Velg en side


På tur i turen, det må vel vere bra?

Knutsen og eg har vore på biltur. Turen gjekk til Portugal. Det er fint å krysse av på eit nytt land, sjølv om det nok ikkje var vår forteneste at vi enda på biltur hit akkurat no. Årsaka er at casa Knutsen er blitt beleira av fem ungdomar i alderen atten til tjue, og eg trur ikkje dei vil ha oss luskande rundt. Om det var eit lurt sjakktrekk, å ha ungdomar i denne alderen åleine i huset, er ei heilt anna historie. I ein svak augneblink i vinter, då minsten var i Brasil, sa vi ja til at han kunne ha desse ungdomane på vitjing. Så då måtte Knutsen og eg ha ein plan B. Vi for altså på biltur. Fyrste etappe gjekk til det spanske høglandet. Knutsen, her i heimen er det kun Freddy sine reiser som gjeld for han er flink til det, hadde kryssa ut Ciudad Real som fyrste stoppestad. Då var vi ca. halvvegs til Portugal og Lisboa.

Hadde vi høyrd om byen?

Ikkje eg iallfall, men alt vi treng å vite finn vi på internett. Byen ligg på ei høgde 628 meter over havet, omlag 200 km sør for Madrid. Ciudad Real, spansk for kongebyen, er ein by med ca 70 000 innbyggjarar. Han er ingen turistby, men har mykje historie å fortelje. Byen vart grunnlagd av kongen, Alfonso X i 1255 for han ville kjempe mot ulike militærgrupper. I middelalderen verna fire kilometer bymurar med 130 tårn folka i byen. Ciudad Real vart hovudstad for provinsen La Mancha på 1600-talet. 

Hotellet, Donã Carlota. Flott og slett ikkje dyrt, her får du valuta for pengene.



Byvåpenet.


Byen bør vere eit «must» om du likar Cervantes si historie om Don Quijote. Her har ein moglegheit til å ta ein guida tur i Don Quijote sitt rike. Vi skulle berre vere her ein ettermiddag og kveld, og då får ein ikkje tid til så mange aktivitetar.

Litt snacks

På bytorget, Reloj Carillón del Quijote

Vi kom til byen om ettermiddagen, og temperaturen var høg, heile 41 grader. Heldigvis såg vi at det blåste, men det merkelege var at vinden var like varm. Eg trur aldri eg har kjend slik varm vind, ei merkeleg kjensle. Tøffingar som vi er, gjekk det fint å rusle rundt, det gjeld berre å drikke mykje.

Eg klarte å finne ei skulptur – rute, og jammen var det mange fine statuer rundt omkring.

Dulcinea

Og sjølvsagt litt street-art.)


 

Knutsen konkluderte om kvelden, då vi flata ut på senga, at dette var då ein fin og sivilisert stad.

Ho her er nok på veg til kyrkja.

 

Nesten morgen sette vi nasen mot Portugal og Lisboa . På vegen passerte vi provinsen Extremadura.


Dette er eit stort jordbruksområde, her er sletter med ulike jordbruksvarer,som tomater, mais, solsikker, ris og mykje anna.

 

Visste du at det er i dette området dei eksklusive iberico grisene, pata negra, rusler rundt og koser seg med eikenøtter?

Her skal det òg vere mogleg å finne ei strand midt i landet, med blått flagg,ho heiter Orellana. Vi hadde ikkje tid å leite, for vi var på veg til nabolandet.

Forresten, det er ganske fint å vere på biltur i Spania. Vegane er flotte, det er ikkje mykje trafikk og vegkroene er supre. Vi har vel funne ut at desse vegkroene må vere dei beste i Europa. Her får du ein tre rettar meny til rundt ti euro, og maten smaker fortreffeleg:)

Nos gusta la comida española:)

Share This