Velg en side

Vi har hatt mange  flotte opplevingar i Brasil, og det er mange inntrykk å fordøye. Her kjem fleire bilete og små historiar om Marataizes. Det blir mange bilete, for bilete seier ofte meir enn ord. Dessutan,om eg kan få skryte av meg sjølv, har eg tatt mange fine bilete:)

Hotellet: håpet er lysegrønt 😉


 

Marataizes


Vertsfamilien til «Gji» tar oss med på køyretur rundt i området. Dei vil gjerne syne fram den vakre naturen dei har her. Giss kor sonen er? Framleis heime i det blå rommet, han har viktigare ting å helde på med?
Han seier at det kan då ikkje vere noko problem. Han skal tross alt vere med oss resten av livet, og det er viktigare for han at vi blir litt kjende med vertsfamilien. Det er bra at vertssystera kan noko engelsk for det er nesten håplaust å forstå språket. I tillegg til ein spesiell dialekt, er ikkje portugisisk likt spansk. Likevel er vi nøgde og glade for at vi kan noko spansk, det hjelp faktisk litt på, av og til.

 

Her er mor og dotter.

Marataizes er ein by kor det bur omlag 35 tusen menneske. Han skal vere eit sommerparadis, og etter det vi forstår blir han nytta av brasilianarar som bur lenger inn i landet. Dei har ofte sommerhusa sine her,og så kjem dei ned til kysten om sommaren for å kose seg. Her er det luftigare og mindre varmt om sommaren.

Det er vinter no,og veldig fredeleg. Strendene er stort sett tomme, sjølv om temperaturen er som ein fin norsk sommardag. Uansett vinter, eg kjende på sjøvatnet, og det holdt nok over tjue grader.  


Her møter innsjøen havet


Hus på stranda

 

Fiskehamna

Byen sett på avstand

 

Hotellet vårt ligg fint til nede ved stranda.
Eg trur faktisk at vi er dei einaste gjestene på hotellet, om ein ikkje reknar med mauren;) Dei trur eg bur her permanent. Det er morosamt og stå på den lille terrassen og sjå på aktivitetene som skjer på stranda. Her fekk vi sett både folkelivet og litt fotball.
Vi har fått god oppvartning på hotellet. Frukost med heimelaga eggerøre er alltid stas.

Utsikt frå rommet

 

I Brasil er kostholdet annleis enn heime. Dei bruker utruleg mykje sukker, i kaffien,i juicen og til og med raudvinen er søt og kald. Merkeleg det med kaffien? Heime er nemleg dei beste kaffebønene frå Brasil, og eg kjenner på smaken av kaffien her at det ikkje er dei bønene vi får servert her i Brasil. Vi har fått smaka på mykje god mat , både salt og søtt. Området er kjend for mykje fisk, men vi får og smake på det brasilianske kjøttet. Dei er gode på det.Mykje brukt er rota maniok, ho kan friterast, lagast puré av og blir nytta som mjøl. Ganske god i alle varianter. I tillegg eg ris og bønner ofte med.

Lunsj:


Strendene og naturen er flott. Noko annleis enn det vi er vande med heime.

 Laguna Siri

Stilig å sjå ferskvatn i laguna, og sjøen på andre sida.

 

Knutsen med dei to mammaene:)

 Strand i litt villere landskap. Fine farger:)

I byen lar eg meg fasinera over arkitekturen og områda ein bur i. Det er ikkje estetisk fint i det heile tatt. Her er mange uferdige hus. Det er som dei berre har starta å byggje, men orka ikkje gjere det ferdig. Har vi ei etasje som virker er det godt nok, og så maler vi det berre og då er det bra nok. Mange av husa står og tome no om vinteren.



Utruleg mange bygningar er  ikkje er ferdige og ser ut som rønner, iallfall sett med norske auger. Det blir oss fortald at dei ofter starter å byggje slik at dei kan flytte inn, så sparer dei litt til før dei forset på husa. Det må jo faktisk vere ein draum å få ha eit hus rett på stranda. For å seie det på ein annan måte, det er lite truleg at Marataizes får noko byggeskikkpris.

Hovedgata:

Skulen til «Gji»

Hovedgata er vel åtte kilometer lang, med ulike butikkar å handle i. Ikkje slike merkeklede eg kjenner til, men godt utval på å finne det meste ein treng. Eg undrar meg litt over kor mykje bildekk ein eigentleg treng? Eg trur vi passerer minst fem butikkar som sel nettopp det i hovedgata.

Stemninga er fin, og for meg ser det ut for at dei lev eit roleg liv her. Dette området skal vere relativt sikkert, og ein ser ikkje mykje politi slik som i Rio. Byen er mykje større enn det vi er vant til, og det bugner over av provisoriske puber og restauranter.Det er enkle kår, alle stader nytter ein plastikkbord og plaststolar.

Ofte, når eg er tur, får eg litt «heng» på nokre motiv, og her er det båtane som fekk hovedfokus 😉 Her er mange koselege og fargerike fiskebåter. 
Byen, eller det vil seie området rundt, driv stort sett med jordbruk og fiske.Det er ikkje store båtar, men så fine i fargane. Knutsen tykkjer at dei er som henta ut av ei teikneserie:)

 


Ikkje alle båtane er like fine


 

Etter å ha traska byen, og strendene opp og ned i kjend Knutsen stil , kan eg nok forstå Gaute. Det kan godt hende at eg og hadde spela litt data for å få tida til å gå. Han har mykje fritid og det bugner ikkje over av fritidsaktiviteter, og sjølv om dei stort sett har levande musikk på restaurantene og pubene veg det vel ikkje opp for at tida kan gå litt seint, iallfall om ein ikkje likar å gå på pub i det heile tatt:)

Heldigvis har han hatt ein fast aktivitet kvar måndag. Då har han vore på Skill.

 

I Brasil lærer ikkje elevar på skulen noko særleg engelsk, så fleire tar seg eit kveldskurs. Det skjer på Skill. Her har «Gji» fått seg nokre god vener, samt han har fått hjelpe til i engelskundervisninga. Vi fekk vere med, og det var hyggjeleg. Elevane diska opp med ein tradisjonell brasiliansk dessert til oss, Brigadeiros. Det er sjokoladeboller ein lager til kvart eit selskap. Vi fekk óg smake ei peanøttkake, søtare enn søtast:)

Så om kvardagen har vore prega av mykje aktivitet i det » blå rommet» så har han, i tillegg til å bli kjend med kjekke folk, fått reist nokre flotte turar rundt i landet. Han har vore på busstur og cruise, og  han har fått med seg mykje av Brasil, både byar og  regnskogen i Amazonas. Eg kjenner meg litt avensjuk på han som faktisk har sove under open himmel i regnskogen.

Noko eksotisk opplevde vi på rusleturen:

Pause på stranda med iskaldt kokosvatn.

 


 

Kreativ installasjon?

På tampen av turen fekk vi eit par timar med sol og avslapping?

Her med ein skikkeleg dårleg selfie:)

Knutsen har meir energi.

Adeus e áte Brasil, Olá Noruega!

 

Share This