Gjett kva veg vi kom frå? Vegen vi ikkje vart imponert på:)
Byen ligg på ei høgslette ca 750 moh. nokre timar innover frå solkysten.
Utsikta frå byen, her er mange turløyper om ein har lyst å gå.
Den gamle muslimske bydelen, La Ciudad, på sørsida av kløfta, er den mest spesielle med trange labyrintaktige gater. Her er det stille og fredelig. Vi tenkte at det nok ikkje var så mange turistar i byen sidan her var det nesten tomt, det skulle syne seg at vi tok heilt feil.
Etter at dei kristne overtok byen i 1485 vart dei muslimske bygningane bygga om til kristne funksjoner. Til dømes var kyrkja Iglesia de Santa Maria La Mayor opprinneleg ein moske.
Skulle ikkje tru at det var turister her?
Hovedattraksjonen i byen er Puente Nuevo, den nye brua som bind bydelen La Ciudad med den nyare bydelen El Mercadillo. Ny og ny, ho var ferdig i 1793. Imponerande er ho med ei høgde på 120 meter over juvet.
Eg leste ein stad at under den spanske borgarkrigen hendte det at republikanerne kasta fanger ned i kløfta, noko som Ernest Hemingways skreiv om i boka, Klokkene ringer for deg. Ikkje særleg hyggjeleg.
I bydelen El Mercadillo er det meir folk og mykje meir aktivitet i gatene. I handlegata er det utruleg mange folk, eg undrar på kor alle dei kjem frå?
Ronda spelte ei viktig rolle i utviklinga av tyrefekting og tyrefekterarenaen Plaza de Toros er Spania sin eldste arena som framleis er i bruk, han vart bygd i 1785.
Det var fasinerande å vitje arenaen. Storslagent og litt vemmeleg på same tid. Eg veit ikkje om eg likar denne seigpininga av dyr, men ein skal allikevel ha respekt for at dette er ein del av historia til Spania. Tyrefektarane var store heltar.
Vi rusler rundt og samler inntrykk. Ronda er ein fin by å vitje.
Om kvelden er vi ute og et ein lokal rett, fersk tomat, løk, tunfisk med god olje på. Veldig spesiell tomat, og spør du Knutsen var ho like stor som ei melon. Tomater er generelt veldig gode her i Spania, sunt er det óg.
Oppsummering av turen er at Spania/ Portugal er flotte land å køyre på biltur i, og vi anbefaler alle til å gjere det same.
No skal vi heim til Moraira og Casa Knutsen. Her blir det soling, bading, golfing og anna kos;)
Ei perle av ei strand i Moraira, ho blir sjeldan full:)
Nos encanta España 🙂