Velg en side

Litt spenning må ein ha når ein er i ein millionby langt heimefrå. 

For å sjå, nytte noko av det Rio har å tilby av liggjestader, valde vi å bytte hotell. Ut av det eine, pakka og klar trudde vi, inn i taxi på veg til det neste. Enkelt, tenkjer du. Når vi skal sjekke inn på det nye hotellet finn vi ut at passa har vi ikkje? Tenk, vi hadde klart det kunststykke å gløyme dei i safen på det fyrste hotellet! Og Knutsen som alltid plar ha stålkontroll! Knutsen ut att, ny taxi og ny tur. Her sat no eg og vart godt tatt vare på. Det ordner seg for kjekke folk;)

Ved Ipanemastranda og området rundt er det koseleg og roleg stemning. Vi vitja ein hippiemarknad, og fekk kjøpt heimelaga kunst frå staden.

Mykje god juice å kjøpe;)

Telefonkiosk, han var utstilla på museet og;)

Ein får ikkje kjensla av at dette er ein millionby. Det kjenner eg fyrst på når eg blir med Knutsen på jobb. Vi tar taxi «down town». Taxien tek vel 40 minutt, og vi er framleis i byen! Dette området er mykje travlegare. Her er det mykje trafikk og uhorveleg mengder med menneske. Her er både business i høghus og gamle staslege bygningar.

i følgje dei som bur her, har denne baren eksistert»alltid.» Her kan ein få eit spesielt godt øl. Sidan eg ikkje er så glad i øl ,vandra eg berre vidare.

 Medan Knutsen jobbar, får eg oppleve byen . Eg vitjar kunstmuseet , ser teaterbygninga og biblioteket. Eg blir våt som ei kråke, for det er noko så unaturleg som regn og vind i Rio. Knutsen meiner vi er heldig som får oppleva noko så sjeldent;)

Her er det mykje å sjå. Diverre blir det lite bilete herfra.Når dei lokale seier at ein ikkje bør vifte med telefon og kamera så gjer ein ikkje det.

Om ettermiddagen møter eg Knutsen, og vi vandrer mot eit litt rusete nabolag, Lapa. Eg veit det skal vere ei flott trapp her, og ho er eg hekta på.

Stakkars Knutsen, han veit at her må han ellers får ikkje kona «fred i sjela». Vi leiter ei stund og mørkret sig på. Eg veit at om det blir heilt mørkt må vi gi opp. «Lucky me» vi fant ho før det «darkna».

Dette er ei stor kyrkje. Forma er noko spesiell.

  
Lapa

 

Street art finner ein nesten overalt her i byen.

Selaróns trapp er ei mosaikktrapp laga av kunstnaren med same namn. Her har han nytta fliser frå heile verda.
Selarón vart født i Chile, men flytta til Rio i 1983 etter eit liv på farten. I 1990 bestemte han seg for å dekorere den stygge trappa utanfor huset sitt. Ved å bruke utrangerte stykker med keramiske fliser gjorde han alle dei 250 trinna om til eit stort mosaikk kunstverk. Medan han arbeida med dette, vart kunsten hans stadig meir populær og oppnådde etter kvart berømming over heile verda. Han har blant anna vore i musikkvideoer til stjerner som Snoop Dogg. Til den dagen han døydde, i 2013,arbeida  Selarón stadig vekk på trappa, iført sin velkjende raude hatt.

Storm ved Ipanemastranda

 

Share This