Etter å ha hatt nokre travle dager, i nokre flotte byar, tenkjer Knutsen og eg at vi treng ein rolegare dag/ ettermiddag. Sidan vi er i Portugal er det nesten for gale og ikkje vitje Algarvekysten. Dette er jo eit av dei store turistmåla i landet. Vi har òg køyrd frå Middelhavskysten til Atlanterhavet, og eit bad i Atlanterhavet bør vi ha.
Så i dette innlegget blir det ingen historier om opplevingar på travle gåturar. Her er det sol, bading og avslapning som gjeld. Det kan passe for alle som drøymer om å reise til eit sommarparadis.
Det tar mellom to og tre timar å køyre frå Lisboa til Albufeira som er byen/ området Knutsen har kryssa av. Ein passeleg køyretur , då får vi store deler av dagen til å nyte. Vèret er flott og temperaturen er god, rundt tretti grader.
I følge internettet skal strendene her vera flotte. Dei ligg ofte inne i små bukter med sandsteinklipper som avgrenser dei ulike strendene. Albufeira ligg mot Atlanterhavet, noko som gjer at det av og til kan blåse ein del.
Albufeira og området rundt har om lag 35 tusen faste innbyggjarar, men i høgsesongen auker det til 300 tusen. Det betyr naturlig nok at det er ganske fullt over alt i høgsesongen, men der det er livleg er det gjerne òg triveleg.
Nokså fullt på hotella i området, men Ikkje verre enn at Knutsen som ringte til hotellet same dagen vi skulle kome, har fiksa oss eit » room with a view». Det blir spanande:)
Hadde vi hatt fleire dager her, er eg redd for at det var golf vi hadde fokusert på, området er kjend for dei mange golfbanane sine.
Utsikta frå rommet.
Hotellet er stort og flott, med mange flotte områder. Slike stader heiter vel ikkje hotell, det er vel rettare å kalle det ein resort med mange små bygningar. Det ligg fint i terrenget.
Her ser du rommet vårt.
Dette må vere eit paradis for dei som berre ønskjer å slappe av.
Kva med å liggje her å lese ei god bok, eller høyre god musikk?
Eller litt mat ved bassengkanten?
Nyte utsikta og tenkje over livet..
Resorten har fleire basseng rundt om på området, det er berre til å velje. Vil du nyte enda meir så har dei sjølvsagt òg ei Spa-avdeling. Eller er du av dei som ikkje kan sitje i ro, ta deg ein tenniskamp.
Vi vel å gå ned til stranda.
Det er flott her og vi koser oss. Det er behageleg og sløvande å høyre bølgene slå mot land. Knutsen og eg flater ut i kvar vår solstol og nyt dagen.
Vi bader sjølvsagt. Tempen er fin, men litt kaldere enn i Middelhavet.
Det er morosamt med bølgjer:)
Ein liten «pitstop» i strandbaren.
Kunstnersjelene kjem til syne sjå både hos Knutsen og meg. Her samler vi så mange fine skjell. Dei skal vi ta med oss og lage ein fin uro som skal hengje i Casa Knutsen. Eit minne frå Portugal 2016.
Ei kvit og ei svart svane
Om kvelden er vi på restauranten og nyt god mat.
Kvelden avslutta vi på terrassen på rommet. Det var ein fantastisk måne den kvelden.
Mon tru kvar turen går i morgon?
Brua i horisonten er grensa til Spania.