Det fyrste bilete er flagget eg fekk i gåve til fødselsdagen min. Eg tykte det passa godt her i Casa Knutsen, og teksten skal vera mottoet vårt i sommar;)
Sommar og sol, endeleg.
Fyrste veka i ferien er over, og vi har sendt nokre heim til Noreg att. Denne veka har vi hatt familiekos, Knutsen,meg og alle ungane. No er eg klar over at det høyrest nesten ut som vi har ein sju, åtte stykker, men det er iallfall tre. Det er vel feil å seie at dei er ungar óg når dei eigentleg er unge vaksne, men saman med «mammen» blir dei som born att. ( Eg er ikkje sikker på at dei sjølv er einige i det.)
Vi har vore saman stort sett 24/7, familieband er viktig. Oppsummering med tre ord: Kos, kos og av og til kav. Det er eg som får kav. Misforstå meg rett, eg er veldig glad i ungane mine, men av og til kan eg bli litt stressa i hovudet. Det er alltid nokon som er klar til eit eller anna eg kan delta i, om det no er aktivitetar eller diskusjonar. Vi har stor takhøgde her i familien, så det er ikkje grenser for kva emne ein kan snakke om. Av og til tenkjer eg: «Too much information!»
Eg har tross alt hatt eit år no der eg berre har tenkt på meg sjølv ,og Knutsen sjølvsagt for vi er i tospann. Å vera omringa av unge vaksne som vil ha «mammen» med på det meste er travelt. Det er i grunnen eit luksusproblem, at dei vil ha «mammen» med meiner eg, men det skjer noko stort sett heile tida!
Her er mange ting å finne på. Soling, bading, gåing, erting, golf, shopping og anna aktivitetar. Det er berre til å stå på, frå morgon til kveld. Her nyttar det ikkje å sige inn i det filosofiske hjørne med berre seg sjølv og tankane. Her er det»action, action» som gjeld!
Om kveldane har vi vore ut og ete god mat med litt drikke til. Håplaust det med vaksne ungar,dei vil jo ut og kose seg med god mat og drikke på restaurant, og det er sjølvsagt alltid mest lønsamt å vera med Knutsen. Det gjeld visst meg óg det da, om eg tenkjer meg om:)
Så vi har kome oss ned til Moraira, som er pynta til «Fiesta», for å kose oss. Her er restauranter og barer nok til alle. Om nokon trur eg klager på det, så gjer eg ikkje det. Det er morosamt! Her er god mat og høg stemning. Latteren sit laust, og det er mange morosame kommentarar og historiar som blir fortalde. Kavet mitt kjem vel etter mange slike kveldar ute. Vi har hatt så mykje kos og hyggje, at vi som er noko eldre blir litt trøytte i kroppen, vi er ikkje vande til det lenger;)
Då er det godt å få rusle ned til ei strand, slengje seg ned i solstolen og berre nyte sola og bølgjeskvulpet. Balsam for sjela vil eg seie.
Nokre vel å kose seg ute på sjøen,
andre finn seg ei lita bortgøymd steinstrand.
Uansett så har denne veka, med dei unge vaksne, vore strålande. Vi har kosa oss i Casa Knutsen,som er blitt vårt sommarparadis, og vi har mange fine minner å tenkje på når hausten byrjar.
Eit av desse er då vi vitja Bon Amb. Det er ein restaurant som ligg i nærleiken, på veg til Javea. Han har nettopp fått eit stjerne i Michelinguiden. Vi tykte det var ei fin oppleving å prøve han, saman med gode vener. Då er det i grunnen fint at ungane er blitt vaksne, dei er villige og klar til å prøve «anleis» mat.
Nydelig plass og fin stemning.
Vi hadde ni rettar, «Tasting menu». Sidan ein nemnde at han var like svolten etter maten som før maten, seier det seg sjølv at det ikkje er store porsjonar,men gode smaker finn ein. Maten er like fin å sjå på som å ete.
Her er noko av det:
«Signaturen» langoustine
Ha ein forsatt god sommar!
Buen verano!
Ps! Om nokon undrar på korleis det går med tåa mi, så er eg snart klar for å ta på meg høghæla sko:)