Velg en side

Det er mange stader ein berre må få med seg når ein er i Rio:



På vår oppdagingsferd i Rio har vi vore så heldig å oppleva ulike områder i byen. At Knutsen har vore på jobb, gjer at vi får oppleve byen gjennom menneske som bur her, og det er eit ekstra «pluss».
Overalt er det gode restauranter og fin stemning. Vi hadde ein lunsjavtale i eit område som heiter Urca. Det er rett nedanfor Sukkertoppen.

Her er det ei koseleg strand som stort sett blei nytta av dei lokale. Dette boligområdet hadde mange koselege hus. Vi tok ein rusletur her, og enda opp i marinaen.Flott utsikt opp til Kristusstatua. 

Her i marinaen var vi og åt ein annan kveld. «Cariocarane» er glade i kjøt, og vi vart anbefalt denne restauranten:


Fogo de Chao.

Stor plass, med plass til over 400 gjester, god mat og koseleg stemning. Dette må vere himmel for menneske som elskar kjøt. Prinsippet er nemleg følgjande: Fyrst kan ein plukke så mange forretter ein berre ynskjer seg, så kan eit setje seg ned ved bordet og gjere seg klar til det store «etegilde». På bordet ligg eit kort med ei raud nei-side og ei grøn ja-side. Ligg kortet på ja kjem det kelner på kelner med ulik type kjøt. Biff, steak, pølser, entrecôte og så vidare.


Det bugner over av kjøtsorter å velje mellom, og ein kan ete så lenge ein ønskjer. Magen blir mett lenge før auga. Heilt utruleg å vere med på . Det mest spanande eg smaka den dagen var grilla kyllinghjarte.

 

Siste dag før vi skulle fyke til Vitoria klarna vêret og vi var «speedturistar». Fyrst taubana opp til Sukkertoppen. Sukkertoppen er eit fjell på 396 meter. Den fyrste kabelbana vart laga her i 1912. 


Her fekk vi meir spaning enn kva eg ønska meg. Taubana humpa og dinga fram og tilbake, og stoppa midt mellom fjella. Så hang vi der då ,høgt oppe i ei lita halvtime, før det vart ordna. Kjende det litt i magen då, eg er i grunnen ikkje så glad i  høgder.

Vi vart etterkvart fira attende til startpunktet, og måtte ut av vogna medan dei prøvde å fikse ho. Då var det fleire som ikkje ville med. Eg trossa nervene og prøvde på ny, opp ville eg. Knutsen trøysta meg med at vogna kom ikkje til å dette ned. Her er flott utsikt til alle kanter.

Etter Sukkertoppen kasta vi oss i ein taxi, no måtte vi opp til Kristusstatua . Ho ligg på toppen midt i nasjonalparken, Tijuca, som deler Rio mellom nord og sør. Statua er 30 meter høg og ligg på fjelltoppen Corcovado. Statua vart satt opp i 1931 og er 39,6meter høg. Symbolet for statua er at Kristus held sine armar beskyttande over Rio. 


Nasjonalparken vart oppretta i 1961 for å bevara den atlantiske regnskogen. Han er verda sin styrste byskog.


På vegen køyrer vi forbi nokre favelaer. Dette er okkuperte landområde der innbyggjarar bygger boliger uten å formelt eige tomtene dei bygg på. Det er ein del slum, og ingen vil anbefale oss å vitje desse områda. Det er over tusen slike områder spreidd rundt i Rio. Det har vore ein del bråk mellom politiet og «mafiagjenger» som tek kontroll over slike område. Det er ikkje berre dei aller fattigaste som bur her, men og ein del av middelklassen sidan boligprisene i byen er ganske høge. Desse favelaene ligg oftast på fine område med god utsikt. Eg er fascinert over fargene og brakkehusa.


No er tida i Rio over, og eg gler meg til å møte » minstemann» i området der han bur;)

 

Share This