Velg en side


Vi tok fly frå Rio for å møte minstemann i Vitoria.
Vitória er hovedstaden og ein kommune i delstaten Espírito Santo i sørausttregionen av Brasil. Byen vart etablert i 1551, og er no ei viktig eksporthamn for gruveindustrien. Byen ligg vel to og ein halv frå Marataizes.Byen blir kalla for «lille Rio».

Utsikt frå hotellet, både «framme og bak.»

Strandområdet.


Her er fine, lange strender, og eg trur nok det er difor han vert kalla det.Temperaturen er og litt høgare her om vinteren.Byen har nok å tilby av både butikkar og spisestader. Kjøpesenteret, som er nokså nytt, er stort og flott og er ein av dei mest populære stadene.


 Foreldra var nok meir spente enn sonen på å møte kvarandre igjen etter at han har vore her i ti månader, og den som trur at vi hadde eit filmaktig møte, der vi gråt, klemte og hoppa på kvarandre,må tru om att.

Minsten er seg sjølv lik, og forstår ikkje oppstyret. Han har jo sett oss både på FaceTime og snakka med oss mange gonger.  Må vi henge saman heile tida? 
Han er i grunnen trøtt, og vil gjerne slappe av på rommet, utan foreldra hengande over seg. Forstå det den som kan? Slik er verda hans! 
Ein treng ikkje den fysiske kontakta. Det sosiale livet kan godt foregå på rommet så lenge ein har Internett, data og ein mikrofon. Den fysiske kontakta vi «godt vaksne» vil ha er ikkje viktig for ungdomane, dei tykkjer dei er godt sosiale utan det. Eg fekk no til slutt bamseklemmen.


Vi hadde uansett koselege dager saman. Vi rusla rundt, var på shopping og hadde god mat på restaurant. 


Deretter gjekk turen til byen han bur i, Marataizes. Vi vart henta av kontaktpersonen hans, Adriana. Ei koseleg dame som snakkar godt engelsk. Eg forstår godt at Gaute har hatt mykje kontakt med henne, alt er mykje enklare når ein kan forstå kvarandre. Ho fortalde litt om opplegget han har hatt her i Brasil. Ho var meir pratsom enn kva sonen vår er;)

Ein kan trygt seie at han har hatt eit annleis år her i Brasil. Det er ingenting som liknar på det norske samfunnet vi lev i. Vi høyrer mykje om korleis utvekslingsstudenter har det i andre land, til dømes USA, dette er noko heilt anna. Eg kan levande forestille meg korleis det fyrste møte med byen må ha vore. Åleine på ein framand stad utan å kommunisere med dei ein skal bu hos i eit år. Lukka for «Gji», som han vert kalla her i Brasil, var at vertssystera  kan snakke litt engelsk.
Knutsen seier det er bra at vi vitja staden,og at vi er her mest for oss sjølve, ellers hadde vi ikkje hatt noko aning om korleis livet i Marataizes var. «Gji»har berre fortalt bittelitt om livet sitt her. At byen er litt keisam, og det er lite å finne på.Han må stå tidleg opp,for skulen starter klokka sju og slutter tolv. Dei har ris og bønner til alle måltida, og at det stort sett er fint vêr. Og når vi har spurt om alt ellers er bra, har han alltid svara: det går fint og eg har det heilt greitt. Han er ingen type som er verken høgt oppe eller langt nede, heilt avmålt på alle måter. Eg må seie at eg er stolt av fyren, han er tilpasningsdyktig i aller høgaste grad. Han har syna oss at han klarer seg!

Gaute sin familie tok i mot oss med opne armer, og Norma, vertsmora, diska opp med ein fiskerett som er vanleg på desse kanter, Moquea capixaba. Godt var det. Norma er flink til å lage mat!

Lokal fisk, kokt i keramikkgryte.

Sjølv om språket gjer det vanskeleg å kommunisere med vertsmora, ho kan ikkje snakke engelsk , forstår og ser vi at ho og «Gji» har ei fin tone seg i mellom. Han har berre gode ord å seie om henne. Vertssystera, Loyanne, er og ei koseleg jente. Dei har tatt godt vare på han på alle måtar. Huset er lite, men koseleg. Vi får smake kokosvatn frå eigen hage. 


 

Huset og inngangspartiet med kjæledyra. 

Stova

 

Deler av kjøkken, her lages mykje god mat;)

Hagen, med kokospalme 

Utsikt frå terrassen.

Gaute sitt rom


Ein kan lett tenkje, når ein ser desse områda, at han har hatt det trasig iallfall sett med norske vestlandsauge. Og den som no trur at «Gji» har budd i slummen tar skammelig feil. Dette er bra, sett gjennom brasilianske auge. Her har ein alle fasiliteter. Dei er vel heller i middelklassa. Vi må berre forstå at fokuset her i Brasil er ikkje store fine hus, slik som i Noreg, dei er nøgde når ein har det ein treng. Menneska her er hyggelige og lett å få kontakt med, og stemninga er god.

«Gji» sa det fint sjølv: 
Det er ikkje omgivnadane som er det viktigaste, men menneska !


 

 Det er godt sagt, og han er nøgd med menneska, sjølv om han tykkjer at byen er litt keisam av og til. Han har uansett hatt eit år der han har lært seg eit nytt  språk og blitt kjend med ein ny kultur som heilt sikkert vil forme han i tida etterpå.
Marataizes er ein nokså sikker by i forhold til mange andre stader. Det er viktig for dei som sender studentar hit og fortelje oss det. Her treng en ikkje vere engstelig når en vandrer i gatene. Eg tykkjer berre det er litt skummelt med alle laushundane. Dei er det mange av, og sjølv om dei verkar fredsamme, held eg Knutsen ekstra godt i armen når vi rusler avgarde. 🙂

Muito bom;)

Share This