Landskapet i Portugal endrar seg ikkje så mykje frå det vi såg i Spania. Her er god plass og store opne landskap. Nokre stader kan det minne oss om den afrikanske savannen, her er er raude og gule sletter i spedd nokre grøne trær, mil etter mil. Vi mangler berre dei ville dyra. Undervegs ser vi små byar, ofte på ein liten bakketopp, og mange av dei har historiske minnesmerke eller rester av gamle borger i nærleiken. Her må det ha vore mykje aktivitet i middelalderen. Dette må vera eit paradis for menneske som er særs glade i historie.
Tenk deg det, vi fekk ein time ekstra når vi kom til Portugal. Eg ante ikkje at dei hadde ei anna tidssone enn Spania .
Vi nærmer oss Lisboa, og trafikken blir travlegare. Det er moro å sjå Kristusstatua i inngangen til byen. Ho liknar på statua i Rio, men ho er mykje mindre.
Nokon meiner at Lisboa er som San Fransisco, med trikkane og bakketoppane og den store brua Ponte 25 de Abril, inspirert av nettopp Golden Gate.
Herfra og inn skal vi snirkle oss gjennom trange gater og krappe svingar. Knutsen er grei sånn,han likar godt utfordringane med å køyre i byar vi ikkje kjenner til. Heldigvis for han så har han ein super «copilot» ved sida av seg, grunnlaget er eit godt samarbeid.
Vi fann hotellet, faktisk ved fyrste forsøk, og får roe ned. Over eit godt glas, i hagen på hotellet, kan vi leggje planar for kva vi skal gjere dei neste dagane her i spanande Lisboa. Det er mykje å velje mellom, men sidan Knutsen har syna meg eit fantastisk bilete på internett av Sintra vel vi ei vitjing her. Betre på ein fredag enn laurdag, med tanke på turistar tenkjer vi, så feil kan ein ta. Allereie på togstasjonen aner vi det. Det er mengder av folk som har tenkt det same som oss, og toget er fullt til randen.
Sintra er ein liten romantisk by 40 minuttar med tog frå Lisboa. Han er på UNESCO si verdsarvliste, og ein må vitje han om ein er i område seies det. Det er ein flott og romantisk liten by. Eg vil anbefale alle å sjå han, men velg ein annan månad enn juli. Det er så mykje folk her at ein går og står i kø heile tida. Sintra har ulike stader å vitje, og området er så stort at ein tar buss eller taxi frå stad til stad. Dermed sto vi i busskø i over ein time for å kome til gamlebyen.Vi kunne gått ,men det fann vi ut etterpå. Her kan ein rusle rundt i dei smale smuga på jakt etter små skatter, ein kan finne seg ein koseleg restaurant og nyte livet eller ein kan vitje nokre av musea som ligg her.
Gamlebyen
Mange flotte hus
Fra sentrum av Sintra kan ein sjå det Disneyaktige Palacio Nacional da Pena (Pena Nasjonalpalass) som ligg oppe på ein bakketopp. Slottet er berre litt over 150 år gammelt, det var ferdig i 1854, og var eit prosjekt som Kong Ferdinand 2. starta. Han ville ha ein sommarplass for kongefamilien. Ferdinand var opprinneleg frå Tyskland, og han engasjerte difor ein tysk arkitekt for å teikne slottet i romantisk stil med innslag av mange andre stilarter.
Utruleg flott og kjekt å sjå. Eg trur ikkje eg har sett eit slik romantisk, fargerikt slott før. Lite i forhold til Versailles, men utruleg sjarmerande. Ein får ei kjensle av å vere i ein Disneyfilm,og eg ventar berre på å møte prinsen på ball. Vent no litt, eg gløymde nesten ut at eg har jo prinsen med meg:)
Vi er ikkje åleine på slottet:)
Inngangspartiet, skummel type spør du meg.
Her er kongen,
og dronninga.
Palasset vart nytta av kongefamilien fram til revolusjonen i 1910, og etter dette vart palasset freda. Romma står slik dei var når kongefamilien budde der. Vi vandra frå rom til rom, i ein slik kø ein står i når ein skal ta berg og dalbane, men det var absolutt verdt det.
Utsikt over hagen og byen
Problemet med å stå og gå i kø er det at ein ikkje får tid til å oppleva alt i byen for ein bruker det meste av tida på å vere i kø, så etter vi hadde sett palasset tok vi føtene fatt nedover. Det er eit stykke å kome seg ned.
Ser de Knutsen i døra:)
Heldigvis praia Knutsen denne:
Då rann vi nedover bakkane, og det var ein koseleg avslutning på Sintra vitjinga. Eg er klar over at Sintra har mykje meir av parker,borger og andre flotte bygningar, men tida fauk frå oss. Vi var einige om at byen var verdt ei vitjing ein gang til, ein annan gong.
Vi tok toget til Lisboa att, og enda på denne flotte togstasjonen.
No var det på tide å utforske denne sjarmerande hovudstaden!
Moite bom:)
Thank you, I appreciate it!
how do i know if my essay is good do my essay essay writing for hire
Very good tips. Thanks a lot.
who i am as a writer essay write my college admissions essay who can write an essay for me
You said it adequately..
play free online casino games free online casino no deposit bonus best paying online casino