I Lisboa er det eit yrande folkeliv, men her er god plass og mange flotte områder. Lisboa er ein by over fleire høgder, og det er berre til å velje kva distrikt ein vil vitje. Om ein skal nå over heile byen treng ein fleire dager enn det vi hadde.
Byen er sjarmerande og litt rufsete på same tid. Lisa, som innbyggjarane her kaller byen sin, har mykje historie og stort mangfold. I 1755 vart byen ramma av eit jordskjelv som drepte nesten 44 000 innbyggjarar og øydela heile 85 % av byen. Kvart distrikt fortel sin del av Lisboa sin fascinerande historie.
Kameraet går varmt, her er mykje ein kan fotografere. Smale gater, flotte bygningar og mange opne plasser med flotte statuer. Gammalt og nytt fint blanda saman.
Vi starter rundturen vår nede ved elva Tejo, her finn vi Lisboa sin Triumfboge.
Ved elva ligg mange store og flotte seilbåtar på rekkje og rad. Knutsen undrar om det ikkje er Tallship-racet som er innom. Han har rett i det, Statsråd Lehmkuhl ligg til og med på andre plass.
Vi vandrer innover i byen, dette er tydelegvis shoppingområdet, Baixa. Her ligg butikkar og restauranter tett i tett, og det skal vere mogleg å finne det meste.
Jobb må ein ha?
Plutseleg ser vi ein heis i ei lita sidegate. Santa Justa-heisen bind saman strøket Baixa nede i byen og strøket Bairro Alto som ligg på ei høgde. Han har vore i drift sidan 1905.
Denne berømte heisen er óg kjend som Carmo-heisen, sidan han knyt saman Carmo-plassen med ruinane av Carmo-kyrkja på toppen.
Denne elegante heisen vart designa av lærlingen til Gustave Eiffel, arkitekten bak Eiffeltårnet i Paris. Santa Justa-heisen ligner litt på det franske landemerket i utsjånad. Han er spesielt vakker når han lyser opp om kvelden.
Under den 45 høgdemeter lange ferda opp til toppen var det tid til å ta ein selfie i den gamle heisen;)
PS! Vi sto over ein time i kø før vi fekk prøve heisen, men det var verdt det;)
Bairro Alto er eit av Lisboa sine mest attraktive område.
Koseleg bar
Her er mange små restauranter, fullpakka barer og den beste staden å høyre fado. Fado er den portugisiske «bluesmusikken», ein syng sårt om triste ting og lengtar mykje har eg høyrt.
Neste dag knyter vi joggeskoa på og trasker avgårde.Eg blir så fasinert av alle dei flotte husa.
Knutsen har tross alt mottoet: Den beste måten å oppleva ein by på er å gå!
Ei kyrkje etter vegen, Hadde litt lyst å gå inn sidan det var bryllaup.
Vi vandrer gjennom Alfama området kor trikken snirkler seg opp og ned dei smale gatene og bakkane. Her er det mykje spennande å sjå. Det er populært å ta trikk 28 gjennom dette området.
Her finn ein mange tøffe fasader
Lurer på om eg skal lage meg ei slik lampe?
Etterkvart blir det varmt, og vi treng ein pause.
Då er vi faktisk rett i nærleiken av ei flott borg.
St. George Castle preger Lisboa og er godt synleg frå store deler av byen. Slottet er det vakreste av sitt slag i Portugal og ligg på ein 110 meter høg bakketopp. Slottet er gammalt, heilt frå det femte århundre og vart okkupert av Portugals fyrste konge, Afonso Henriques i 1147. Afonso renoverte og bygde ut slottet fleire gonger, og sidan har slottet hatt stor innverknad på Portugal si historie. I dag er slottet ein av Lisboa sine største turistattraksjoner på grunn av at det er flott,har ein fin park og ein har fantastisk utsikt over byen. Det var magisk å ete lunsj med den utsikta over byen.
Dagen går for fort, men Lisboa har vore ei fin oppleving. Eg vil gjerne reise attende, for eg har berre smaka litt på det som byen har å tilby. Då blir det nok ikkje midt på sommaren. Ein har lett for å ta pause etter pause, med noko kaldt i glaset, når temperaturen kryp mot 35 grader.
Knutsen og eg er gode til å kose oss, og heldigvis går det fint å sveitte:)
No stikk vi ned til Algarvekysten for å få oss eit bad i Atlanterhavet.
Nõs gostamos de nadar:)
Thank you. I appreciate it.
college essay writer what should i write my college essay about quiz can i pay someone to write my paper for me
Valuable data. Kudos.
silver oak online casino bestes online casino best online casino australia