Velg en side


Tenk no er det allereie fjorten dager sidan vi kom heim frå Brasil. Vi hadde litt å tenkje over etter den turen. Eg er så glad for at eg fekk vitje minsten, og det er merkeleg å tenkje på at han har levd eit så ulikt liv der enn det vi gjer her. Han har nok lært mykje om korleis det er å vere framand i eit heilt nytt land, med ein heilt anna kultur og levemåte. Fasinerande å tenkje på i grunnen. Han kjem nok til å tykkje det er rart å kome heim til «gamlelandet». 

Noreg, eit av verdas beste land å bu i. Vi tar iallfall smittefare seriøst her i landet. Eg er blodgivar og hadde fått time no denne veka. Plutseleg kom eg på at det var lurt å ringje opp og høyre om det var noko problem, at eg hadde vitja Brasil. Fyrst fekk eg beskjed om at eg måtte vente ein månad, på grunn av malaria. Det går fint, tenkte eg. Etter ei lita stund fekk eg ein ny telefon frå blodbanken: Du har karantene i sju månader på grunn av zikavirus! Eg veit ikkje ein gong om eg vart stukken av mygg, det var jo ikkje i regnskogen vi var. Sju månader karantene har eg uansett, så tryggleiken ved blodbanken skal ein ikkje uroe seg for.

No som eg heime på Sevland,er det nok å ta seg til. Det går liksom ikkje ann å ha ferie her. Det er som om hovudet styrer seg sjølv, her må det jobbast med eit eller anna!  Det er ferietid, og sjølv eg som ikkje jobbar kan ta ferie, men hovudet vil ikkje. Eg forstår godt alle pensjonistane som tykkjer dei har det travelt. Ein kan faktisk ha det travelt sjølv om ikkje har ein jobb å gå til. Då har ein jo tid til alt?  Slik kjenner eg det óg, og tida berre flyg avgarde. For som sagt, når ein ikkje har ein jobb å gå til då har ein tid til det meste, det seier seg sjølv. Så i desse to vekene har eg gjort ulike aktivitetar.

Her ein dag måtte eg fiksa ein tett vask, Knutsen var ute på rek. Det er vel rett og rimeleg óg, det er tross alt mine hår,og eg kan vel ikkje skulde det på Knutsen. Ekkelt er det uansett. Den mellomste sonen er komen heim da,og han hjelp no mora si. Han er på tilbudssida stort sett, og det er hyggjeleg. Difor har vi óg klart å mala deler av huset. Det må ein jo berre styrte ut å gjere medan det er opplett.

Ellers kan ein vaske, rydde, lugge, lese, strikke, lage, feire, handle, sykle, rusle, lytte, vitje og garantert golfe litt. Om ein får tid då,og véret er bra:)


Her eit bilete frå golfbanen i Skudenes:)


Dette året har eg fått med meg sankthansfeiring. Det er nokre år sidan sist.Denne gongen gjekk turen inn til Skjoldastraumen for Slogmåkane skulle ha ein konsert. Flott bål og fin stemning må ein kunne seie.

Vi plar helst ha same temperatur både julaften og sankthans, men dette året stemte det ikkje. Sol og fint vér var det faktisk. Det må vi hugse til seinare. Tenk sommaren i 2016, det var fint vér sankthans,faktisk over atten grader:)

På Mortholmen var det kystdager. «Heldige meg» som fekk jobbe dugnad fredag, bake kake til laurdag samt vitje staden. Eg veit iallefall kva jobb eg ikkje ynskjer meg når eg blir større,det å selje bongar på festival. Det er ikkje lett å forstå kvifor ein treng bongar når ein har minibank i baren?

Det var varierte dager med koseleg underholdning og god stemning. 


No starter Skudefestivalen, og det mange konsertar,utstillingar og andre aktivitetar ein kan halde på med. Det starter med oppvisning av Garden på idrettsbana. Minuset må vere at eg uheldigvis har knekka lilletåa, og det gjer vondt. Ganske vondt! Utruleg at ei slik lita tå kan skape såpass med smerte. Her heime har vi hatt mange samtaler om kva ein bør gjere med slike brudd. Mellomste sonen meiner bestemt at eg bør ta røngen. Han ringde ein lekjarstudentven som kom og teipa saman eit par tær. Han tykte det same, gå på røngen. Noko så kjeldeleg, det tar jo både vinter og vår. Då ringde eg legevakta, og dei var einig om at dersom tåa ligg fint rett fram, teip ho. Knask noko Paracet, for guds skuld ikkje Ibux, samt ein bør visst slutte å røykje. Litt skummelt det der då, korleis visste dei at eg har slike dårlege uvaner?

Uansett, til Skudenes drar eg, med smerta mi og teipa tå. Eg er sikker på at Garden er så flink at eg klarer og gløyme det:)


Staute ungdomar.



 Ha ei strålande festivalhelg.

Share This